Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Kæm, pus?". Hamar Dagblad, 23.08.2012, s. 14. [>pdf av denne artikkelen]

Kæm, pus?

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
______________________________________
 

Kæm sin pus e det dæm eigentle snakka om? Kæm, pus Hamar? Camping-pus Hamar? Det var jo snakk om ein ein bestemt bykatt tidlegare i år. Campus Hamar har derimot ingenting med kattar å gjere, men faktisk litt med camping.

I denne veka kjem nye og gamle studentar til blant anna Campus Hamar. Før i tida snakka ein vel helst om ein «studiestad», men dei siste åra har det blitt meir og meir vanleg å snakke om «campus». Dei fleste eg kjenner, seier «kæmpus», og for meg er det framleis like vondt å høyre på – sjølv om eg har jobba i systemet ei god stund.

Ordet «campus» er sjølvsagt eit lånord. Sidan ein i høgare utdanning i stadig større grad satsar på såkalla fleksible undervisningstilbod, har det blitt større behov for å skilje mellom studentgrupper som møter opp på ein studiestad og går på førelesingar i eit fysisk førelesingsrom, og studentar som sit ein eller annan stad i landet framfor ei datamaskin og følgjer studiet sitt «via nettet» og berre kjem på nokre få samlingar på studiestaden. Høgskolen i Hedmark har dessutan fleire studiestader, og det er behov for å skilje mellom desse.

I moderne tid er det mest vanleg å låne ord frå engelsk når ein ikkje har fantasi nok til å lage eigne norske ord, eller når ein vil smykke seg med uttrykk som verkar litt meir moderne og tiltrekkjande – «fancy». Reklameverda klarar seg nesten ikkje utan engelsk lenger, og det er snart meir vanleg å sjå «sale» på skilt i butikkane enn «salg» (for ikkje å snakke om at få ville bruke «sal», som er den nynorske forma). Varene blir ikkje noko billegare, men kundane er kanskje litt meir tilfredse når dei har handla på «sale»? Mange føler òg dei bør seie «maile» og «printe» i staden for å sende e-post og skrive ut eit dokument. Det er liksom litt meir stas med engelsk enn med norsk.

Ordet «campus» har vi lånt frå engelsk. Det er derfor folk flest seier «kæmpus», akkurat som engelskmennene («kæmpes»). Tidlegare har ein lånt «camp» og «camping» frå engelsk. Desse orda har sjølvsagt same opphav, men det få tenkjer på, er at ordet «campus» i utgangspunktet kjem frå latin og tyder «mark, åker, open slette» eller også «samlingsplass». Dette ordet blei til «campo» i italiensk og «camp» i fransk, og det norske ordet «kamp» har faktisk også direkte samanheng med «campus», sidan kampar gjerne finn stad på opne plassar. Og vervekampanjar – om det no gjeld å vinne kundar eller studentar – er ingenting anna enn «felttog». Kanskje burde ein seie «kæmpein»?

Det ein kan sjå, er at det latinske ordet «campus» har vidareutvikla seg i dei nyare språka og fått eigne former. Men når ein bruker ordet «campus», refererer ein som regel til ein studiestad, eller som Bokmåls- og Nynorskordboka seier: «universitetsområde (utanfor bykjernen)».

Latin har i mange hundre år hatt status som vitskapsspråket, og ein har derfor mange latinske termar i utdanningssystemet. Eg sjølv underviser til dømes blant anna i fonologi, morfologi og syntaks, dvs. lydlære, ord- eller formlære og setningslære, men ingen ville finne på å bruke engelsk uttale på desse disiplinane. Campus derimot, det kling visst best på engelsk – meiner nokon.

No har det jo også blitt større krav til internasjonalisering i høgare utdanning. Dette inneber at ein skal reise til andre land og presentere arbeidet sitt, og ein skal skrive på eit anna språk enn norsk. I praksis tyder det at ein skriv på engelsk og presenterer arbeidet sitt på engelsk. Engelsk har blitt det nye lingua franca og det nye vitskapsspråket. Spørsmålet er då om «campus» de facto er eit engelsk ord frå det internasjonale vitskapsspråket, eller om det framleis er eit latinsk ord.

I gamle dagar måtte ein studere litt latin når ein ville studere på eit universitet, og grunnkunnskapar om latin blei sett på som ein del av danninga. Latin er ikkje lenger eit krav i høgare utdanning, mens English absolutt er eit «must». Det har jo heilt klart sine fordelar når ein har flest mogleg felles termar på tvers av landegrensene. Men eg tviler på at italienarar, franskmenn eller også tyskarar ville finne på å seie «kæmpus». Tomeito – tomato – kæmpus – kampus; det spelar kanskje ikkje noka rolle. Heldigvis er det jo berre ein uttaleforskjell, og så unngår ein problemet med norsk der ein må skilje mellom «studiestad» og «studiested». Ja, heldigvis har vi engelsk som kan redde oss.