Snedig med snø
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
Det
blei visst snø i år òg – og han kjem i mange
variantar, som laussnø og blautsnø, tørrsnø, finsnø
og kramsnø, sludd, slaps og skare, snødrev,
snøføyke, snøkav og snøstorm, som snøfnugg, snøflak
og kanskje kasta på deg som snøball. Du kjem sikkert
på fleire namn på snø sjølv. Det finst utalege
samansetjingar med «snø», og det finst ein del namn
på snø som ikkje inneheld ordet «snø».
Det er ikkje berre inuittane og samane som har mange ord for snø. Vi
har mange nok namn på norsk òg. Som regel lagar – eller eventuelt
låner – eit språksamfunn dei orda ein har bruk for, for å kunne
kommunisere om dei viktige tinga i livet. Nokon bruker visst òg
ordet «sastrugi», fleirtal av «sastruga», som er lånt frå russisk og
tyder «strømlinjeformede forhøyninger eller riller som dannes på
vinderoderte snøflater», som ein kan lese på Wikipedia.
Personleg synest eg eigentleg det er interessant nok at vi har minst
tre ulike variantar av sjølve ordet «snø», nemleg «snø»,
riksmålsvarianten «sne» og «sny», t.d. i Nord-Noreg. På tysk seier
ein «Schnee», som ikkje er mykje annleis enn den dansk-norske forma,
og på engelsk seier ein «snow». Sidan vi også har dei som har «snøv»
eller «snog» i dialekten sin, finst også den forma i norsk (jf.
variasjonen torv/torg, have/hage m.fl.).
Slår ein opp i Bokmåls- og Nynorskordboka, ser vi at «snø» er
eineform i standardnorsk, men at opphavet var «snjór» eller «snær» i
gammalnorsk. Allereie for tusen år sidan var det altså variasjon når
det gjaldt dette ordet. No er det jo først og fremst vokalen som
varierer i moderne norsk, og det var det openbert også i
gammalnorsk. Ein i- eller j-lyd kunne gjerne føre til at ein vokal
blei heva. Ein lang ó ville då bli til œ; og blei ó-en tolka som ein
á-variant, kunne den òg bli til æ. Etter at ein slik i- eller
j-omlyd hadde verka, kunne i-en eller j-en gjerne falle bort.
I Norrøn ordbok finn ein elles òg sideforma «snjár» for snø, og til
verbet «snjóva» hadde ein sideforma «snjáva». Der ser ein også v-en
som vi ser som w i engelsk «snow» eller dialektforma «snøv» med
varianten «snog».
Begge dei gammalnorske hovudordformene er altså lett å forklare. Med
såkalla progressiv i-/j-omlyd blir snjár til snær, og snjór blir til
snœr, der œ er teiknet for ein lang ø. R-en var berre ei ending for
kasusen nominativ, som vi som oftast kan sjå bort frå når vi prøver
å finne ut av gammalnorske ord.
Både sne/snæ og snø er altså former vi ventar å finne i moderne
norsk. Når det gjeld forma «sny», kan den ha oppstått på same måte
som «snø», dvs. via påverknad frå j-en i snjór; eller den kan ha
oppstått via ein såkalla regressiv i-omlyd. Det tyder at det må ha
stått ein i-lyd bak den trykktunge vokalen ó, som i så fall må ha
hatt kvalitet som ein moderne norsk o eller ein gammalnorsk u.
Vokalen u + i resulterer nemleg i y som omlydsprodukt. Sidan endinga
for bestemt form hankjønn (moderne norsk -en, altså «snø-en») var
–inn i gammalnorsk, stod det faktisk ein i bak rotvokalen. Ein kan
elles nemne at presensforma av å snø var «snýr» i gammalnorsk.
Forma «sny» kan ein altså også vente å finne i norske dialektar.
I Falk og Torp si etymologiske ordbok kan ein lese at gammalhøgtysk
hadde forma «snéo», som utan tvil liknar svært mykje på «snjó». Det
er berre å prøve å uttale «snéo» litt fort, så blir e-en til ein
j-lyd og trykket flyttar seg over på o-en. Angelsaksisk hadde forma
«snáw». Sidan den lange germanske a-en gjerne blei til ein å-lyd i
fleire germanske dialektar, fekk engelsk «snow». Dette er altså
skikkeleg kramsnø der alt heng godt saman.
Den germanske
ordstammen var visst *snaiwa-/*snaigwa.
Så eigentleg er alt
dette «Schnee von gestern», som det heiter så fint på tysk – gammalt
nytt. Grunntydinga til ordet er å klistre seg saman, og klister er
jo òg noko mange forbind med snø.
Snøen har visst komme og gått til alle tider og overalt der dei
indogermanske stammane har vandra, heilt til nokre av dei hamna her
oppe i nord. Snøen har sikkert opplevd den eine eller andre
klimakatastrofen òg. Men han er no her – og kjem igjen og igjen
kvart einaste år. Og han er meir eller mindre like kvit overalt –
akkurat som ordet snø er meir eller mindre det same i dei andre
germanske språka.
Når det er sagt, så er nok det finaste diktet om «snø» likevel
skrive av ein norsk nordmann frå Noreg. Det må vere Olav H. Hauge
sine vakre ord frå 1951: Rjupa einast kunde trø i den kvite skire
snø!
Blå var dagen.
Bjørki ute risa rim på himlens rute. Rjupa einast kunde trø i den
kvite skire snø! |