Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Lang-Ree og språkhistoriske fakta". Hamar Dagblad, 31.05.2012, s. . [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Einar Lang-Ree:Nynorsk må avvikles i Hamar Dagblad, 24.05.2012, s. 21. [>pdf]

Lang-Ree og språkhistoriske fakta

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
______________________________________
 

Einar Lang-Ree er ikkje alltid så nøye med historiske fakta, t.d. også i Hamar Dagblad 24. mai.

Lang-Ree påstår at Ivar Aasen fekk lov til å etablere sin eigen dialekt. Men det som skjedde, var at Ivar Aasen kartla dialektane i Noreg, og på grunnlag av dette laga han eit tverrsnitt som kunne brukast som eit grunnlag for eit norsk skriftspråk. På dette tidspunktet var det dansk som var skriftspråket i Noreg.

Lang-Ree påstår at nye landsmenn berre treng å lære seg eitt språk, og det er «riksmålet». Det eine offisielle skriftspråket heiter faktisk «bokmål». «Riksmål» gjekk ut som namn på det danskbaserte skriftspråket i 1929. Riksmålforbundet si private skriftnorm er ikkje eit offisielt skriftspråk i Noreg, sjølv om det i dag stort sett fell saman med bokmål.

Lang-Ree påstår at «riksmålet» blir brukt frå Lindesnes til Nordkapp. Det stemmer for så vidt sidan både bokmål og nynorsk blir brukt i heile landet, men Lang-Ree underslår at det finst kommunar der bokmål ikkje er hovudmålet.

Lang-Ree skriv at vi alle «har plikt til å lære dette ene målet». Men med enkelte unntak har faktisk alle plikt til å lære begge målformene.

Det er riktig at Ivar Aasen ikkje tenkte på økonomi. Sjølvsagt hadde det vore billegast å halde fram med å skrive dansk i Noreg. Men dei nasjonale strøymingane på den tida kravde eit norsk skriftspråk basert på norsk tale. Ivar Aasen tenkte ikkje på seg sjølv. Han tenkte på nasjonen. Heller ikkje Gregers Fougner Lundh, Henrik Wergeland, Joans Anton Hielm, Peter Andreas Munch eller Knud Knudsen tenkte på seg sjølve. Dei tenkte på nasjonen. Dette var nasjonalromantikken. Det var nasjonen Noreg som vakna.

Det er totalt historielaust av Lang-Ree å påstå at ingen skreiv brev til kvarandre på Ivar Aasen si tid. Poenget er at ein skreiv på dansk. Det blei også skrive mykje viktig litteratur på den tida – men på dansk, sjølv om forfattarane heitte Ibsen eller Bjørnsson.

Vi er ikkje åleine om å ha fleire skriftspråk. Sveits har t.d. tre offisielle skriftspråk pluss retroromansk, og heile EU er basert på at offisielle tekstar skal omsetjast til alle språka i EU-landa for å ivareta demokratiet og det språklege mangfaldet. Dette kostar sjølvsagt pengar, men ingen krev at heile EU skal bruke eitt skriftspråk – sjølv om dei fleste kan engelsk.

Lang-Ree gjev Ivar Aasen skylda for «tospråksgalskapen». Men Ivar Aasen var ingen diktator; han hadde ikkje makt i det heile. Han berre laga eit forslag til eit norsk skriftspråk basert på norske dialektar, på same måte som Knud Knudsen prøvde å lage eit norsk skriftspråk med utgangspunkt i dansk. Det var heile tida meininga at desse to skriftspråka skulle foreinast til eitt. Dette var både Knud Knudsen, «bokmålets far», og Ivar Aasen, «nynorskens far» relativt einige om. Ingen kunne den gongen vite at folk ikkje skulle klare å bli einige om felles former på 1900-talet. Dette er verken Knudsen eller Aasen sin feil. Dei var døde før den verkelege språkkrigen starta. Det er rett og slett manglande vilje til å godta variasjon innanfor det same språket som er «galskap». Folk flest er positive til variasjon innanfor talemåla, men går på barrikadane for enkeltord og bøyingsformer i skriftspråka. Det er all kranglinga om hovudmål og sidemål i dag som er «galskap». Men det er sjølvsagt lettast å skylde på nokon andre – spesielt viss dei har vore døde i hundre år.