Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Talemål og skriftspråk i skolen" i Hamar Dagblad, 23.02.2012, s. 15 [pdf av innlegget].
[Også trykt i Hamar Arbeiderblad, 24.02.2012, s. 28. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Bjørn Kristen Ørbæk: "Om språklig identitet", Hamar Dagblad, 16.02.2012, s. 18  [pdf av innlegget] [også trykt i Hamar Arbeiderblad, 16.02.2012, s. 34 (pdf)].
 
Talemål og skriftspråk i skolen

 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark / Hamar dialekt- og mållag
__________________________________________________________
 

Bjørn K. Ørbæk skriv 16.2. i både HA og HD om språkleg identitet, men er igjen ute med påstandar som ikkje held vatn.

Ørbæk krev ei eksamensfri forankring i eige talemål og eige kulturgrunnlag. Elevane snakkar som regel sin eigen dialekt i skolen, og når dei får karakter i munnleg, er det for innhaldet i det dei seier, og ikkje for korrekt dialektbruk. Undervisninga er også forankra i vår kultur, utan at dette i seg sjølv blir vurdert i form av eksamen.

Ørbæk påstår at opplæring i nynorsk svekkjer dialekttilhøyrsla. Dei fleste elevane jobbar så lite med nynorsk at dette neppe vil kunne påverke dialekten. Over heile landet kan vi derimot observere at folk flest normaliserer mot bokmål. Hedmarkingar gjev t.d. opp former som «je» og «itte» til fordel for «jeg» og «ikke». Årsaka er å finne i bokmål, Oslo-mål og eit mindreverdig forhold til sin eigen dialekt.

At elevar med vestnorske dialektar har ein fordel pga. sitt «særspråk» er like urimeleg. I den grad det finst nokon «vinnarar» i språkutviklinga, er det Ørbæk og dei som ønskjer ei utvatning av dialektane til fordel for eit bokmålsbasert talemål over heile landet.

Ørbæk har i årevis halde fast på at nynorsk er eit vestnorsk særspråk. Dette må nok bl.a. NRK ta mykje av skylda for, sidan ein gjerne har brukt vestlendingar som nyheitsopplesarar når ein skulle bruke nynorsk som normert talemål. Men nynorsk er i utgangspunktet først og fremst eit skriftspråk.

Ingen påstår at nynorsk er vårt eigentlege morsmål! Morsmålet til dei fleste i Noreg er norsk. Norsk består av hundrevis av dialektar og sosiolektar og har to offisielle skriftspråk. Dei færraste barn lærer å snakke skriftspråk, og dermed er verken nynorsk eller bokmål morsmål i denne samanhengen.

Ørbæk meiner ein trampar på folks identitet ved å krevje at det norske språkmangfaldet blir gjort til ein del av pensumet i skolen. Men han er ikkje villig til å sjå på at han sjølv gong på gong trampar på folk sin identitet ved å ikkje ville gje det andre offisielle skriftspråket sin rettmessige plass i skolen og i det norske samfunnet.