Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Ny rettskriving for 2000-talet - gled dokker!". Hamar Dagblad, 30.08.2012, s. 17. [>pdf av denne artikkelen]

Ny rettskriving for 2000-talet - gled dokker!

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
______________________________________

Nynorsk har fått ei ny skriftnorm. Det er ikkje sikkert mange hugsar det, men bokmål blei også revidert og fekk ei ny norm; det var i 2005 – utan at media var så veldig interessert i det den gongen.

Den norske språkhistoria er på mange måtar spesiell. I 1814 hadde ein hatt dansk som skriftspråk i Noreg i mange hundre år, og avstanden til det gamle norrøne tale- og skriftspråket var blitt relativt stor. Som dei fleste veit, blei det til slutt to vegar ein valde for å komme fram til eit nytt, norsk skriftspråk. Nokon arbeidde med å modulere det danske skriftspråket ved litt etter litt å endre formverket og ta inn fleire og fleire særnorske ord, og andre samla dialektprøver frå Noreg og laga ein ny grammatikk basert på dei norske talemåla. I 1885 blei dei to skriftspråka, riksmål og landsmål, offisielt jamstilte, dvs. dei blei likestilte som fullverdige norske skriftspråk.

Tanken var likevel heile tida at desse to skriftspråka skulle smelte saman til eitt, populært kalla «samnorsk». Gjennom stadig nye rettskrivingsreformer blei riksmålet/bokmålet normert meir i retning av landsmål/nynorsk, mens landsmålet/nynorsken tillét stadig fleire former som blei oppfatta som riksmåls-/bokmålsformer. Situasjonen førde til ei polarisering, der enkelte i begge leirar forsvarte «sine» former med nebb og klør, mens andre hadde meir enn nok med å finne sin språklege identitet innanfor alle dei valfrie formene i begge skriftspråka. Norsk var ikkje lenger norsk for mange; det var hovudmål og sidemål. Heile 1900-talet var i praksis prega av diskusjon og språkleg uro.

Ei stund etter krigen gav ein opp den offisielle samnorskpolitikken. Det blei klart at det ikkje var mogleg å komme fram til eitt felles skriftspråk når sterke krefter på begge sider ikkje ville gje slepp på ord og former dei oppfatta som riktige og viktige. Deretter blei det ikkje eit offisielt mål at bokmål og nynorsk skulle bli likare kvarandre. Skriftspråka hadde på mange måtar funne sine former, og dei skulle normerast på sjølvstendig grunnlag.

No på 2000-talet kan ein seie at reformtida på mange måtar er over. Innstillinga til den nye norma for nynorsk har fått overskrifta «Ny rettskriving for 2000-talet». Det er klart at ein ikkje legg opp til at det skal komme ei ny reform innan overskodeleg framtid. Det siste hundreåret var det jo sju slike reformer (alt etter korleis ein reknar). No tenkjer ein langt framover – heile 2000-talet. Grunnlagsdokumentet for st.mld. 35, 2007-2008: «Mål og meining – Ein heilskapleg norsk språkpolitikk», hadde eit litt kortare perspektiv med tittelen «Norsk i hundre». Her tenkte ein ikkje bokmål eller nynorsk, her tenkte ein at ein ville styrkje norsk språk og gje det eit godt livsgrunnlag saman med eller trass i engelsken, som på mange måtar trugar språket i dag. Norsk språk er bokmål og nynorsk; det er to sider av same sak. Bokmålet blei reformert i 2005, og nynorsken fekk si reform i 2012. Norsk språk er reformert; pussa og kledd i finstasen og klart for 2000-talet.

No står dei to skriftspråka der – side om side – og det er ikkje noko stort poeng i å krangle om valfridom og ulike former lenger. Normene står der; dei er vedtekne, og dei skal vere uendra ei god stund framover – til engelsken tek livet av dei begge.

Kanskje blir det litt meir språkleg stabilitet no framover. For meg personleg inneber det at eg ikkje lenger treng å unngå såkalla klammerformer. Dei formene som står i ordboka, skal kunne brukast av alle og overalt; dei skal vere jamstilte former – på same måte som bokmål og nynorsk er jamstilte skriftspråk eller målformer. Ein skal kunne bruke anten den eine eller den andre målforma utan å bli diskriminert på nokon måte.

Noko som er nytt i den nye nynorsknormalen, er at ein no kan skrive «dokker» i staden for «de». For meg som pratar nordlending, er dette sjølvsagt veldig fint. Eg prøver i størst mogleg grad å skrive slik eg pratar til vanleg. På den andre sida har jo nynorsken også fått ein viss stil basert på tidlegare normer. Forma «dokker» var aldri tidlegare klammerform og finst dermed ikkje i nynorske tekstar utan dialektinnslag. Dersom denne nye forma skal finne sin plass i den nynorske skriftkulturen på 2000-talet, må ho dermed bli teken i bruk. Ein må rett og slett tore å skilje seg ut – vere annleis. Tør vi det?

«Språkprosjektet» vårt med to offisielt sidestilte skriftspråk er kanskje typisk for norsk demokratisk tenking. Det skal vere plass til alle, og det skal vere rom i det norske samfunnet for å vere seg sjølv, og for å skilje seg ut. Samtidig veit vi at jantelova finst; ho er der ute ein stad. Ein vil ikkje sjølv vedkjenne seg ho, men alle kjenner representantar for jantelova og bygdedyret – «dei andre».

Det blir interessant å sjå korleis den nye nynorsknorma blir teken i bruk, og om ein aksepterer valfridommen som finst, i staden for at ein går for det trygge og kjende. Av og til må ein gå på nye stiar for å finne seg sjølv. De kan berre glede dykk – eller dokker kan berre glede dokker. Eg er kanskje den første som skriv «dokker» i ein nynorsk tekst her i området, og så håpar eg at andre også vil ta i bruk valfridommen sin, om det no er nynorsk eller bokmål ein skriv. Når ein kan velje mellom sjokoladeis og jordbæris, må ein då få lov til å velje det ein sjølv likar best – og andre vil vel vanlegvis respektere det. Finn og vel din eigen smak!