Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Om vinsglas, fuging og morfoligi". Hamar Dagblad, 22.11.2012, s. 16. [>pdf av denne artikkelen]

Om vinsglas, fuging og morfologi

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
______________________________________

Her om dagen lurte ein student på korfor det ikkje heitte «vinsglas» når det då som regel heiter «raudvinsglas» eller «kvitvinsglas» med s. Det høyrest unekteleg ikkje greitt ut med «vinsglas», men korfor er det då greitt med «raudvinsglas»?

Ordanalyse høyrer til fagfeltet «morfologi», som tyder formlære. Sjølve termen «morfologi» er også brukt i biologien og geologien, men i språkvitskapen blir den brukt om ordlæra, dvs. læra om korleis ord er bygde opp av mindre einingar og eventuelt går saman til større einingar.

I den språkvitskaplege morfologien ser ein på ordformer, som ein så deler opp i såkalla «morfem», som er dei minste tydingsberande orddelane. Ordet «orddelane» består t.d. av ord + del + ane, som er to røter med kvar si tyding som går saman til ein ordstamme, som så kan bøyast ved hjelp av eit bøyingsmorfem, som i dette tilfellet er –ane for bestemt form fleirtal.

Ein skil mellom såkalla leksikalske morfem og grammatiske morfem. Dei leksikalske morfema har ei meir eller mindre konkret tyding, slik som i «ord» eller «del», mens dei grammatiske morfema har ein grammatisk funksjon der tydinga er knytt til den grammatiske rolla og ikkje nødvendigvis til noko utanfor sjølve morfemet. Endinga –ane «tyder» eller markerer t.d. bestemt form fleirtal. Det same gjer også –ene eller –a, avhengig av kva for ein ordklasse ein skal markere bestemt fleirtal på. Vi har også fleire grammatiske morfem som kan markere fortid (preteritum) på verbformer, t.d. –a i «kasta» eller også –et i «kastet» (bokmål), eller –te i «spiste» eller –dde i «rodde». Alle desse endingane har den same grammatiske funksjonen og høyrer dermed til det same grammatiske morfemet.

S-en i «raudvinsglas» har ein grammatisk – eller ofte berre ein fonetisk – funksjon og ikkje ei eiga, konkret tyding. Funksjonen er å binde saman orddelar. I tillegg til s kan ein også finne e som såkalla bindelyd eller bindebokstav. Denne bindinga mellom orddelar blir også kalla for ei «fuge», og ein kan også snakke om fugebokstav eller infiks, som tyder at lyden eller bokstaven står mellom noko (i motsetnad til prefiks og suffiks, som er stavingar/morfem som står framfor eller bak ein orddel). I nokre tilfelle kan s-en eller e-en vere restar etter ei gammal kasusending (genitiv), men dette er ikkje alltid så lett å ta stilling til frå eit synkront (notidig/samtidig) perspektiv.

Reglane for bruken av s eller e som bindebokstav er ikkje alltid like klare, og nokre gonger kan ein også ha veksling mellom former med og utan bindebokstav. Ein kan t.d. finne både «raudvinglas» («rødvinglass») og «kvitvinglas» («hvitvinglass»), dvs. utan s, når ein søkjer på nettet. Men dei fleste bruker ordformene med s.

Kva annan nyttig funksjon kan den litle s-en så ha når ein ser bort frå at det i visse tilfelle blir lettare å uttale visse samansette ordformer? Det som er spesielt med ord som «raudvinglas» og «kvitvinglas», er at ikkje berre er samansette ord; dei er samansette i to omgangar. Det er ikkje berre to røter som har gått saman til ein ny ordstamme; det er tre røter som har danna eit nytt ord. Men det er eit visst system i dette, og det er ei viss rekkjefølgje. Det er ikkje slik at tre ordrøter «finn kvarandre» og lagar ei ny ordform. Det er først to røter som går saman, og så koplar dei seg eventuelt saman med ei ny rot osv. Når det gjeld «raudvinsglas», er det ikkje slik at ein har «vin» + «glas», som blir til «vinglas», og så finn ein ut at ein t.d. kunne skilje mellom raude og kvite vinglas. Poenget er at ein har «raud» + «vin», som blir til «raudvin» og så skal ein ha det heile over i eit dertil eigna glas. Dei ulike glasa er då til anten raudvin eller kvitvin – i den grad ein bryr seg om slikt. Når ein så har ei lita fuge mellom den eine allereie samansette orddelen og den siste orddelen, blir det klart at «raudvin» eller eventuelt «kvitvin» skal tolkast som ei samansetjing inne i det nye samansette ordet.

Enda klarare blir dette med ord som «klasserom» vs. klasseromsforsking» (eit ord som eg faktisk alltid får raudstrek under i tekstbehandlingsprogrammet mitt). Romforsking er forsking ein gjere ute i rommet, dvs. verdsrommet, mens klasseromsforsking er noko ein gjer i eller på eit klasserom. Den litle s-en kan altså gjere ein stor forskjell i tolkinga av slike ord og dermed vere ei god hjelp. Du får tenkje litt på dette neste gong du har teke eit glas for mykje. Viss verda ikkje heng saman etterpå, treng ho kanskje å fugast på nytt. Prøv med eit vassglas da.