Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”André Bjerke og sproget". Hamar Dagblad, 13.12.2012, s. 2. [>pdf av denne artikkelen]
Kommentar til Per Johansen: "Nynorskkafé" i Hamar Arbeiderblad, 08.12.2012, s. 38 [>pdf]

André Bjerke og sproget

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
______________________________________

Per Johansen siterte i HA 8.12. eit dikt av André Bjerke. Det same diktet har Johansen og andre fleire gonger referert til i debatten mot nynorsk.

André Bjerke sitt «språkdikt» fortener kanskje å bli sett i ein språkhistorisk og –politisk samanheng. Det kan hende at Johansen og andre ikkje heilt er klar over kva som var utgangspunktet for dette diktet.

Diktet startar med «Så var denne striden slutt. Det norske riksmål ble forbudt» og avsluttar med «Det rekker med en enkelt mann når han er Arnulf Øverland». André Bjerke var medlem av Riksmålsforbundet der Øverland var formann frå 1947-1956. Riksmålsforbundet blei stifta i 1907 av Bjørnstjerne Bjørnson i ei tid der nokon var redd for at landsmål (nynorsk) skulle bli einaste skriftspråk i Noreg.

Etter andre verdskrig var det på mange måtar eit behov for å skape orden igjen. Noko som mange meinte hadde skapt «kaos», var 1938-normalen, dvs. rettskrivingsreforma som blei vedteken like før krigen. Heilt frå ein vedtok sidestillinga av dei to skriftspråka våre i 1885 – og offisielt etter 1917 – var det eit mål at dei to skriftspråka etter kvart skulle smelte saman til eitt, populært kalla «samnorsk» (ein term brukt av Arne Garborg i 1877 og seinare av Moltke Moe i 1909). 1938-reforma for bokmål og nynorsk var den rettskrivingsreforma som hadde gått lengst i tilnærminga mellom dei to skriftspråka. Dette var tungt å svelgje for mange konservative.

I 1951 fekk ein så Foreldreaksjonen mot samnorsk, og i 1952 braut Arnulf Øverland ut av Den Norske Forfatterforening (DNF) og var med og stifta Forfatterforeningen av 1952 i protest mot at DNF blei representert i Norsk språknemnd, som blei oppretta i 1952, og som hadde som oppgåve å arbeide for ei tilnærming mellom skriftspråka. Øverland gav også ut ei eiga ordliste i protest mot den siste bokmålsreforma. Den konservative pressa følgde Øverland si liste. Norsk språknemnd arbeidde i mellomtida med ei ny rettskrivingsreform (1959-normalen). I praksis hadde ein då tre skriftspråk: bokmål, nynorsk og riksmål. Men det gamle dansk-norske riksmålet var altså i prinsippet «forbode» som offisiell målform.

Natvig-Pedersen, som er nemnd i diktet til Bjerke, var i 1949 formann i Den nye språknemnda som var utgangspunktet for Norsk språknemnd, der han var medlem frå 1952-1962. Natvig-Pedersen var også stortingspresident. Halvdan Koht på si side var den som utforma språkpolitikken for Arbeiderpartiet. Frå 1916-1926 var han nestformann i den første samnorskrørsla med det velklingande namnet «Østlandsk reisning», mens han frå 1921-1925 var formann i Noregs Mållag. Koht var ein svært engasjert mann og skreiv ifølgje Wikipedia 43000 sider tekst mellom 1891 og 1965, og han skreiv på bokmål, nynorsk, tysk, fransk og engelsk.

Koht ville lage eit skriftspråk basert på folkemålet og var derfor imot riksmål, som var for mykje basert på dansk. Det er klart at Koht ikkje var ein mann som riksmålsrørsla lika noko særleg godt. Dei såg jo at Koht frå 1917 pressa dansk-norsken meir og meir i retning av norsk folkemål. Riksmålsrørsla hadde ikkje nødvendigvis noko imot nynorsken, men dei ville ha det gamle dansk-norske språket mest mogleg uendra, og rettskrivingsreformene for riksmål/bokmål etter 1917 førde til stor harme blant enkelte. Knut Hamsun skreiv t.d. i 1918: «Sproget i fare», og det blei altså nye aksjonar på 50-talet. I 1964 blei det sett ned ein komité (Vogt-komiteen) som skulle revurdere språkpolitikken i Noreg og skape språkleg fred. Norsk språknemnd blei lagd ned, og i 1972 fekk ein Norsk språkråd, som ikkje lenger hadde samnorsk som eit eksplisitt mål på kort sikt i alle fall, og tilnærmingspolitikken blei forlaten etter 1981. Det nye Språkrådet, som vi fekk i 2005, ser på bokmål og nynorsk som sjølvstendige skriftspråk med sjølvstendige normeringar, men ein ser elles norsk under eitt i eit globalt perspektiv, der først og fremst engelsk kan vere ein potensiell trussel for norsk som språk.

Ein kan godt seie at Arnulf Øverland klarte å snu ein straum. Han la i praksis grunnlaget for at samnorskpolitikken stranda og at vi likevel enda opp med to skriftspråk i staden for eitt. Det er litt interessant at fleire av dei som roper høgast i dag om at dei er imot tospråksituasjonen, og at dei ikkje likar nynorsk fordi dei meiner dei ikkje finn igjen dei austnorske talemåla i nynorsken, heidrar Øverland og Bjerke og eventuelt mislikar Koht – i den grad dei veit eller hugsar kven han var. Halvdan Koht var jo den som ville ha gjeve oss eitt skriftspråk, og det var jo nettopp Koht og «Østlandsk reisning» som arbeidde for at dei austlandske talemåla skulle bli meir synlege i begge skriftspråka, noko som resulterte i 1938-normalen, og som kunne ha leia fram til eitt felles skriftspråk. Men det gjekk ikkje så glatt, det gjekk ikkje så lett. Mange arrige stemmar snerra: Nei. Resten er historie.