Dobbel D Knudsen
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
Førre gong skreiv eg at det var
Asbjørnsen-jubileum i år. Det er 200 år sidan Peter
Christen Asbjørnsen blei fødd, som blant anna blir
hugsa for å ha samla inn norske folkeeventyr saman
med Jørgen Moe. Men det er faktisk også
Knudsen-jubileum i år. Ni dagar før Asbjørnsen blei
fødd i Christiania i 1812, blei det fødd ein gut i
Tvedestrand i Aust-Agder, som høyrer til den såkalla
”bløde kyststribe”.
Nemninga
”den bløde kyststribe” blir tilskriven forfattaren Gabriel Scott,
som blir rekna som ”Sørlandets diktar” (saman med Vilhelm Krag). Den
bløde kyststribe – eller den blaute kyststripa – er kjenneteikna ved
at nokre konsonantar som vanlegvis er ustemde i norsk, blir uttalde
som stemde. Dette gjeld p, t og k, som kan bli uttalde som b, d og g
etter lang vokal, t.d. pibe, flade, kage for pipe, flate og kake.
Dette er ikkje nødvendigvis så veldig spesielt. Det er jo slik
danskane har snakka i lang, lang tid. Det som er litt meir spesielt,
er at det skulle komme ein ”profet” frå den blaute kyststripa og
faktisk fjerne desse ”blaute” konsonantane frå skriftspråket.
Knud
Knudsen blir ofte kalla ”bokmålets far”. Som mange barn av
lærarforeldre fekk også Knud tidleg sin porsjon av pedagogikk og
interesse for læring med på vegen vidare. Allereie som 12-åring blei
han sett til å undervise andre elevar i lesing, og det låg vel i
korta at han sjølv blei lærar til slutt. Fødd i tida rundt 1814 då
fleire og fleire stemmer etter kvart også kravde språkleg
sjølvstende i Noreg, var det ikkje unaturleg at hans hovudinteresse
blei morsmålsfaget.
Morsmålsfaget – i dag er vi gjerne einige om at det er norsk. Det er
eventuelt dei som vil skilje mellom hovudmål og sidemål eller bokmål
og nynorsk, men begge målformene blir rekna til norskfaget. I tida
etter 1814 var morsmålsfaget ikkje norsk, det var dansk – og det
kunne vel ikkje reknast som morsmål i Noreg?
Utfordringa til ”morsmålslæraren” Knudsen var blant anna at han
skulle undervise elevane i å skrive (dansk) på ein heilt annan måte
enn dei snakka (norsk). Knudsen var oppteken av at ein burde kunne
skrive nærmast mogleg slik ein snakkar, dvs. at bokstavane svara til
dei faktiske lydane (også kalla ortofoni).
Knudsen
sitt store prosjekt blei å prøve å reformere det danske
skriftspråket på ein slik måte at det i størst mogleg grad var i
samsvar med norsk talespråk. Jaha – hadde ikkje Ivar Aasen eit
liknande prosjekt? Jo, men i staden for å ta utgangspunkt i dei
norske dialektane utanfor byane, var det nettopp bymåla som Knudsen
ville bruke som grunnlag for sitt norske skriftspråk. Det var den
såkalla ”danna daglegtalen” eller ”den almindeligste Udtale af
Ordene i de Dannedes Mund” som skulle vere rettesnora for det nye
norske skriftspråket Knudsen ville skape på sikt. Og det var først
og fremst på dette punktet Knud Knudsen og Ivar Aasen var ueinige.
Aasen
sitt poeng var at bymåla hadde vore for mykje påverka av dansk. Men
det var også derfor det gjekk relativt smertefritt å lage det norske
riksmålet og bokmålet steg for steg ut frå rein dansk ved å gjere
mindre justeringar. Knudsen hadde heller ikkje tru på at ein ville
kunne innføre eit nytt norsk skriftspråk over natta. Sidan ikkje
alle var med på den radikale språklege norskdomsrørsla, ser ein no i
ettertid at Knudsen sin strategi fungerte betre enn Aasen sin
”ferdigpakke”. Samtidig kan det vere greitt å vite at Knudsen var
tydeleg på at han trudde dei to strategiane var to sider av same
sak, og at dei to skriftvariantane som heldt på å utvikle seg, ville
smelte saman til slutt – men då tenkte han nok ikkje på at politikk
og følelsar også hadde mykje å seie på vegen vidare til eit norsk
skriftspråk.
Knudsen
skreiv sjølv at: ”Det ene Parti søger at skabe norsk Sprog og
Litteratur paa én Gang, det andet udsondrer efterhaanden, Stykke for
Stykke, det spesielt Danske af Fællessproget saa længe, til de
fremmede Elementer i dette er fjernede og indenlandske optagne i
Stedet. Derfor bør begge Partiers Bestræbelser kun bekjæmpe det
Fremmede, den fælles Fjende, og ikke hinanden indbyrdes.”
Slik såg det ut frå Knud Knudsen sitt
perspektiv.
Dessverre er det mange som har sett seg som mål å kjempe mot det
”fremmende”, som dei då meiner er nynorsk – ”eit regionalt
særspråk”, som ein viss mann bruker å kalle det. ”Bestræbelsene” som
før gjekk mot det danske, går i dag for mange mot det særnorske.
Dette er nok utan tvil eit svært interessant fenomen.
Knud
Knudsen var elles mannen med to d-ar, dvs. blaute konsonantar der
norsk ”eigentleg” skulle ha harde konsonantar. ”Dobbel D Knudsen”,
mannen frå ”den bløde kyststribe”, jobba derimot for at ein skulle
bruke dei ustemde (harde) konsonantane i norsk. På same måte som
Garborg sin Daniel Braut frå garden Sørbrød markerte skiljet mellom
dansk og norsk, valde også Knudsen side. Dei harde konsonantane p,
t, k blei offisielt vedtekne for riksmålet med 1907-reforma – sjølv
om ein opererte med dobbeltformer for ein del ord, t.d. bok/bog
eller –het/-hed. Men Knud Knudsen (eller kanskje heller Knut
Knutsen?) døydde allereie i 1895. Han fekk oppleve
jamstillingsvedtaket i 1885 der ”det almindelige Bogsprog”, som
framleis først og fremst var dansk, blei sidestilt med landsmålet.
Men elles kom dei store resultata etter Knudsen sitt målstrev først
på 1900-talet med dei mange rettskrivingsreformene, som gav oss
bokmålet som det eine av dei to norske skriftspråka. |