Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Møkkasnø". Hamar Dagblad, 15.12.2011, s. 15. [>pdf av denne artikkelen]
Møkkasnø!
 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Sist gong skreiv eg om opphavet til ordet «snø». I mellomtida har snøen komme for alvor, og den eine og andre av oss må ut og rydde innkøyrselen og/eller fortauet for snø – vi må ut og moke.

Sidan dei fleste lesarane her i området nok skriv bokmål, vil dei nok synast at ordet «moke» ser litt merkeleg ut. Bokmålsforma er jo «måke» - akkurat som fuglen, som eg personleg ville ha kalla «måse» (men det må bli ein annan tekst).

«Moke» og «måke» er same ordet. Men den nynorske varianten er meir etymologisk korrekt, dvs. i samsvar med tidlegare skrivemåtar og ordet som det er avleidd av. Bokmålsvarianten er meir i tråd med uttalen, og følgjer dermed det ortofone prinsipp, der ein prøver å skrive så lydrett som mogleg.

Sidan eg akkurat har moka snø i ein time, tenkte eg eg skulle gje uttrykk for kor møkkalei eg er av snømoking. Ordet «moke» er nemleg rett og slett direkte avleidd av ordet «møkk»; og det er derfor vi skriv «moke» med o på nynorsk.

Møkk (eller også møk) var «mykr» på gammalnorsk og hadde i tillegg ei sideform «myki». Ein reknar med at substantivet «mykr» heng saman med adjektivet «mjúkr», som på bokmål har blitt til «myk». Eg treng vel ikkje å utdjupe assosiasjonane nærmare. Det er ikkje vanskeleg å førestille seg korleis møkka har fått sitt namn.

Vi har elles også ordet «mødding» (nynorsk: motting), som har utvikla seg frå danske «møgdynge». Når eg ser på alle snødungane ute etter at eg har moka ein heil time, er eg ikkje anna enn møkkalei. Men det er vel litt sunt òg – god trening er det i alle fall. Og heldigvis er det for det meste kvitt og reint og luktfritt. Når ein først må ut og moke, er det jo trass alt litt greitt at det «berre» er snø som ligg der i dungar.