Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Smørblid med smør og perler for svin". Hamar Dagblad, 12.01.2012, s. 15. [>pdf av denne artikkelen]
Smøblid med smør og perler for svin
 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

I desse smørkrisetidene får ein visst smøre seg med tolmod viss ein har lyst på skikkeleg smurning. Ordet «smør» har vi faktisk allereie hatt i gammalnorsk, ved sida av forma «smjQr», som ikkje har i-omlyd. I utgangspunktet er smør feitt eller talg, noko som lèt seg smøre utover. Verbet blei laga til substantivet.

Engelsk har verbet «smear» og tysk har «schmieren», mens det gammalnorske verbet var «smyrja» eller også «smyrva». Ein hadde også ordet «smurning», som vi framleis har i dag. Det kunne bl.a. også tyde «salving», og i overførd tyding også «muting» (bestikkelse). Det er tydeleg at også vikingane visste korleis dei skulle halde hjula i gang.

Til smøring av hjul bruker tyskarane «Schmiere», som har det same opphavet som «smør». Men på brødskiva bruker ein derimot helst «Butter» - viss ein ikkje føretrekkjer «Margarine». «Schmiere» kan likevel også brukast om eitt eller anna smørbart pålegg. I tillegg kan ein «Schmiere bekommen», som tyder å få bank. Elles så kan «Schmiere» ifølgje den tyske Duden òg brukast om eit dårleg provinsteater. I tillegg kan ein også «Schmiere stehen», dvs. stå vakt. Men dette ordet er lånt frå jiddisk «schmiro» med tydinga «vakt/vaktar», og går tilbake på hebraisk «šamar» for å vakte. Elles har tysk også ordet «Schmer», som svarar direkte til «smør» og som blir brukt om bukfeitt, spesielt hos gris, mens ein «Schmerbauch» hos ein mann som regel er lite kledeleg.

Ifølgje Falk og Torp si etymologiske ordbok brukte ein i tysk elles også «kuosmero», dvs. «kusmør», om smør før «butira» og seinare «Butter» blei det vanlege ordet for smør i tysktalande land. «Butter», som også er det vanlege ordet i engelsk, går tilbake på latin og gresk, der tydinga opphavleg var «kuost». Dei gamle grekarane brukte olivenolje, men kjende til smør som ein matrett frå nordlege folk, deriblant germanarane, kan ein lese i DTV si etymologiske ordbok for tysk.

Falk og Torp kan elles fortelje om at ein også hadde ei ordform utan s, som ein bl.a. finn i gammalnorsk «mQrr» for innmat og feitt i innvolar, og som vi også finn i morpølsa. I tillegg kunne den gamle ordrota *(s)mu visst også tyde å skitne til, jf. orda «mudder» og «smuss». Ein og annan kjenner kanskje igjen ordet «merda» frå latin for «dyrisk ekskrement», som også er flittig brukt som bannordet «merde» i fransk.

Det er jo mange som har blitt ekstra glad i smør i det siste, og eg håpar at denne språklege ekskursjonen ikkje har øydelagt appetitten til alle smørbukkane der ute. Men ein kan godt vere smørblid med margarin, som er eit ord frå fransk, som blei laga på 1800-talet som eit uttrykk for kunstig laga smør. Ordet margarin går tilbake på gresk «márgaron», som tyder «perle» - som også har samanheng med blomsten margeritt. Ordet blei teke i bruk for å beskrive fargen på blandinga av stearin- og palmitinsyre, som var starten på den første margarinen.

Når eg tenkjer meg om, høyrest det eigentleg meir freistande ut med perler og margerittar enn med «Schmerbauch». Lågkarbo? Folk blir vel snart lei heile smørja.