Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Julekveldsvisa for alle". Hamar Dagblad, 22.12.2011, s. 15. [>pdf av denne artikkelen]
Også trykt i Gudbrandsdølen Dagningen, 23.12.2011, s. 2 [>pdf] og Oppland Arbeiderblad, 24.12.2011, s. 21.
Julekveldsvisa for alle
 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Kan du den første linja i Julekveldsvisa? På Wikipedia kan ein lese at Julekveldsvisa ofte blir kalla «Nå har vi vaska golvet». Sjekkar ein «Nå har vi vaska golvet og vi har børi ved» på Google, får ein nesten 6000 treff. Den eine eller andre blant lesarane vil kanskje protestere. Det heiter då ikkje «nå har vi vaska golvet»! Søkjer ein på «nå har vi vaske golvet og vi har børi ved», får ein i underkant av 8000 treff. Det er altså rimeleg jamt fordelt mellom desse to variantane. Eg har til og med funne ordforma «vaska» i ei barnesongbok, sjølv om resten av teksten til Julekveldsvisa var nokolunde korrekt.

Korfor er det så mange som trur at den første linja er «nå har vi vaska golvet»? Grunnen er nok at dei aller fleste dialektane i Noreg faktisk har «vaska» som bøyingsform, og det er også den forma som er felles for bokmål og nynorsk. Det er på den måten ei samlande ordform, og det kanskje ei av «hemmelegheitene» bak suksessen til Julekveldsvisa. Nettopp fordi denne visa er skriven på dialekt, kan dei fleste kjenne seg igjen i språket. Det er ikkje så mykje ein treng å tilpasse den eine eller den andre vegen.

På nynorsk kan ein inntil vidare skrive både «bori» og «brunni». I mange dialektar har ein i tillegg i-omlyd på grunn av i-endinga. Derfor heiter det «børi» og «brønni». Desse formene vil nok kunne oppfattast som spesielle dialektformer av folk som identifiserer seg med såkalla standard austnorsk, som hovudsakleg er basert på bokmål. På bokmål kan ein berre skrive «båret» og «brent». Men for nokon med nynorsk som referanse, er desse dialektformene absolutt akseptable og ikkje det minste eksotiske. Også «fortælja» vil mange her på Austlandet sjå på som ei typisk dialektform – knytt til ein dialekt utan særleg mykje status, trur ein gjerne. Men «fortelja» er også heilt kurant nynorsk, og ein god representant for det folkelege i Julekveldsvisa.

Dialektane i Hedmark og Oppland passar gjerne i større eller mindre grad med både bokmål og nynorsk som skriftspråkleg referanse. Det er synd at mange vel å ta eit relativt sterkt standpunkt mot nynorsk som sitt skriftspråk og sin språklege identitet. Når Julekveldsvisa er skriven på dialekt, ei språkform som verken er offisielt bokmål eller nynorsk, er Julekveldsvisa nøytral og språkpolitisk «ufarleg». Alle kan akseptere, like og kanskje elske Julekveldsvisa. Det er heller ingen grunn til å ha bokmåls- og nynorskversjonar av den same songen. Julekveldsvisa passar alle slik som ho er.

Når det no har vore ein diskusjon om Julekveldsvisa fortener å bli rekna som ein salme, må ein kunne seie at Julekveldsvisa i alle fall har kraft til å samle folk og lage bru – imellom seg og himmelen – vi er like, eg og du. Du seier «je», og eg seier «æ», men det spelar inga rolle; Julekveldsvisa er like stor. God Julekveldsvise!