Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Språk og samfunn". Hamar Dagblad, 20.09.2012, s. 2. [>pdf av denne artikkelen]

Språk og samfunn

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
______________________________________

Temaet for Forskingsdagane 2012 er «Samfunn». Høgskolen i Hedmark tilbyd mange ulike studium, blant anna også eit årsstudium i norsk. Dette studiet er delt inn i fire emne som ein har prøvd å gje passande namn eller overskrifter. Dei to litterære emna har fått namna «Litteratur og sjanger» og «Litteratur og historie», mens dei to språklege emna har fått namna «Språk- og tekststrukturar» og «Språk og samfunn». Mens det første språklege emnet konsentrerer seg om strukturane i sjølve språket (på lyd-, ord- og setningsnivå) og i ulike typar tekstar, ser ein i det andre språklege emnet også på norsk frå eit samfunnsperspektiv.

På nettsidene til Forskingsdagane 2012 står det bl.a.: «Et samfunn er en gruppe individer som lever sammen og deler institusjoner, og som ofte har en felles kultur, felles tradisjoner og interesser. Vi snakker ofte om det norske samfunnet, men også om lokalsamfunn, verdenssamfunn, trossamfunn eller nettsamfunn. Livet i en maurtue eller en bikube er også et samfunn, som vi kanskje kan lære noe av?»

Kva er så «språk og samfunn» ut ifrå eit norskfagleg perspektiv? For det første er det heilt klart eit historisk perspektiv. Dagens norsk er eit resultat av ei lang språkhistorisk, men også politisk, utvikling. Ved sida av samar og eventuelt andre nomadefolk var det først og fremst germanske stammar som sette sitt preg på den språklege og politiske utviklinga av det som skulle bli det norske samfunnet.

Reint språkleg kan ein etter kvart snakke om nordgermansk som eit stort dialektområde som skilde seg frå sør-, vest- og austgermansk. Så kan ein snakke om eit nordisk språkområde, og med tida kunne ein skilje mellom vest- og austnordisk. Den gammalnorske perioden rekna vi gjerne frå ca. år 750 - 1350. Gammalnorsk blei rekna til vestnordisk, mens gammalsvensk og gammaldansk blei rekna til austnordisk. Tidlege dialektskilnader var bl.a. ulik vokalkvalitet, sidan ein i vest oftare sa u der ein i aust sa o, t.d. ku/ko, bru/bro. Elles blei det også eit tydeleg skilje etter at ein fekk såkalla bryting av «eka» til «jag» i aust, mens ein berre korta ned forma til «ek» i vest.

Den politiske historia til dei nordiske landa har, som vi veit, vore svært fargerik. Det blei etablert kongerike, og det var ulike alliansar. I «stordomstida» til Noreg hadde ein eit eige skriftspråk og ein eigen litteratur, sagalitteraturen, mens både skriftspråket og skriftkulturen i det norske samfunnet blei radikalt endra etter svartedauden. Språket og samfunnet blei meir og meir påverka av tysk og svensk og ikkje minst dansk. Mens kristendommen rundt år tusen gjorde Noreg til eit nytt trussamfunn og førde til innføringa av det latinske alfabetet og ein relativt stor produksjon av skriftspråklege tekstar samanlikna med runeinnskriftene, er det den same kristendommen som er årsaka til at ein fem hundre år seinare fekk enda eit nytt trussamfunn og ei ny språkleg endring.

Sidan det gammalnorske skriftspråket i praksis ikkje overlevde svartedauden, var vegen meir enn open for det danske skriftspråket, som kom for fullt med reformasjonen og omsetjinga av Bibelen til dansk. Den politiske unionen med Danmark førde elles til at dansk blei statsspråk og dermed blei knytt til viktige samfunnsinstitusjonar, og at dansk tale blei ein referanse for nordmenn som ville opp og fram på ulike område i samfunnet. Før 1813, då ein fekk Universitetet i Oslo, måtte ein t.d. til København for å studere.

Dansk var altså i fleire hundre år referansen for over- og middelklassen i samfunnet Noreg. Dette endra seg først for alvor etter 1814 då fleire og fleire kravde at det nye norske samfunnet måtte finne sin identitet gjennom eit eige språk.

Den lange politiske og kulturelle historia førde til at Noreg etter kvart i praksis blei delt i to språksamfunn. Språk og samfunn er så nært knytt saman at ein ikkje klarte å komme fram til eitt felles skriftspråk, men faktisk to: bokmål og nynorsk. Dette er eit uhyre interessant fenomen, som ein kan sjå på frå mange ulike perspektiv, politiske, sosiologiske, psykologiske, språkvitskaplege m.m. Sjølv om ein nokon gong skulle bestemme at Noreg berre skal ha eitt offisielt (norsk) skriftspråk, vil denne tematikken kunne gje nok av forskingsoppgåver for mange generasjonar framover.

Ei anna side ved det norske språksamfunnet er alle dialektane frå lokalsamfunna. Noreg skil seg frå mange andre land ved at kvar enkelt person i stor grad kan snakke dialekt, sosiolekt eller også ideolekt. Enkelte dialektar kan vere så forskjellige frå eins eigen dialekt eller dei offisielle skriftspråka, bokmål og nynorsk, at nokon vil føle at det i praksis kan vere enklare å forstå svensk eller dansk, som altså er definerte som eigne språk. Ein kan altså ha ulike språksamfunn innanfor ein nasjon med eit såkalla nasjonalspråk, og ein kan vere del av eit større språksamfunn dersom ein vel å fokusere på språklege likskapar i staden for å sjå på politiske grenser.

Det norske samfunnet er spesielt og interessant ut ifrå mange perspektiv. Eitt svært spennande perspektiv er at det nye norske samfunnet blant anna skulle finne sin identitet gjennom eit felles skriftspråk. Likevel er det hundre eller to hundre år etter nasjonsdanninga – alt etter korleis ein ser på den politiske historia – ofte nettopp nasjonalspråket – målformene – som skapar frontar i samfunnsdebatten. Alt dette har skjedd og skjer mens engelsk held på å manifestere seg som eit nytt «morsmål» for eit globalt samfunn – viss det då ikkje bli kinesisk til slutt.

Språk og samfunn er to sider av same sak; yin og yang. Det eine kan sjeldan skiljast frå det andre, og så lenge det finst menneske som vil utforske livet og verda på den eine eller andre måten, vil dei måtte ta stilling til spørsmål som gjeld språk og samfunn.