Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Dialekt og målformer" i Hamar Dagblad, 19.01.2012, s. 17 [pdf av innlegget].
[Også trykt i Hamar Arbeiderblad, 18.01.2012, s. 26. [>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til Bjørn Kristen Ørbæk: Nytt språkbrev til de politiske partier, HA, 13.01.2012, s. 24  [pdf av innlegget] [også trykt i Hamar Dagblad, 19.01.2012, s. 17 (pdf)].
Dialekt og målformer
 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Først og fremst ønskjer eg å gratulere Bjørn Kristen Ørbæk og Stange morsmålsforening med initiativet til å gje ut ei bok på stangemål. I det siste har fleire peika på at mjøsdialektane blir meir og meir utvatna, og at stadig færre bruker heimemålet («morsmålet») sitt. Når det gjeld utvatning og såkalla «normalisering» av mjøsdialektane, så går dette berre éin veg: mot Oslo-basert bokmål. Desto vanskelegare er det for meg å forstå at Ørbæk og likesinna samtidig er dei største nynorskmotstandarane ein kan tenkje seg, som ikkje skyr tilbake for å forvrenge fakta og drive med propaganda som om det var fanden sjølv det gjaldt å fordrive.

Eg har argumentert mot alle påstandane som Ørbæk presenterte i HA fredag 13.01., før. Alt dette er godt dokumentert og kan eventuelt også lesast på Internett for dei som måtte vere interesserte. Men sidan HA har blitt mykje meir restriktiv når det gjeld lengda på innlegg, og sidan denne debatten har blitt ført i HA i mange år, utan at dette har ført til at dei same forvrengde påstandane blir trykte om igjen og om igjen utan større endring, bør det vel halde med å konstaterte at Ørbæk og eg berre er grunnleggjande ueinige når det gjeld vårt syn på dei to offisielle målformene i Noreg.

Når det er sagt, bør ein også erkjenne at både Ørbæk og eg (og Noregs Mållag) er opptekne av å bevare og styrke dialektmangfaldet i Noreg. Derfor vil eg invitere både Ørbæk og medlemmane i Stange morsmålsforening til eit samarbeid med Hamar dialekt- og mållag – sjølv om dette laget då faktisk meiner at vi framleis skal ha to offisielle, sidestilte og likeverdige skriftspråk i Noreg. Men eg trur bestemt at ein kjem lenger med toleranse og samarbeid enn med mobbing og undertrykking av kulturelt og språkleg mangfald.