Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Nordens dag". Hamar Dagblad, 22.03.2012, s. 2. [>pdf av denne artikkelen]
Nordens dag
 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

I morgon, 23. mars, er Nordens dag. Det kan vi seie og skjønne på norsk, svensk og dansk og meir eller mindre også på færøysk og islandsk (Norðurlandadagurinn) – men ikkje på samisk og finsk (Pohjolan päivä).

Norden er eit namn som ein bruker på dei skandinaviske landa, dvs. Noreg, Sverige og Danmark, og dei ikkje-skandinaviske landa Island og Finland. I tillegg reknar ein Grønland, Færøyane og Åland med til Norden.


Omgrepet Norden er både geografisk og politisk. Reint geografisk refererer det til landa i Nord-Europa. Omgrepet er på mange måtar svært relativt. Når ein berre tenkjer på område nord i Europa, vil ein t.d. kunne spørje seg korfor ikkje den russiske delen blir rekna med til ”Norden” – eller eventuelt Skottland og delar av Nord-Tyskland. Folk som bur i Afrika, Amerika eller Asia vil nok heller ikkje utan vidare forbinde noko med namnet Norden, sidan dei har andre referansar når det gjeld retninga ”nord”.

Namnet Norden viser altså ikkje først og fremst til eit geografisk område, men til eit område med fleire land som på ein eller annan måte utgjer eit kulturelt og politisk fellesskap. Norden som eit ”land” var jo faktisk eit tronfellesskap under Kalmarunionen frå 1397 til 1523. Finland var den gongen ein del av Sverige. I dag har vi bl.a. offisielle organ som Nordisk råd og Nordisk ministerråd som arbeider politisk for eit godt samarbeid mellom dei nordiske landa. Så det geografiske og kulturelle fellesskapet er reelt og levande. Det språklege fellesskapet er derimot litt meir broket.

Når vi snakkar om det nordiske fellesskapet, er ”nordisk” ein geografisk og politisk term. Men når vi snakkar om dei nordiske språka, viser ”nordisk” til ei gruppe språk som utvikla seg vidare ut frå germansk, som i sin tur var ei grein innanfor den indoeuropeiske språkfamilien. Andre moderne språk som utvikla seg frå germansk, er t.d. engelsk, tysk og nederlandsk. Det er derfor vi ofte synest desse språka er lettare å lære enn andre språk.

Omgrepet ”nordisk” har altså her å gjere med språkslektskap og ikkje med geografi. Sjølv om Finland geografisk sett er nabo med Noreg og Sverige, er finsk språk ikkje i slekt med norsk og svensk. Norsk og svensk er nordiske språk, mens finsk er eit såkalla finsk-ugrisk språk. Finsk er i slekt med t.d. ungarsk, men altså ikkje med dei nordiske språka. Samisk høyrer også til den finsk-ugriske språkfamilien. Sjølv om vi har mykje felles kulturelt og politisk i Norden, er Norden og nordisk to omgrep som ikkje nødvendigvis refererer til det same.


Innanfor nordisk kan ein eventuelt også skilje ut skandinavisk. Då snakkar ein som regel berre om språka i Noreg, Sverige og Danmark. For tusen år sidan kunne ein skilje mellom vestnordisk og austnordisk. Vestnordisk blei til norrønt (gammalnorsk), som så utvikla seg vidare til norsk, islandsk og færøysk (og norn, tidlegare brukt på Orknøyane og Shetland). Austnordisk blei til svensk og dansk. Det gammalnorske språket heldt seg lenger på øyane i vest. Av naturlege (politiske) grunnar døydde norn ut i Skottland, men islandsk liknar svært mykje på gammalnorsk, mens færøysk har endra seg litt meir. I dag forstår vi ikkje utan vidare islandsk og færøysk, men vi skjønner relativt lett svensk og dansk.

Omgrepet Norden er altså først og fremst geografisk og politisk definert. Men ein kan faktisk også seie at språknamna norsk, svensk og dansk eigentleg først og fremst er politisk-geografiske omgrep. Norsk, svensk og dansk er språka vi snakkar og skriv i dei skandinaviske landa Noreg, Sverige og Danmark. Reint språkleg er derimot forskjellen mellom nasjonalspråka ikkje større enn forskjellen mellom ulike dialektar i desse landa. Det er nok mange i Noreg som skjønner standard svensk eller dansk betre enn t.d. setesdalsk. Og i diskusjonen rundt nynorsk som sidemål høyrer ein ofte frå motstandarane at ein heller bør jobbe med svensk og dansk.

På same måte som det finst eit politisk samarbeid mellom dei nordiske landa, har ein også i lang tid hatt eit språkleg samarbeid mellom Noreg, Sverige og Danmark. Og ein hadde faktisk også tankar om å lage eitt felles skandinavisk språk. Det blei det aldri noko av – men det er av politiske grunnar, ikkje av språklege grunnar. Reiser vi til utlandet, skryt vi jo gjerne av at alle forstår alle her oppe i nord. Og sett – høyrt – utanfrå snakkar vi jo alle eitt språk i Noreg, Sverige og Danmark: skandinavisk. Ikkje rart at dei der ute trur at Noreg er hovudstaden i Sverige då – og ikkje rart at folk i andre land ikkje skjønner korleis vi kan krangle om nynorsk og bokmål i eit så lite land som Noreg. Men når ein går frå språk tilbake til geografi og prøver å finne ut kven Ola Nordmann eigentleg er, så bur han no som regel svært einsamt og er vant til å gjere som han vil – uansett.