Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Juleshopping - hands on". Hamar Dagblad, 06.12.2012, s. 17. [>pdf av denne artikkelen]

Juleshopping - hands on

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
______________________________________

No i samband med juleshoppinga fekk eg spørsmål om korfor ein eigentleg seier at ein skal ut og «handle» når det er snakk om å kjøpe noko. Det finst jo dei som har slutta heilt å «handle»; det er «shopping» det handlar om for dei. Men det har vel mest å gjere med at alt er så mykje meir spennande på det nye sidemålet vårt, engelsk.

Nei, det er då vel mykje betre med «julehandel» enn med «juleshopping»? Vi vil jo helst snakke norsk når vi skal kjøpe noko her i Noreg? Men så kan det jo hende at den eldre generasjonen ein gong i tida syntest at «handle» var eit like framandt ord som «shoppe» er for mange i dag. Hamar var «kaupstaðr» i gamle dagar og ikkje nokon «handelsstad». Ordet «kaupe» med monoftongering à la «graut» til «grøt» og etterfølgjande palatalisering av «k» til «kj» blei til «kjøpe», og ein skulle tru at ein ville klare seg lenge med «kjøpe», «kjøp» og «kjøpstad», men så byrja ein i tillegg å bruke orda «handle», «handel» og «handelsstad». Som så mange andre ord er også desse frå nedertysk og kom i bruk gjennom kontakten med hansafolka. No kunne jo tyskarane også bruke ordet «kaufen», som jo har same opphav som «kaupa» og «kjøpe», men så oppstod det kanskje etter kvart eit behov for å skilje mellom å berre kjøpe og å handle.

No er jo både norsk, tysk og engelsk germanske språk. Desse språka har dermed frå før veldig mykje felles. Men det interessante er at både gammalnorsk og gammal(høg)tysk (og engelsk) hadde ordet «handla» og «hantalon», som sjølvsagt er avleidde av substantivet «hand», og som tydde å ta noko i handa eller gripe etter noko, dvs. det same som «handsame», jf. engelske «handle». Engelsk har elles også substantivet «handle», som er eit handtak.

Ut ifrå dette perspektivet kan ein tenkje seg eit fokus på det ein faktisk gjer før ein eventuelt bestemmer seg for å kjøpe noko. Dei fleste som fer på nærbutikken for å handle, har kanskje skrive ei handleliste og veit kva dei skal kjøpe. Men når yngre folk seier at dei skal ut og shoppe, er det ein god del som legg vel så mykje vekt på å berre sjå kva som finst av potensielle «kjøpsobjekt» der ute på dei evige shoppingmarker. Når ein er ute og shoppar, treng ein ikkje nødvendigvis å kjøpe noko. Det kan godt hende at det var slik ein byrja å ta i bruk ordet «handle»; ein fór på marknaden for å undersøkje varene med hendene, og ein kjøpte berre dersom ein fann noko ein var nøgd med.

I tysk utvikla innhaldet i ordet «handle» («hantalon»/»handeln») seg etter kvart frå å tyde «å ta på noko med handa» til å tyde «å gjere noko», «å utrette noko». Den «moderne» tydinga knytt til handel oppstod faktisk ikkje før på 1400-talet, dvs. midt i hansatida. «Å drive handel» tydde også å forhandle om prisen (ca. 1500-/1600-talet). Med Luther byrja det elles også å bli vanleg å bruke ordet «handle» i samanhengar som »å handle om», t.d. ei vitskapleg avhandling. Enda eitt tydings- og bruksområde blei «handling», som er noko ein gjer, og som i neste omgang kan føre til (retts-)forhandlingar, der ein ikkje set fast prisen på ei vare, men forhandlar om skyld og uskyld og straffeutmåling.

Det gamle ordet, som i utgangspunktet berre tydde å ta på noko med handa, har altså utvikla seg og funne sin plass i tysk og så etter kvart i norsk. Engelskmennene fekk i tillegg «treat» via fransk frå latin «tractare». Dette ordet finn vi igjen i framandordet «traktat.»

Dei som shoppar», er sjølvsagt på besøk i marknadsbuene, jf. gammalnorsk «búð» og engelsk «booth» eller tysk «Bude». Ordet «shop» er i slekt med norsk «skap» eller tysk «Schuppen». Det tyske «Schuppen» er berre eit skur eller uthus, og langt ifrå så fancy som ein engelsk «shop». Men så er det ikkje så usannsynleg at det engelske «shop» eigentleg også kjem frå gammalfransk, nemleg «eschoppe», som i sin tur blei laga til eit lånord frå germansk. Det var mykje handel på tvers av stammane og landa også før nokon tenkte EU og EØS – og ein «handla» også ord hos naboane.  Ordhistoria burde i alle fall vise at vi alle er skapshopparar på eit vis.