Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Kva rakar det deg om eg rakar?". Hamar Dagblad, 15.03.2012, s. 17. [>pdf av denne artikkelen]
Kva rakar det deg om eg rakar?
 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Her om dagen blei eg nesten «mobba» av kollegaene mine då eg fortalde at eg raka snøen i hagen min utover for at plenen skulle bli fortare grøn igjen etter vinteren. Eg er kanskje litt utolmodig og vil gjerne hjelpe våren litt med dette tunge arbeidet. Men det var visst ingen av kollegaene mine som gjorde noko slikt, og det blei mykje moro ut av dette. 

For min del førde det til at eg byrja å tenkje på sjølve ordet «rake». Verbet fanst allereie i gammalnorsk som «raka» med same tyding som i dag, å kare eller sope saman, eller å barbere. Ei rake består av ei rad med taggar som lagar rette linjer når ein rakar. I staden for å seie at ein rakar, ville ein kanskje også kunne seie at ein rettar ut.

Verbet «rake» heng saman med adjektivet «rak», som tyder rett eller bein. Adjektivet «rak» er faktisk også i slekt med ordet «rett», som på engelsk er «right» og på tysk «recht», og som går tilbake til germansk «*réhta-». Ifølgje Bjorvand og Lindemann si etymologiske ordbok kan ein også setje ordet «strak» i samband med «rak»; tydinga er jo å vere utstrekt, dvs. rett, rank eller også stram. Hit høyrer også «straks», som er rett no eller med éin gong, og verbet «strekkje». Begge orda ser ut til å ha blitt lånte via tysk. Engelsk har «stretch» for «strekkje», og den germanske forma reknar ein med var «*s(t)rakjan». Avleidd av «rak» er også verbet «rakne», som opphavleg tydde å rette seg ut», men som no tyder å gå opp eller løysne.

I same tydingsland finn vi også avleiingar med «rek-», t.d. ordet «rekne», som jo ofte er å få tal på rekkje. Engelsk har t.d. også «reckon» for å rekne ut eller å anta, og på tysk er ordet «rechnen». Substantivet «rekkje» er som regel ting som står rett på ein eller annan måte, og å rekkje ut ei hand er å føre handa strake vegen framover. I gammalnorsk brukte ein «reka» om bl.a. å drive, jage, støyte, slå, kaste m.fl., og «rekved» er då også ved som driv. «Reka» hadde også ei sideform «vreka», som sjølvsagt har samanheng med «vrak». «Rakstr» var rak, drivgods eller rekved, mens «rakstejenta» eller «rakstetausa» helst rakar høy. Tja, og denne raksteguten rakar altså snø. Det blir fine rette linjer, og viss eg har rett, rettar sola dei varme strålane sine rett mot plenen og rettar opp igjen inntrykket eg har etterlate på jobben, og eg kan igjen stå rett og rank og strak i ryggen og helse våren velkommen minst to dagar før dei andre som ikkje rakar.