Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Etnisitet i Kardemommeby". Hamar Dagblad, 06.09.2012, s. 19. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Lars H. Alhaug: "Etniske nordmenn" i Hamar Arbeiderblad, 30.08.2012, s. 27 [>pdf].

Etnisitet i Kardemommeby

 

JENS HAUGAN

______________________________________

Etnisitet har blitt eit mykje brukt omgrep igjen – berre eitt år etter 22. juli og rosetog over heile landet, og berre kort tid etter dommen over han som meinte han måtte forsvare etnisiteten sin på den mest groteske måten som tenkjast kan.

Lars H. Alhaug skreiv 30. august i Hamar Arbeiderblad om utrygge «etniske nordmenn»; om låge «etniske» fødselstal, og at den «etniske nordmannen» kunne bli utsletta av muslimane – og det er sosialistane som får skylda for alt.

Alhaug definerer omgrepet «etnisk norsk» ved å gå tilbake i den norske historia, men berre til Snorres kongesoger. Det er altså ei ramme på ca. 800 til 1200 år. Han nemner dei som bygde landet. I tillegg er det ting ein ser på som typisk norske: rakefisk, lutfisk, pultost, gammalost, ostehøvel – og Nielsen Hauge og Bibelen. Dette er Alhaugs historie, og det er dette som definerer han som «etnisk norsk». Så er det sosialistane som vil utslette alle desse særeigenheitene og lage ei gudlaus drøymeverd. Alhaug påstår elles at alle menneske uansett farge og kultur trur på noko guddommeleg – sosialistar er kanskje ikkje menneske?

Det er «vår alles oppgave å holde fast på våre røter, men også å respektere andres». Det verkar derimot ikkje som om Alhaug er innstilt på å respektere andre sine røter, eller at det er mogleg for andre å bli ein del av den norske kulturen og bli «etnisk norske» utan at ein utslettar kvarandre.

Ordboka definerer «etnisitet» som: «kulturell og geografisk bakgrunn for person eller folkegruppe». Det er ikkje sagt kor mange spesifikke særeigenheiter ein må dele, og det er heller ikkje sagt kor lenge ein må ha budd innanfor det same geografiske området. Er alle dei som ikkje likar rakefisk eller lutfisk, «uetniske»? Er alle etterkommarane etter handverkarane som var med og bygde Noreg på Røros, Kongsberg eller andre stader, «uetniske» nordmenn fordi dei ikkje har røter tilbake til vikingtida? Var Snorre etnisk norsk eller etnisk islandsk? Både genetisk, språkleg og kulturelt kan ein òg snakke om etniske skandinavar, og sjølvsagt kan ein snakke om germanarar – det finst òg dei som likar å snakke om arisk.

Som regel er det ikkje problem med folk frå nabolanda våre eller andre germanarar. Etnisitetsomgrepet blir først trekt inn når det gjeld folk med ei anna hudfarge eller ein annan religion; og «verst» er muslimane  –  for dei trugar kulturen. Ein ser då bort frå at kristendommen i si tid gjennom vald utsletta den gamle heidne kulturen i Noreg, eller at protestantismen fem hundre år seinare meir eller mindre utsletta katolisismen i Noreg; og ein ser bort frå at germanarane trengde tilbake samane som var etablerte i Noreg. Desse blir i dag gjerne ikkje definerte som etniske nordmenn – sjølv om dei har ei lang språkleg og kulturell historie innanfor det same geografiske området, og sjølv om den norske kulturen og nasjonen har utvikla seg til det den er i samspel med «dei andre».

Sjølv er eg norsk statsborgar, kvit i huda, har norsk namn, snakkar nordlending, skriv både bokmål og nynorsk, underviser studentar i norsk språk og språkhistorie, et både rakefisk og lutfisk, og gjer vel som «folk flest». Likevel finst det dei som meiner eg ikkje er «norsk nok» fordi eg ikkje har budd lenger enn 28 år i Noreg. Sonen min, snart 16, kan kanskje heller ikkje kalle seg «etnisk norsk» da, stakkar. Han har «budd» enda kortare tid i Noreg enn meg. Men heldigvis har han etnisk norsk mor. Vel, det kjem jo an på definisjonen, i og med at anane hennar kom til Noreg på 1600-talet. Heldigvis lever sonen min i Noreg i 2012 og ikkje i Tyskland før 1945, då ein måtte kunne stadfeste etnisiteten sin i mange slektsledd bakover for å overleve.

Det er ikkje noko gale i å diskutere moglege innverknader av kulturkontakt og migrasjon. Men det blir fort problematisk når nokon trekkjer inn «etnisitet» som eit omgrep for å legitimere kva som er rett og riktig i ein nasjon. Eit demokrati er ein nasjon av individ som har rett til å vere seg sjølve på alle måtar. Det er religionsfridom, og ein kan ete kva ein vil; rakefisk eller kebab. Det er verken gudstrua eller matrettane som definerer ein nasjon. Det er viljen til alle og den enkelte til å gjere det beste for samfunnet og nasjonen. Kardemommelova er nok eit mykje betre omgrep å kjenne til, og ein mykje betre rettesnor enn etnisitet: «Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill, og for øvrig kan man gjøre hva man vil».