Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Målsak". Hamar Dagblad, 16.02.2012, s. 18. [>pdf av denne artikkelen]
Målsak
 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

«Mål» er eit artig lite ord – eller også mange ord. Mål kan blant anna tyde «sak». Så då er målsak det same som saksak? I Nynorskordboka er «mål» ført opp to gonger. Det første oppslaget har heile fjorten ulike tydingar, og det andre har fem. I Bokmålsordboka er forholdet tolv til tre. Dermed er ordet kanskje eitt av dei orda vi har i norsk med flest ulike tydingar. Då er det nesten rart at vi som regel veit korleis vi skal tolke ordet «mål» i ulike kontekstar.

Det første oppslaget i ordboka har ei hovudtyding som har med storleik eller mengd å gjere. Alle dei andre tydingane som er førde opp under dette oppslaget, kan relaterast til dette på ein eller anna måte. Det gammalnorske ordet var «mál». Så her har det ikkje skjedd noka stor endring. Vokalen har skifta kvalitet ved å flytte litt lenger bak og bli rundare. Tysk har framleis lang a, men to ulike skrivemåtar: «Mal» og «Mahl». Ein skriv «dieses Mal» for «denne gongen» og «dieses Mahl» for «dette måltid». Engelsk derimot har «meal». Dette kan verke litt merkeleg med det same, men er heilt forståeleg dersom ein har høyrt om fenomenet bryting. Ved bryting «bryt» ein a (eller u) frå endestavinga seg framover og smeltar saman med vokalen i hovudstavinga. Dette forklarer forskjellar som tysk «Herz» mot engelsk «heart» og norsk «hjarte». I engelsk og norsk braut den gamle a-en seg framover, mens han i tysk berre blei borte. Når vi så veit at det germanske ordet for «mål» var «*mela-«, forstår vi den engelske utviklinga. Bjorvand og Lindemann kan i «Våre arveord» fortelje at tydinga i germansk var (måle)merke eller tid(spunkt).

Det andre oppslaget i ordboka har hovudtydinga tale, taleevne eller språk, men også sak eller avtale. Ein reknar med at det ligg eit germansk ord «*máþla» til grunn for denne tydinga. Den gamle þ fall gjerne bort framfor l, jf. t.d. norsk «nål» versus engelsk «needle» eller tysk «Nadel». Det ser ut til at mål i denne samanhengen er eit gammalt rettsuttrykk med tydinga «rettssak». I gammalnorsk tydde «mál» bl.a. også «ting» eller «forhandlingsmøte». Innanfor tysk historie har ein då òg namnet eller uttrykket «Mahlstatt» for «ting» eller «rettsstad». Bjorvand og Lindemann meiner bruken av «mål» med tydinga «tale» eller «språk» har utvikla seg fordi ein måtte tale si sak på tinget; ein har jo elles også ordet «mæle» for å snakke.

Eg sjølv er jo oppteken av det vi kallar for «målsak». Målfolk ønskjer gjerne å tale skriftspråket og talespråket si sak. Men i samband med målsak tenkjer dei fleste nok helst på nynorsk. Nynorsk byggjer jo på dei ulike talemåla i Noreg. Når vi snakkar om skrift, snakkar vi gjerne om «skriftspråk», sjølv om vi også bruker ordet «målform». Når vi snakkar om ulike dialektar, snakkar vi om «målføre», dvs. måten vi fører målet vårt på. Det spørst elles òg kva og korleis ein ønskjer å måle – eller mæle. Men hovudpoenget bør vel vere at ein ikkje blir mållaus – verken i den eine eller den andre tydinga.