Skrei frå Toten?
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
Det er ivrig lesing på dei ulike
mjølkepakkane om morgonen. Mjølk frå gardar på
Austlande. Éin av gardane ligg på Skreia. Så kjem
det frå romsdalingen ved bordet: «Eg har alltid
meint at Skreia ikkje passar som namn på ein stad i
innlandet. Skreia bør jo liggje ved kysten, i
Nord-Noreg!» Dette verkar rimeleg med det same,
spesielt sidan skreien nettopp har funne vegen til
fiskebutikkane.
Personleg hadde eg ikkje tenkt over dette forholdet – eller
misforholdet. Men no måtte eg jo grave litt i den språklege (bak-)grunnen.
Ein vanleg måte å lage substantiv på i eldre tid var å ta
utgangspunkt i ei fortidsform av verbet. Ordet «skrei» passar med
bøyinga til første klasse sterke verb, dvs. slike som «skrive –
skreiv – har skrive» eller også «skride – skreid – har skride». På
gammalnorsk ville ein ha skrive «skríða – skreið – hefir skrifit».
Edd eller stungen d fall ofte bort i utviklinga frå gammalnorsk til
moderne norsk, eller han blei eventuelt til d. På bokmål har ein
derfor to valfrie bøyingsformer «skred» og «skrei», mens nynorsk har
«skreid» for preteritum av «skride».
Det er
altså ikkje så vanskeleg å finne fram til ei ordform som kan passe
til anten stadnamnet eller fiskevarianten – eller begge. Men korleis
er det då med tydinga?
Ordet
«skride» (eller «skri») er ført opp med fire tydingar i
Nynorskordboka: 1 gå, flytte seg jamt frametter, 2 gli, rase, 3 gli
på snø, is el. eit anna glatt underlag; ake, løype, renne, og 4
skyte aks.
Stadnamnordboka til Sandnes og Stemshaug kan fortelje oss at Skreia
gjeld eit åsparti og ein tettstad i Østre Toten. Den gammalnorske
forma var det feminine substantivet «skreið», som tyder skriding
eller rørsle framover. I moderne norsk har ein «skrei» for følgje
som skrid fram, flokk, hop. Sandnes og Stemshaug reknar med at ein i
byrjinga brukte namnet på dei bratte, rasfarlege bergsidene på
vestsida av Mjøsa. Ei anna substantivavleiing i denne samanhengen er
sjølvsagt «skred», gammalnorsk «skrið», som er laga til preteritum
fleirtal (skriðu) istf. eintal (skreið). Stadnamnet har altså å
gjere med snøen som eventuelt rasa eller gleid nedover åssidene –
kanskje han berre flytta seg jamt frametter òg.
Korleis
er det så med skreien frå Lofoten? Slår ein opp i Nynorskordboka,
får ein vite at hankjønnsordet «skrei» har samanheng med
hokjønnsordet «skrei». Men elles står det berre at det er
«gyteferdig torsk (som samlar seg på kystbankane om vinteren og
våren)». Vi er likevel i same tydingslandskap (eller –hav). Skreien
er torsken som flyttar seg jamt frametter og inn mot kysten for å
gyte.
Både
Skreia og skreien viser altså til ei rørsle, og skreien er dermed
ikkje nødvendigvis bunden til havet. Mens eg heldt på å lure og
fundere over skrei og Toten, måtte eg sjølvsagt også sjekke
nettsidene til Toten Transport, og dei kan fortelje at dei no tilbyd
turar til og frå Portugal og Spania. Det skulle ikkje forundre meg
om dei også køyrde skrei. |