Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Romantiske Asbjørnsen". Hamar Dagblad, 12.04.2012, s. 18. [>pdf av denne artikkelen]

Romantiske Asbjørnsen

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Ein og annan har kanskje fått det med seg at det er ”Asbjørnsen-jubileum” i år. Hæ? Jo, Peter Christen Asbjørnsen. Kven då? Asbjørnsen – som i Asbjørnsen og Moe! Å, ja, han! Eventyrforteljaren.

Dei fleste har nok høyrt namnet Asbjørnsen i samband med eventyrsamlingane til Asbjørnsen og Moe. Det kan hende at ”merkenamnet” Asbjørnsen og Moe har bleikna litt for nye generasjonar som kanskje heller kan namn som J. R. R. Tolkien , J. K. Rowling eller Stephenie Meyer.

Peter Christen Asbjørnsen, som var fødd i 1812, var barn av si tid, og det tydde bl.a. at han var romantikar. Nynorskordboka kan fortelje at ein romantikar er ein som dyrkar romantikk, eller ein drøymar, svermar, ein røyndomsfjern person. Vi skjønner fort at romantikk med tydinga røyndomsflukt, svermeri eller idyllisk kjærleik ikkje er noko som passar på Asbjørnsen i denne samanhengen.

Asbjørnsen er ein representant for romantikk med tydinga ”åndsretning som legg vekt på kjensler, fantasi og fri utfalding for individet, og som viser sterk interesse for det nasjonale og folkelege, rådande i Europa frå slutten av 1700-talet til midten av 1800-talet”.

Romantikken sette sitt preg på heile Europa, og det at Asbjørnsen og Moe valde å samle inn norske folkeeventyr, var direkte inspirert av arbeidet til brørne Grimm i Tyskland, som gav ut si første felles bok i 1812, dvs. i det same året som Asbjørnsen blei fødd.

Eitt poeng med innsamlinga av folkeeventyra var sjølvsagt den historiske og kulturelle arven som låg i desse gløymde eller bortgøymde nasjonale skattane. Ei anna side var det språklege perspektivet. Folkeeventyra blei fortalde på dei ulike lokale dialektane, og Asbjørnsen og Moe hadde som eit mål å få fram det norske i forteljingane, sjølv om folkeeventyra blei skrivne ned på dansk – som var det einaste offisielle skriftspråket i Noreg på den tida. På same måte som t.d. Wergeland (f. 1808), Knudsen (f. 1812) og Aasen (f. 1813) var Asbjørnsen og Moe viktige bidragsytarar på vegen fram mot utviklinga av dei to norske skriftspråka som skulle skilje seg frå dansk. Det kunne nesten reknast som ei form for romantisk samarbeid.

Det kan vere interessant å vite at ordet ”romantisk” opphavleg ikkje hadde noko med følelsar og svermeri å gjere. Romantisk var i utgangspunktet det same som ”romansk”, dvs. på eit romansk språk (fransk, italiensk, spansk), som i si tid tydde på folkespråket i motsetning til latin, som var vitskapsspråket.

Sjølv om eg vel å ha eit språkleg perspektiv på Asbjørnsen, var det Jørgen Moe som var språkmannen i dette ”radarparet”. Asbjørnsen var ”eigentleg” zoolog og botanikar. Allereie relativt kort tid etter at Charles Darwin lanserte utviklingsteorien sin for ei verd som hadde vore oppteken med å sjå tilbake til mellomalderen, diskuterte Asbjørnsen dette nye perspektivet i ”Budstikken, et Maanedsskrift” (nr. 2-3, 1861), og på dette tidspunktet var det nok ikkje så mykje ”romantisk” over Asbjørnsen lenger.

Men med det tilbakeskodande perspektivet i romantikken, utforskinga av nasjonalspråka og utviklingsteorien kom det også ny innsikt i slektskapen mellom ulike språk. Ut frå dette perspektivet kan vi seie at nynorsk og bokmål som skriftspråk deler dei same gena,  og om dei kanskje ikkje er sysken, kan dei no reknast som syskenbarn om ikkje anna. Det kan uansett vere greitt å vere litt romantikar og sjå på det samlande perspektivet til bl.a. Asbjørnsen og Moe, og også Knudsen og Aasen. Hovudtalespråket i Noreg er norsk, og det er dét som tel. Skriftspråk og skrivevariantar kan ein diskutere og vere einig eller ueinig om, så lenge ein er einig om å halde i hop. Med kjærleik og samliv følgjer det gjerne også motsetningar og ueinigheiter. Men det høyrer òg med til romantikken.