Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Tre tre trer av". Hamar Dagblad, 26.04.2012, s. 2. [>pdf av denne artikkelen]

Tre tre trer av

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Det er trist, det der med trea; trea i Strandgata altså. Det ser ut til at dei må gå. Vel, det er ei stund sidan trea kunne gå; det var på Tolkien si tid. Trea i Strandgata må likevel tre av. Dei skal bort. Ikkje berre tre, men fleire enn tre. «Tres bien» er ikkje noko passande uttrykk her. Men korfor skriv eg «tre», mens du kanskje skriv «trær»? Tja, det er no sjølvsagt fordi eg skriv på nynorsk, mens du kanskje bruker bokmål til vanleg. Korfor skal det då vere ein forskjell i bøyinga på eit så enkelt ord som «tre»?

Det er eit tre, dvs. det er eit inkjekjønnsord. Inkjekjønnsord har ikkje noka fleirtalsending i nynorsk. Dette går tilbake til gammalnorsk der ein heller ikkje hadde noka fleirtalsending på inkjekjønnsord. Men visse ord blei likevel markerte for fleirtal, og det var dei som hadde ein kort a som rotvokal; dei fekk ein såkalla u-omlyd. Ord som «land» eller «barn» blei derfor «lQnd» og «bQrn» i fleirtal. Derfor har vi framleis dialektar der ein seier «land» og «born», og det var også Ivar Aasen sine bøyingsformer for desse orda. Islandsk har fått ö for o med kvist, og dei skriv «lönd» og «börn». Men eit ord med e fekk ikkje u-omlyd. Gammalnorsk «tré» var også «tré» i fleirtal.

På bokmål (eller dansk) har ein hatt ei ekstrem systemforenkling. Mens ein i gammalnorsk hadde –ar, –ir og –ur som moglege fleirtalsendingar (+ ev. omlyd), og ein framleis har –ar, –er og inga ending i nynorsk, har bokmål fått –er som generell fleirtalsending for nesten alle substantiv. Det finst nokre unntak som berre er markerte med omlyd, t.d. «mann – menn», men i mange dialektar seier ein faktisk også «manner» eller «menner». Såkalla særnorske inkjekjønnssubstantiv har derimot vanlegvis ikkje noka ending, t.d. «hus» eller «fjøs». Spørsmålet er om dette vil vare til evig tid. Det finst i alle fall også dei som utan å nøle t.d. skriv «flere huller» på bokmål.

Når ein skriv «trær» på bokmål, er det i praksis ikkje noko anna enn «tre-er». Ein får her ei samandraging av dei to e-ane, og r-en vil i norsk ofte føre til ei senking av e-en; tenk berre på «vere» vs. «være», «bere» vs. «bære» eller «skjere» vs. «skjære», som også skil nynorsk frå bokmål.

Den lange e-en i gammalnorsk «tré» har blitt til i i engelsk. På engelsk skriv ein framleis lang e, dvs. «tree», men ein uttaler det som «tri». «Tri» kan ein ha i norske dialektar òg, men då står det gjerne for talordet «tre», som på gammalnorsk var «þrír», jf. også engelsk «three». Sidan høgtysk fekk ei diftongering av mange av dei lange germanske vokalane, har ein «drei» på tysk. Men ein har ikkje noko «Drei» eller helst «Zrei» som ville kunne svare til substantivet «tre» på tysk. På tysk seier ein «Baum». Det same ordet har vi på norsk, men ein bruker det då kanskje helst om ein død trestamme i form av ein vegbom eller liknande, og ordet er faktisk lånt inn via nedertysk. Tysk har elles verbet «zehren», som er «tære» på norsk (men også lånt frå nedertysk), og som bl.a. Falk og Torp set i samanheng med utgangstydinga til rota «tre», dvs. «spalte».

Trea i Strandgata må tre av, og dei blir nok spalta opp. På same måte som nynorsk og bokmål er litt spalta i bøyinga her, blir trea spalta opp til det blir bitar og greiner igjen. Men dei som grein eller grin mest til slutt, er vel dei som elskar trea – og då spelar det nok ikkje noka rolle om ein seier eller skriv «tre» eller «tær», «trea» eller «trærne». Vi er glade i desse trea uansett.