La det bli lys
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
Vi går heldigvis lysare dagar i
møte, og då blir alt så mykje lettare. Let there be
light! På engelsk og tysk er lys «light» og «Licht».
Vi ser med éin gong at det i utgangspunktet er det
same ordet, men at vi har hatt ulike lydendringar i
dei tre språka.
Engelsk
og tysk har – eller i alle fall har hatt – eit g/k/h-element i
ordet. I engelsk forsvann sjølve lyden, men blei ståande i skrift.
Engelsktalande seier stort sett «lait». I tysk blei g/k/h-lyden til
ein [x], dvs. ein ach-lyd i nyare tid. Dei nordiske språka har mista
dette lydelementet, men alle språka har ein i/y-lyd, som i engelsk
har blitt diftongert til ai. Når det gjeld s versus t, er dette ei
relativt vanleg veksling.
Ordet
for lys startar med l i dei tre språka og har så ein vokal som i
utgangspunktet er ein type i/y-lyd, som i engelsk altså blei
diftongert. Lange i-ar i germansk blei gjerne diftongerte i engelsk
og tysk, jf. t.d. «is» i nordisk versus «ice» og «Eis» i engelsk og
tysk. I tysk er diftongering av germansk lang i svært regelmessig,
men her har tysk faktisk ein kort i «Licht». Dette tyder på at ein
ikkje bør rekne med at det var ein lang i som var utgangspunktet
her.
No har
jo nynorsk også forma «ljos», og svensk har «ljus». I gammalnorsk
hadde ein «ljós». Den gamle lange ó-en kunne bli til både o og u i
seinare tid, og ein j i eit ord kan føre til omlyd, slik at ein får
ø eller y. Nokre gonger fall j-en bort, og då fekk ein t.d. forma
«lys», og andre gonger blei han også ståande, og i hedmarkske
dialektar har ein derfor forma «ljøs».
Men kvar
er g/k/h-elementet oppi det heile? Ifølgje Falk og Torp si
etymologiske ordbok var den germanske grunnforma *liuhsa. Der finn
ein altså alle lydelementa vi har i dei moderne germanske språka. I
nordgermansk blei i-en etter kvart ein glidelyd, dvs. ein j, mens
u-en i nokre dialektar blei senka til o på grunn av a-en som stod i
endinga. H-lyden er skriven som ch i moderne tysk, og blei skriven
som gh i tidlegare engelsk, mens han framleis blei uttalt. Den
germanske ach-lyden er som regel eit resultat at ein tidlegare k-lyd,
og den indogermanske forma var då også «*leukos» ifølgje Falk og
Torp, mens den tyske Kluge fører opp «*leukot», altså ei form med t.
Det er uansett den same ordrota som ein finn i «leukemi», som er ein
sjukdom som gjeld dei kvite blodlekamar. I nordisk (og litt seinare
i engelsk) forsvann lyden og førde berre til ei lenging av
vokallyden. S-/t-vekslinga var der allereie i germansk. Nordisk
heldt på s, mens engelsk og tysk fekk t i utlyd.
Som
felles ordrot for lys i dei indogermanske språka kan ein bruke «*luc/luk».
Det skal ikkje mykje fantasi til for å skjønne at Lucifer er eit
passande namn på «Lysets engel», og at «lux» bl.a. er ei måleeining
for lysstyrke. Det er også namnet på såpeprodukt som lover å vaske
kvitare enn kvitt, og det finst òg igjen i det tyske ordet «Luchs»
(gaupe), som eg har skrive om før. «My name is Luka» er ei lite lys
eller lystig historie, og vår germanske gud «Loke» har nok arva dei
mindre lyse sidene sine frå sjølvaste Lucifer. Den gamle ordrota har
fått fornya interesse blant ungdom dei siste åra, og eg vil avslutte
med eit trylleord som Harry Potter og vennene brukte flittig: «Lumos»!
Eller «Fiat lux», som ein ville kunne lese i ei latinsk
bibelomsetjing. La det bli lys! |