Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Ikkje vere så formell, da". Hamar Dagblad, 04.10.2012, s. 17. [>pdf av denne artikkelen]

Ikkje ver så formell, da

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
______________________________________

Når nokon er formell, tyder det gjerne at vedkommande held seg til visse offisielle eller uskrivne reglar for korleis ein skal oppføre seg i ein bestemt situasjon. I grammatikken har vi noko vi kallar «formelt subjekt». Men kva er det eigentleg som er så formelt med dette subjektet?

I norsk har vi ein regel vi også kallar for «subjektskravet». Denne regelen seier at alle norske setningar skal ha eit subjekt, t.d. «Tore les avisa». Dei fleste som ikkje har studert grammatikk, vil bruke ei semantisk tilnærming når dei skal finne fram til ei setning. Det vil seie at dei vil bruke tyding som eit kriterium og t.d. spørje etter kven eller kva som gjer noko, eller kven eller kva setninga dreier seg om, t.d. «Kven les avisa?». Setninga dreier seg om og seier noko om Tore. Semantiske kriterium, altså kva noko faktisk tyder, fungerer ofte relativt bra, og det er gjerne ein grei strategi når ein skal undervise i grammatikk på lågare trinn.

Ein annan strategi er å lage setninga om til eit ja-/nei-spørsmål: «Les Tore avisa?». Denne strategien fører til at ein finn fram til den substantiv- eller eventuelt pronomenfrasen (Tore = han) som står direkte bak det finitte, altså bøygde, verbet. Mens den første strategien handlar om kva noko tyder, handlar den andre strategien om ord- eller leddstilling. Sjølv om ein skulle tru at det viktigaste i ei setning er kva ho faktisk tyder, bryr syntaksen, som er leddstillingsreglane, seg ikkje om innhaldet. «Den leande blykula flyg på lette venger» er dermed ei like grammatikalsk setning som «Den svarte kvitsvana les trafikkskilta baklengs». Setningane gjev ikkje mykje meining, men dei er korrekte med omsyn til ordstilling og funksjonar som subjekt og predikat.

Statistisk sett har dei fleste norske setningane subjektet på første plass. Dette kallar vi også for SVO eller subjekt – verbal – objekt. «Tore les avisa» er eit typisk døme på det. Men den offisielle eller formelle plassen til subjektet er ikkje framfor verbet; han er like bak det bøygde verbet. Dette ser ein ved ja-/nei-spørsmål: «Les Tore avisa?», eller når ein flyttar eit anna ledd framfor verbet: «Avisa les Tore kvar torsdag mens han et frukost». Det er sjølvsagt ikkje avisa som les Tore i den siste setninga. Det er framleis Tore som les avisa, men vi har flytta fram objektet for å leggje eit spesielt trykk på det.

Lagar ein ei setning «Les avisa kvar torsdag», skjønner ein med ein gong at det er noko som manglar. I utgangspunktet kunne ein tru at dette berre har med tyding å gjere. Avisa kan sjølvsagt ikkje lese. Hadde eg sagt: «Tore les kvar torsdag», hadde den same setninga fungert fint. Poenget er at subjektet manglar i den første setninga. Dette kan ein ikkje nødvendigvis sjå når ein berre har eitt verb. Men det blir tydeleg når ein utvidar verbforma, t.d.: «Tore har lese avisa kvar torsdag». Det substantivet som står direkte bak det infinitte verbet, altså «lese», er objektet i setninga. Fjernar eg «Tore», blir det klart at subjektet manglar: «_ har lese avisa kvar torsdag». Men subjektet manglar ikkje frå den første plassen. Det manglar frå plassen bak det finitte, bøygde, verbet. Eg kan flytte fram «avisa»: «Avisa har _ lese kvar torsdag», men setninga manglar framleis subjektet sitt og er dermed ugrammatikalsk. Den einaste måten å «redde» denne setninga på, er å gjere ho om til passiv. På den måten kan ein stryke det opphavlege subjektet og gjere objektet til subjekt: «Avisa blir lesen kvar torsdag» er ei grei setning, der «avisa» er subjekt», og der ein ikkje treng å spesifisere kven som eventuelt les avisa.

Det vi har sett så langt, er at ei setning – i tillegg til eit verb – treng eit subjekt. Men så finst det nokon verb som vanlegvis ikkje står saman med noko substantiv i det heile, t.d. såkalla «vêrverb» som «regne» og «snø». Sidan ei setning likevel skal ha eit subjekt for å oppfylle det formelle subjektskravet, bruker ein eit såkalla formelt subjekt. I norsk er det som regel ordet «det» (i nokre dialektar kan det vere «der» og «han», og i engelsk er det «it» og «there», mens ein i tysk har «es»). Vi seier altså «det regnar» og «der snør», og då er det ikkje slik at det er «det» som gjer at det regnar eller snør. Det er ikkje «det» som er opphavet til innhaldet i verbet. «Det» tyder ingen ting. Det har berre ein funksjon, ei rolle, og rolla er å «spele» subjekt.

Igjen kan vi finne ut at subjektet blir identifisert gjennom plasseringa og ikkje gjennom kva det eventuelt tyder. Ein kan seie «regnar det?», og ein ser at «det» kjem rett bak verbet. Enda meir tydeleg blir det når ein utvidar verbalet: «Har det regna?». Subjektet står mellom dei to verba i setninga, og det er nettopp der subjektet skal stå når alt det formelle er i orden. Nokon gonger må ein faktisk vere litt formell.