Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Syntaks er kult!". Hamar Dagblad, 15.11.2012, s. 14. [>pdf av denne artikkelen]
Sentingsanalysesongen - Syntaks er kult! på YouTube: [musikk/video]

Syntaks er kult!

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
______________________________________

Syntaks er læra om setningsoppbygging, dvs. korleis dei enkelte orda går saman til frasar og ledd og til slutt dannar setningar. Studentane mine synest gjerne at setningslæra er den vanskelegaste delen av grammatikkpensumet. Delvis kan det likne litt på matematikk og logikk, men eigentleg er det mest som eit puslespel der ein prøver å finne ut kva for bitar som høyrer saman og kan stå for seg sjølve, mens andre bitar må vere ein del av ein kortare eller lengre sekvens med andre puslebitar.

Norsk er i grunnen eit veldig greitt språk å analysere, sidan norsk har eit relativt fast mønster for korleis setningsledda kan koplast saman med eller etter kvarandre. Setningsstrukturen kan setjast opp i eit – eller eventuelt to – skjema som ein kallar for feltskjema.

I ei vanleg heilsetning kan det komme eitt eller anna meir eller mindre tilfeldig setningsledd først, og den første plassen kallar ein for «forfelt».  Men så må det bøygde verbet eller finitte verbalet komme og opne «midtfeltet». I norsk skal verbet komme på andre plass, noko ein også kallar for V2-regelen. Den plassen kan ein symbolisere med ein liten v. Deretter kjem subjektet dersom det ikkje står i forfeltet. Plassen til subjektet symboliserer ein med liten n for nominal. Dersom ein har ord som «ikkje», «aldri» o.l., har ein setningsadverbial i setninga, og dei får bokstaven a. Midtfeltet kan innehalde eit bøygt verb, eit subjekt og opp til fleire setningsadverbial. Men så kan «sluttfeltet» starte med eitt eller fleire ubøygde eller infinitte verb, dvs. partisippformer eller infinitiv. Dei vil stå under eit felt med stor V. Så kan det komme eitt eller fleire objekt, eller eventuelt predikativ, som så vil stå under stor N, og i tillegg kan det komme fleire adverbial, som typisk handlar om tid, stad, måte eller liknande omstende. Dei vil stå under stor A. Dermed får ein eit setningsskjema for heilsetningar med dei potensielle felta og plassane: forfelt, midtfelt (v n a) og sluttfelt (V N A). Ei setning med ord i alle felt kunne t.d. vere: «Derfor vil setningslære alltid vere kult for studentane.»

Det er som sagt ein del studentar som synest at dette verkar litt kryptisk eller vanskeleg. Derfor sette eg meg ned ein dag og skreiv eit dikt om setningslære, som eg så laga om til ein song, som eg spela inn og la ut på YouTube. På dei første tre dagane har denne songen allereie hatt nærmare fire hundre treff, og ein kan seie at han har blitt ein liten hit. Det vanskelege faget syntaks har blitt kult næremast over natta!

Har du lyst til å lære litt meir om setningslære, eller vil du berre høyre korleis ein kan undervise i syntaks via YouTube, er det berre å søkje opp setningsanalysesongen «Syntaks er kult», og så er du i gang. Kanskje blir du også éin av dei mange som no går rundt og syng «Syntaks, det er kult!»

Sentingsanalysesongen - Syntaks er kult! på YouTube: [musikk/video]