Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Passive agentar". Hamar Dagblad, 01.11.2012, s. 14. [>pdf av denne artikkelen]

Passive agentar

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
______________________________________

Tenkjer du på ein seljar, som ikkje gjer jobben sin, eller kanskje ein spion når du les overskrifta? Tja, eg prøver jo for så vidt å «selje inn» litt grammatikk til lekfolk. Men i den grad denne teksten handlar om spionar og etterretning, måtte det vere fordi eg prøver å avdekkje skjulte grammatiske reglar som folk flest kanskje ikkje har tenkt så mykje over.

Du har sikkert høyrt om setningar som står i aktiv eller passiv. Ein kan t.d. seie: «Agenten observerer seljaren», og ein kan seie: «Seljaren blir observert av agenten». Den første setninga er ei såkalla aktivsetning. «Agenten», som her er grammatisk subjekt, utfører ei handling, han handlar aktivt eller agerer. «Seljaren», som her er grammatisk objekt, gjer ikkje noko aktivt i forhold til agenten. Han blir berre observert, men han er ikkje passiv i grammatisk forstand. Det er den andre setninga som er ei passivsetning.

I semantikken, tydingslæra, snakkar ein ikkje om syntaktisk aktiv og passiv. Ein snakkar i staden om semantiske roller. Agenten får den semantiske rolla «agens», som tyder at han er den aktive parten i forhold til verbhandlinga. Seljaren på si side får den semantiske rolla «patiens», som tyder at han blir påverka av verbhandlinga, jf. «pasient». Ein reknar med at det er verbet som deler ut desse semantiske rollene. Dersom vi har tenkt å bruke verbet «observere», veit vi allereie at det er nokon som observerer, og noko eller nokon som blir observert. Det har med tydinga å gjere. Men i neste omgang må ein jo fordele desse rollene på ulike setningsledd i ei konkret setning. Det er først då vi byrjar å snakke om subjekt og objekt og aktiv og passiv.

I setninga «Agenten observer seljaren» har «agenten» den semantiske rolla agens og den grammatiske eller syntaktiske funksjonen subjekt. I den same setninga har «seljaren» den semantiske rolla patiens og den syntaktiske funksjonen objekt.
Når ein så ser på passivsetninga, kan ein observere eit interessant fenomen. I «Seljaren blir observert av agenten» har «seljaren» framleis den semantiske rolla patiens. Det er framleis han som blir påverka verbalhandlinga «observere». Men den syntaktiske funksjonen har skifta til subjekt. «Agenten» på si side har fått ei heilt underordna rolle i passivsetninga. Han har blitt ein del av eit adverbial, godt innpakka i ein preposisjonsfrase, også kalla «agensfrase». Men denne frasen eller setningsdelen kan faktisk utelatast heilt ifrå passivsetninga, t.d. når ein ikkje veit kven som observerer seljaren, eller om ein rett og slett ikkje ønskjer å fortelje om det. «Seljaren blir observert» er ei grammatisk korrekt og fullstendig setning.

Sjølvsagt visste du alt dette frå før. Men så er det mange som trur at ein har eit slikt forhold mellom alle setningar ein kan lage. Problemet er berre at ein sjølvsagt også kan uttrykkje andre tydingsforhold, og at ikkje alle setningar handlar om at nokon handlar på noko vis. «Observere» er eit handlingsverb, og då kan ein bruke verbet i ein tilsvarande passivkonstruksjon.

Dersom ein derimot har ei setning «Ein agent snublar i trappa», bruker ein eit hendingsverb. Ei hending er noko som skjer, men utan at det nødvendigvis står nokon eller noko konkret bak. I dette tilfellet er det ikkje slik at agenten snublar aktivt og med vilje; hendinga går jo faktisk ut over agenten. Når ein ikkje har noka semantisk rolle agens, kan ein ikkje lage ei passivsetning. Derfor kan ein ikkje seie: «Det blir snubla ein agent i trappa» eller «Det blir snubla i trappa av ein agent». Setningane er ugrammatiske, og grunnen er at verbet «snuble» ikkje deler ut ei agensrolle, som er føresetnaden for å kunne lage ei tilsvarande passivsetning.

Vi har ein tredje type verb, som vi kallar tilstandsverb. I setninga «Agenten er sint» er agenten i ein viss tilstand uttrykt gjennom verbet «vere» og eit adjektiv som får den syntaktiske funksjonen «subjektspredikativ». Adjektivet predikerer eller seier noko om subjektet. Sidan det heller ikkje i denne setninga finst nokon som handlar, kan ein heller ikkje no lage noka passivsetning. Ein kan ikkje lage ei setning: «Det blir sint av agenten» eller berre «Det blir sint».

Eg håpar ikkje du blei sint over at du ikkje fekk noka historie om passive seljarar eller skumle agentar. Men du blei kanskje kjend med nokre spennande agentar for det. Kanskje oppdaga du at setningslære kan vere spennande, og at ord ikkje berre er ord. Ein kan vere passiv tilskodar til grammatikk, eller ein kan interessere seg aktivt for grammatikk. Gå ut i språkverda og bli ein aktiv språkagent!