Fru Frau
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
Fru Frau er
heilt på jordet igjen no om dagen. Det luktar vår
rett og slett. Samtidig held også fru eller Frau
Holle på med vårpussen. Det kjem framleis litt kvitt
frå himmelen enkelte stader.
Er det nokon samanheng
mellom fru og frau da? Dette må vi lukte litt på. Vi seier jo fru(e)
på norsk der ein seier Frau på tysk. Det er den vanlege samanhengen
mellom u i norsk og au i høgtysk. Den germanske lange u-en blei
diftongert i høgtysk, dvs. u > au. Derfor har vi hus og mus, mens
ein på tysk har Haus og Maus. Hanseatane, som prata nedertysk, sa
fruwe eller fru. Etter kvart kom frouwe inn, som blei til Frau i
moderne tysk. Gammalnorsk hadde elles også freyja.
Frua i huset er sjølvsagt
ei ærverdig kvinne. Det germanske *fraujón tydde rett og slett
herskarinne, kan Falk og Torp si etymologiske ordbok fortelje. Det
ein kanskje ikkje tenkjer på, er at ordet er hokjønnsforma av *fraujan,
som då tydde herre. Men ein hadde jo t.d. òg karlmaðr og kvennmaðr
på gammalnorsk for kvinne og mann. Frøy (Freyr) er då også det
mannlege motstykket til Frøya (Freyja).
Falk og Torp kan elles
fortelje at den indogermanske ordstammen som ligg til grunn for
desse orda, rett og slett er avleidd av preposisjonen pro, dvs. for.
Tydinga blir dermed den første eller den fremste. Kanskje ein skal
byrja å ta i bruk igjen fru(e) om kvinnene vi set spesielt stor pris
på?
Men kvar blei det av fraua
opp i det heile? Sidan vi har frau med au, er det ingen grunn til å
rekne med at det er ein direkte samanheng med tysk Frau. Det
gammalnorske ordet for frau var frauð. Stungen d (ð) fell jo som
regel bort på vegen til moderne norsk, viss han då ikkje blei til d.
I slekt med frau er også frodig eller fraudig, og substantivet er
frode, som er skum.
No må ein ikkje tenkje på
mannsnamnet Frode, for han er den kloke; gammalnorsk fróði. Han
luktar helst berre svidd når han tenkjer for hardt. Men fraua treng
ikkje nødvendigvis å lukte sidan namnet først og fremst refererer
til at fraua skummar. Derfor har ein også verbet frode (bokmål:
fråde). Det gammalnorske ordet var froða, og substantivet frauð blei
rett og slett laga av avlydsforma til verbet. Det er elles
interessant at frauð var inkjekjønn i gammalnorsk, mens bokmål og
nynorsk har hokjønn eller hankjønn som valfrie former – sjølv om
inkjekjønnsforma finst i dialektane.
På engelsk er fraud
svindel, og du føler deg kanskje lurt av at frau og Frau liknar på
kvarandre. Men her er det frua som skummar fløyten, mens fraua berre
skummar – men det er nok utan tvil frua som luktar best.
Epilog:
Etter at eg var ferdig med denne teksten, nemnde eg for kollegaene
mine at eg nettopp hadde skrive om frau. Eg blei veldig overraska då
eg skjønte at ingen her i området faktisk hadde høyrt ordet frau
før, eller visste kva det eventuelt kunne tyde – anna enn at ein
tenkte på det tyske Frau. For meg, som for det meste hadde budd i
Nord-Noreg og Trøndelag, var det ei ny erfaring at eit så ”vanleg”
og ”viktig” ord med røter i gammalnorsk kunne vere så totalt ukjent
i eit område med lange jordbrukstradisjonar. Men når det er sagt, så
luktar det no like mykje av møkk som av frau – same shit, som dei
seier på sidemålet. |