Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Skjor enough". Hamar Dagblad, 13.09.2012, s. 18. [>pdf av denne artikkelen]

Skjor enough

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
______________________________________

Pica pica, ho pikkar på taket. Ikkje rart med det namnet, kanskje – pica pica, altså. Det kunne like godt vere picca picca med det lange, skarpe nebbet. «Picca» tyder bl.a. «lanse» eller «lansesoldat» på italiensk, og hakkereiskapen pikka kan sjølvsagt relaterast direkte til denne tydinga. Men «pica»?

«Pica pica» er det latinske namnet på skjora. Bruker ein Google Translate, får ein opp tydinga «kake» for «pica». Passar det namnet på skjora da? Det engelske namnet er «magpie» eller berre «pie». Ordet «pie» tyder òg «kake», eller «pai» eventuelt. Ein pai kan jo ha litt av kvart av fyll. «Pica» kan visst òg brukast for ein unormal trong etter ikkje-naturleg mat, som t.d. smuss, måling eller leire, kan ein lese på The Free Dictionary. Men det står òg at dette kjem av namnet til skjora, som altså viser til hennar altetande karakter.

På tysk heiter skjora «Elster». Dette namnet har vore i bruk i over tusen år. I gammalhøgtysk var forma «agalstra» ifølgje dtv si etymologiske ordbok. Denne forma utvikla seg via «agalster» til «egelster» og så til «Elster». Som ei sideform utvikla den angelsaksiske forma «agastria» seg via «(h)egester» til nordtysk «Häster» og «Heister». Alle desse orda går tilbake på ei felles form «*ago», som berre finst i vestgermansk. Tydinga er den ein finn igjen i moderne tysk «Ecke», som ein trur kan vise til den spisse halen til skjora. Her ser dtv ein parallell til det svenske namnet på skjora, som er «skata». «Skate» kan ein også bruke om skjora på nynorsk, mens dette dyrenamnet på bokmål helst refererer til ein flat fisk med lang og tynn hale, også kalla «rokke».

Det gammalnorske namnet på skjora var «skjór», dvs. det same som på nynorsk (eller sideforma på bokmål). Bokmålsvarianten har oppstått via ein såkalla i/j-omlyd. J-en i «skjór» førde etter kvart til ei heving av vokalen. Den gammalnorske ó-en likna meir på ein moderne å, og i-omlyd av å fører til æ. At bokmålsforma er svak, dvs. endar på –e, har nok å gjere med at ein som oftast omtalde skjora i bestemt form, og at denne forma etter kvart blei tolka som om det var den ubøygde forma.

Eg har ikkje funne nokon direkte referanse til korfor ein bruker ordet «skjor» eller «skjære» i norsk, men det er nok rimeleg at utgangspunktet er verbet «skjere» (bokmål «skjære»). I staden for å referere til halestjerten til skjora som «spiss», har ein kanskje rett og slett samanlikna han med lange knivar. Gammalnorsk «skera» kunne ved sida av «skjere» også tyde «stikke» – og då har vi kanskje bite oss sjølve i halen og komme tilbake til pikking. Skjora pikkar i alle fall på taket mitt – that’s sure enough.