Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Sol og regn og latter - ha ha ha". Hamar Dagblad, 02.08.2012, s. 14. [>pdf av denne artikkelen]

Sol og regn og latter - ha ha ha

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
______________________________________
 

Stryk det som ikkje passar. Innimellom har det regna så mykje i sommar at det kan passe med «stryk» i alle fall. Det hølja ned. Det fossa ned. Regn, regn, ausande regn.

Sjølve ordet «regn» er eit av arveorda våre, og det er meir eller mindre det same på engelsk og tysk, «rain» og «Regen». Det som er ulikt, er at tysk «Regen» er eit hankjønnsord («der Regen»), mens norsk/nordisk «regn» er eit inkjekjønnsord («regnet»). Dette skiljet er gammalt, og endrar ikkje noko på tydinga til ordet.

Bjorvand og Lindeman ser i «Våre arveord» den indogermanske ordrota «*reh-» saman med bl.a. ordet «raki» i gammalnorsk, som tydde «væte» eller «fukt» og finst som «rake» i nokre dialektar. «Rakur» som adjektiv tyder framleis «våt», «fuktig» eller «blaut» på islandsk, mens vi har «rak» med tydinga «mjuk» i samband med «rakefisk». Elles ser det ut til at ordet «regn» berre finst i germansk, og det er i grunnen ganske spesielt når ein tenkjer på at det er eit såpass vanleg fenomen. På latin var det t.d. «pluvia», som blei til «pluie» på fransk, «lluvia» på spansk og «chuva» på portugisisk. Falk og Torp gjer likevel i si etymologiske ordbok merksam på at latin har «rigare» for å vaske eller også å vatne («irrigare»).

Det gammalnorske verbet var «rigna», som vi i dag har som «regna» eller «regne». Det som er typisk for slike «vêrverb», t.d. også «snø», er at dei vanlegvis ikkje står med eit «normalt» subjekt. På gammalnorsk heitte det berre «rignir». Dette ordet åleine kunne vere ei setning. På moderne norsk må vi seie «det regnar». Men «det» er i dette tilfellet ikkje eit «normalt» subjekt. Det er i praksis berre ein plasshaldar fordi ein treng eit subjekt i moderne norsk, mens subjektsplassen altså kunne vere tom i gammalnorsk. Ei tid meinte nokre språkvitarar at dei gamle germanarane trudde det var gudane som gjorde at det regna eller snødde, og at ein ikkje kunne eller ville namngje desse, og at ein derfor hadde slike «subjektlause» setningar i eldre germanske språk. I dag prøver ein helst å forklare denne språkendringa med språkinterne forhold, som t.d. endringar i bøyingssystemet og språkstrukturen. På norsk, engelsk og tysk må ein i dag bruke «det», «it» eller «es», dvs. «det regnar, «it rains» og «es regnet». Men regne gjorde det då som no, uansett om ein hadde eit usynleg eller synleg subjekt, eller om ein trudde på gudar eller ikkje. Men mest truleg har menneska opp igjennom historia nok oftare vendt seg til gudane for å be om regn enn for å be om sol. Etter sola kom regnet, og då blei det latter og song. Så eg har bestemt meg for å syngje og le – berre på trass.