Utilbørleg språkhets
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
Bjørn Kristen Ørbæk skriv i
Hamar Dagblad 1. mars under overskrifta ”Utilbørlig
språktvang” mykje av det same han har skrive før, og
det meste er like utilbørleg som før.
Nynorsk
og bokmål er jamstilte skriftspråk. Å finne nynorsk i ”vanlege”
lærebøker ved sida av bokmål bør vel heller vere naturleg enn at
nokon meiner det blir ”pressa inn”.
Nynorskbruken i offentleg forvaltning er og har vore eit heller
trist kapittel, men at Noregs Mållag skulle ha greidd ”å få de
politiske myndigheter med på en kraftig økning”, er nok litt vel
optimistisk. Mållova som Ørbæk stadig kritiserer, skal sikre at
begge skriftspråka er representerte med minst 25 %. Ørbæk bør byrje
å leggje fram konkrete tal som viser at nynorskdelen har komme opp i
25 % eller over.
Ørbæk
skylder på at folk i offentleg forvaltning ikkje kan nynorsk godt
nok for å kunne følgje opp norsk lov. Samtidig krev Ørbæk at
nynorsken skal forsvinne ut av skolen eller bli valfri. Det er som å
seie at alle som ikkje greier å halde fartsgrensene i trafikken, bør
få gjere som dei vil, og at opplæring i trafikkreglar bør bli valfri
på køyreskolane.
Dei
fleste køyrer litt for fort i trafikken. Etter Ørbæk sitt
demokratisyn bør det vel då vere fritt fram for det store fleirtalet
av det norske folk som ønskjer seg frie fartsgrenser.
Vanlege
sjåførar skal jo berre fortast mogleg til og frå jobb, og dei møter
ikkje desse problema som yrkessjåførane har måtta leve med ei
årrekkje – overdimensjonerte fartsgrenser på alle offentlege vegar.
Mange tenkjer ikkje over at dette vanvittige kravet påfører
samfunnet store utgifter. Politi som må jobbe i vind og vêr for å ta
fartssyndarane, og alle fartsbøtene som fører til personlege problem
i heimen. Alle dei ulike fartsgrensene fører dessutan til rot i
skiltjungelen og trafikal usikkerheit. Dei ulike fartsgrensene er
konstruerte og unaturlege for 90 % av befolkninga.
I håp om
at politikarar og andre i leiande posisjonar skjønner at Ørbæk sitt
syn på demokrati og tvang ikkje heng i hop, skriv eg om og om igjen
innlegg i avisene der eg svarer Ørbæk og ber om dei same
spelereglane for alle. |