Fortauet?
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
Har du nokon gong lurt på kvar tauet er der ute på
gata der folk går? Har du kanskje tenkt deg at det
er det tjukke tauet som ein del utestader bruker for
å avgrense ein liten plass der dei kan ha
ølservering utanfor lokalet sitt? Eller har du
førestilt deg tauet ein kan sjå i gamle
western-filmar, utanfor saloonen, der barske
cowboyar kjem ut og svingar seg på hestane sine?
Eller sidan det er eit fortau, så er det kanskje eit
anna tau som kjem først? Men kvar er så dette tauet?
Det
finst ikkje noko tau på fortauet. Og i den grad det måtte finnast,
er det tilfeldig og har ingenting med sjølve namnet «fortau» å
gjere. Forleddet «for-« er for så vidt greitt. Det har vi jo i mange
ord, t.d. «forkant» eller «forhistorie», og det viser til noko som
ligg fysisk framfor noko anna, eller noko som skjedde på eit
tidlegare tidspunkt. Ordet «tau» har vi derimot berre med tydinga
«reip». Nynorsk har også forma «tog», som er det opphavlege
gammalnorske ordet for «tau». Men ordet «tau» har vi altså ikkje
åleine utanom forma «fortau».
Når
ein slår opp i Bokmåls- og/eller Nynorskordboka, finn ein ut at
ordet «tau» i «fortau» eigentleg kjem av gammalnorsk «tá», som viser
til ein opptrakka plass framfor hus, og som i moderne tid vanlegvis
er ein gangveg langs ein køyrebane. I eldre norsk rettskriving hadde
ein forma «fortaug» med g. I Falk og Torp si etymologiske ordbok,
som kom ut i 1903-06, kan ein lese at «fortaug» viste til ein
kvegveg eller ein jordstrimmel langs ei bygning.
Den
germanske ordforma som ligg til grunn for «tá», og i dag altså
«fortau», meiner ein er adjektivet *tanhu-, som tydde (og er i
praksis det same ordet som) «seig». Tysk har «zäh», mens engelsk har
«tough», som har utvikla seg frå det same germanske grunnordet. Den
opptrakka vegen var vel gjerne seig i konsistensen – i alle fall når
det regna, men Falk og Torp viser òg til ei tyding «å trykkje
saman», som kan relaterast til ordet «tengja» i gammmalnorsk. Det
var gjerne der folk og fe gjekk, der jorda blei trykt saman og det
oppstod små vegar. Og det er også innanfor innhegningane jorda blei
trakka opp mest. I same språklege landskap finn ein ordet «to», som
tyder grasflekk eller lita grasvaksen hylle i berg, ifølgje
Nynorskordboka.
Når
ein prøver å finne ei forklaring på ordet «fortau», er det fleire
plassar ein kunne ha tenkt eller ønskt seg eit tau, t.d. for å ha
kveg i innhegning eller for å ha eit tau å halde seg i når ein går i
fjellet etter grasvaksne hyller. Men «fortauet» har altså ingenting
å gjere med reip.
I
dei få kjeldane eg sjekka no, fann eg inga forklaring på diftongen
«au» i «fortau», når det opphavlege ordet altså er «tá» med lang a.
Men vi veit jo at lang a blei diftongert på Vestlandet. Så kanskje
spreidde forma seg derfrå. Akkurat dette har eg ikkje svar på i dag.
Men eg tek gjerne imot forslag. Ta ta! |