Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Begge måformer er like gode". Hamar Dagblad, 14.06.2012, s. . [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Einar Lang-Ree: Jens Haugan - og meg i Hamar Dagblad, 07.06.2012, s. 32. [>pdf]

Begge målformer er like gode

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________
 

Einar Lang-Ree var tydelegvis ikkje heilt nøgd med at eg kritiserte hans forhold til språkhistoriske fakta (Hamar Dagblad 7. juni). Men i staden for å vere sakleg, reagerer han – på same måte som medspelaren Ørbæk – med å insinuere at etniske nordmenn har arva kunnskapar som innvandrarar aldri vil kunne ha. Den type «kvardagsrasisme» er nok litt upassande – spesielt når det samtidig går føre seg ei viktig rettssak der ein diskuterer dei groteske konsekvensane slik tenking kan ha i ekstreme tilfelle. Eg håpar at Lang-Ree og Ørbæk i framtidige debattinnlegg vil moderere seg litt og heller halde seg til sak enn å fremje sitt innvandrarfiendtlege syn. Kunnskap er faktisk ikkje arveleg – heldigvis eller dessverre. Men det kan jo hende at Lang-Ree vil argumentere for eit spesielt rasesyn og bruke historiske «fakta». Vi har jo framleis ytringsfridom.

Når det eg sagt, handla mitt innlegg i Hamar Dagblad 31. mai om å korrigere eller nyansere eit språkhistorisk bilete som Lang-Ree hadde teikna. Eg er fullt klar over at vi ikkje lever på 1800-talet lenger, og det handlar ikkje om å romantisere eller idealisere, men rett og slett om å setje språksituasjonen i ein historisk samanheng som er viktig for å forstå dagens situasjon. Men det finst jo dei som meiner at kultur og historie ikkje er så viktig i eit samfunn.

Lang-Ree, eg har faktisk ingen problem med at du og andre ikkje likar nynorsk eller ikkje vil at nynorsk skal vere eit sidestilt skriftspråk i Noreg. Det er heilt legitimt å meine dette. Eg har heller ikkje noko imot bokmål; eg har aldri sagt eller meint at bokmål er «slemt» på nokon måte. Den relativt kunstige og einsidige språkdebatten handlar for det meste om at nokon, t.d. Lang-Ree og Ørbæk, vil kvitte seg med nynorsk som eit sidestilt skriftspråk, mens andre, t.d. eg, ønskjer å halde fast ved den lovbestemde jamstillinga mellom målformene. Frå mitt perspektiv handlar det ikkje om at éi målform er betre enn den andre; det handlar om at begge er like gode, og at begge representerer eitt språk, nemleg norsk. Lang-Ree og Ørbæk vil ikkje akseptere dette. Dei meiner at nynorsk ikkje er eigna som riksspråk, og dei vil diskriminere nynorsk og nynorskbrukarar.

Det er svært interessant at nynorskmotstandarane Lang-Ree og Ørbæk heng seg opp i måten eg skriv nynorsk på, som dei meiner er ei omsetjing frå bokmål i staden for bruk av valfrie ordformer i moderne nynorsk. For dei er nynorsk kanskje det same som Aasen-normalen (før 1901), og alt anna er «knot». Dei meiner at nynorsk er eit vestnorsk særspråk, og med éin gong ein viser at det er eit nasjonalspråk der alle dialektane kan vere representerte, blir dei kanskje redde. Kan nynorsk likevel fungere som eit moderne skriftspråk?

Dessverre har ein forlate samnorskpolitikken. Med stor valfridom kunne ein faktisk berre ha kasta bokmål og nynorsk i éi gryte og hatt eitt norsk skriftspråk. Men Lang-Ree og Ørbæk ville nok vere dei første til å protestere – ei slik blanding er jo berre «knot». Det er på grunn av eit slikt syn at samnorskpolitikken stranda. Det er ikkje noko gale med målformene, det er noko gale med språkbrukarane.

Men, ja, vi kan halde fram med å bruke bokmål – på same måte som vi kan halde fram med å bruke nynorsk, så lenge som også framtidige regjeringar legg vekt på at norsk skriftspråk skal kunne representere norske talemål og norsk kultur både i aust, vest, sør og nord.