Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Kva er eigentleg det førebelse subjektet?". Hamar Dagblad, 18.10.2012, s. 17. [>pdf av denne artikkelen]

Kva er eigentleg det førebelse subjektet?

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
______________________________________

Førre gong eg skreiv om setningsgrammatikk, skreiv eg om formelle subjekt i samband med såkalla «vêrverb», t.d. «det regnar» eller «det snør», der «det» spelar rolla som subjekt fordi verba i seg sjølve vanlegvis ikkje står saman med substantiv som subjekt. Kven eller kva skulle det i så fall vere som regna eller snødde? I gammalnorsk var det då rett og slett ein tom plass i setninga. Det var nok å seie «regnar» eller «snør», mens setningsgrammatikken i mellomnorsk byrja å «krevje» eit subjekt, og ordet «det» (eller eventuelt «der» eller «han») starta å fungere som eit formelt subjekt.
Dei fleste vil kanskje hugse frå skoletida at det også var noko som heitte «førebels» (bokmål: foreløpig) og «eigentleg» subjekt. Det såkalla førebelse subjektet er framleis det formelle subjektet, dvs. ordet «det». Men til forskjell frå setningar med vêrverb som «regne» og «snø» vil «det» som førebels subjekt stå i setningar der det også finst eit substantiv som ein intuitivt vil oppfatte som den «eigentlege» subjektskandidaten. Dette fenomenet har ein i setningstypar som vi gjerne kallar for «presenteringskonstruksjonar», t.d. «Det var ein gong ei prinsesse».

Som oftast er subjektet det vi snakkar om («tema»), og det vil derfor som oftast stå fremst i setninga. Men når ein t.d. skal starte ei ny forteljing, vil ein ofte måtte introdusere eller presentere dei ulike personane eller karakterane ein har tenkt å fortelje om. For å finne fram til subjektet vil mange spørje kven eller kva handlar setninga om. Denne setninga handlar om ei prinsesse, men prinsessa er faktisk ikkje subjekt i denne setninga. Setninga har eit formelt subjekt «det», og det gjer «prinsessa» til objekt og ikkje subjekt.

I setninga «Det står ein elg i hagen» har ein akkurat det same fenomenet. Det er sjølvsagt elgen som står, og setninga handlar om elgen, men det er «det» som er subjektet. I eldre grammatiske framstillingar vil ein gjerne kunne lese at «det» er det førebelse subjektet, mens substantivet er det «eigentlege» subjektet. Dette er ei samanblanding av syntaktiske, altså grammatiske kriterium, og semantiske kriterium, dvs. det som har med tyding å gjere. Som eg nemnde førre gong eg skreiv om subjektet, bryr ikkje syntaksen seg om kva dei enkelte ord tyder. Norske heilsetningar skal ha eit subjekt; det er eit syntaktisk krav. Ei setning kan derimot berre ha eitt subjekt og ikkje to. Dette inneber at ein faktisk ikkje kan ha eit førebels subjekt og eit eigentleg subjekt. Når det står eit passande ord på subjektsplassen, er subjektskravet oppfylt og alle andre ord eller ledd må ha ein annan funksjon enn subjekt.

Det som er interessant med konstruksjonar som «Det står ein elg i hagen», er at det formelle subjektet «det» faktisk forsvinn når ein bruker «elg» som subjekt. Dette kan ein gjere ved å flytte «elg» opp i setningsstrukturen, t.d. «Ein elg står i hagen». Her er «ein elg» subjekt, og dermed har ein ikkje behov for noko formelt subjekt. No vil du kanskje innvende: «Men ein kan jo også seie «Ein elg står det i hagen», og det stemmer. Men då har ein berre flytta fram objektet «ein elg», mens subjektet «det» er det same som før. Gjer ein derimot «ein elg» om til bestemt form», «elgen», er det ikkje lenger mogleg å ha eit formelt subjekt i det heile, då må ein faktisk seie «Elgen står i hagen». Ein kan verken seie «Det står elgen i hagen» eller «Elgen står det i hagen». Dette kan verke som eit veldig merkeleg fenomen, men det er ikkje så merkeleg når ein tenkjer på kva vi kallar konstruksjonen «Det står ein elg i hagen» for, nemleg «presenteringskonstruksjon». Presenteringskonstruksjonar har som funksjon å introdusere eller presentere nye (ukjende) referentar i teksten, t.d. ein eller annan elg. Slike nye eller ukjende referentar vil måtte stå i ubestemt form. Ein referent i bestemt form, t.d. «elgen» må nødvendigvis vere kjend på noko vis, og då ville det jo ikkje vere noko poeng i å presentere han som om han var ukjend.

No er du kanskje førebels forvirra, men eigentleg er dette ganske logisk.