Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Kva seier hesten?". Hamar Dagblad, 09.02.2012, s. 18. [>pdf av denne artikkelen]
Kva seier hesten?
 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Her om dagen kom det ein student til meg, både litt fortvila, men òg litt sikker i si sak. Ho hadde snubla over følgjande setning i ei barnebok: «hesten sier vrinsk». Det går då vel ikkje an å seie eller skrive det, meinte ho. Kua seier «mø». Grisen seier «nøff». Men hesten seier ikkje «vrinsk»; han vrinskar. Her måtte vi sjølvsagt gjere ein innsats og sjekke bakgrunnen til ordet.

Med det same vil ein jo kunne tru at «vrinsk» var eit såkalla onomatopoetikon, dvs. eit lydhermande eller lydmålande ord. Vrrrrrriiiiinsk! Tja, etter å ha prøvd kvar for oss og litt i kor, kom vi fram til at det eigentleg ikkje høyrdest så veldig ut som ein hest. Når ein la tilstrekkeleg med trykk og entusiasme i det – kanskje. Som språkvitar tenkte eg elles at sk-endinga likna mistenkjeleg på ei eller anna form for avleiing. Men ville eit ord som «vrinsk» i det heile eigne seg for å herme etter kneggjelyden til hesten? Kanskje viss nokon prøvde å vriii om halsen på den? Nei, dette måtte nok undersøkjast nærmare.

Det tilsvarande engelske verbet er «whinny», som med litt fantasi faktisk kunne høyrest ut som ein hest, og det tyske verbet er «wiehern». Det svenske ordet er «vrenskas», som i praksis er det same som det norske.

I Nynorskordboka kan ein lese at «vrinske» tyder det same som «kneggje» og at det har samanheng med substantivet «vrinsk». «Vrinsk» er då det same som «knegg», og setningsdømet som er brukt i ordboka er: «hesten sette i eit vrinsk». Tja, det stod i alle fall ikkje at hesten «sa» vrinsk. Men under «vrinsk» finn ein også adjektivet med same form. Det tyder brunstig eller paringshuga, eller også brålynt eller hissig. Bak adjektivet står det også at det er avleidd av verbet «vrine». Altså slår vi opp der.

Under «vrine» finn ein ut at det er eit sterkt verb: vrine, vrin, vrein, har vrine, og at det har samanheng med «vrinske». «Vrine» kan tyde kvine, skrike, kneggje kvast eller å lyfte nasen og øvrelippa, flekkje tenner eller også å gjere vondt eller stikke. Men det står også at «vrine» har samanheng med det norrøne ordet «reini», som tydde hest.

Kva seier så Falk og Torp si etymologiske ordbok om ordet «vrinske»? Der står det mykje som vi allereie hadde funne ut. Men det står også meir konkret at «vrine» tyder å lyfte eller vrenge overleppa og nasen i paringslyst. Og – tru det eller ei – så kjem vi faktisk fram til ordet «vri» likevel. Men samtidig har ein også dei angelsaksiske orda «wræne» for «kåt» og «wrænsa» for kåtskap, og gammalsaksisk «wrenio» for «hingst». Både i eldre tysk og nordisk fell v-en bort, og ein hadde altså «reini» i gammalnorsk og «reine» i mellomhøgtysk, mens vi i moderne norsk og tysk helst bruker «hingst» og «Hengst» for dette kåte dyret. Ordet «rein» som i «reinsdyr» har derimot ingenting med hest å gjere. Det kjem av eit indogermansk ord «*croino», som er i slekt med «horn», kan Falk og Torp fortelje.

Uansett korleis ein vrir og vender på det, ser det ikkje ut til at hesten kan seie «vrinsk». Han kan vrine og vrinske, og han kan setje i eit vrinsk, som då er å flekkje tenner og kneggje i brunst. Kan dette også bli oppfatta som ein lyd? Kanskje. Vrrriiinsk!

Orda «whinny» og «wiehern» frå engelsk og tysk blir derimot rekna til lydhermande ord. I dtv si etymologiske ordbok for tysk kan ein lese at den gamle germanske grunnforma «*hwí» gjerne blei brukt til å lage lydhermande ord med. Det islandske ordet for «wiehern» er då også «hvía», som ser veldig germansk ut, og tilsvarande har vi på bokmål og nynorsk «hvine» og «kvine». Men «hvin» eller «kvin» bruker vi jo som regel ikkje om hest. Uansett seier ein vel ikkje «han eller ho sa kvin» heller. Ein kvin – og hesten kan vrinske eller vrine eller kneggje. Men i teikneseriane står det vel gjerne «knegg, knegg»? Er det noko ein seier, eller det noko ein gjer? Tja, kva seier du?