Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Skatten frå Vikingskipet". Hamar Dagblad, 10.11.2011, s. 28. [>pdf av denne artikkelen]
Skatten frå Vikingskipet
 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Eg var ein tur innom brukt- og antikkmessa i Vikingskipet der det var tusenvis av andre utanom meg. Dei fleste fann nok ein og annan liten «skatt» gøymd innimellom alle raritetane som utstillarane hadde klart å samle saman. Det var mange som såg på porselen, glas og sølv, mens det bl.a. også var nok av gamle bøker å bla i. I grunnen var det altfor mykje av alt, og det var ikkje så lett å finne fram til dei eigentlege skattane om ein ikkje hadde planlagt å opphalde seg i Vikingskipet heile helga. Eg blei fort mett av inntrykk og gav opp håpet om å ta med meg tilbake noko anna enn ei sosiokulturell oppleving.

Då var det eg blei merksam på ei vakker bok med samiske mønster på framsida. Eg braut ut av menneskestraumen som trengde seg forbi alle utstillarane, og kjempa meg fram til bordet med boka med samiske forteljingar. Det var ei vakker bok, og eg kunne for så vidt ha tenkt meg å kjøpe ho. Men mens eg stod der med boka i handa, gleid blikket mitt vidare og blei hengande ved to meir anonyme bind i ein «klassisk» grå-gul farge med brun skrift: «Det norske folks busetning og landnåm belyst ved stedsnavnene» av O. Heitmann Andersen, Oslo 1944. Der fann eg visst skatten min! Eg greip etter bøkene, redd at nokon andre skulle ta skatten ifrå meg  som om dette var ei aktuell problemstilling. Ikkje at ein nødvendigvis kan sjå på folk kva dei interesserer seg for, eller kva dei eventuelt leitar etter der i folke- og tinghavet i Vikingskipet. Men det var nok eit jeger- og samlarinstinkt som slo inn der knokane blei kvite rundt permane til desse gulna binda med stadnamngransking.

Det stod 150.- kroner for to bind skrive på innsida av det første bindet, men det var ikkje berre å få betalt for skatten. Det var fleire som ville diskutere med seljaren og prute på prisar på sølvbestikk. Endeleg blei det min tur, og seljaren tok imot ein tohundrelapp og såg på meg med granskande blikk. Han bladde i bøkene og sa bestemt at dette var altfor billig. Dette måtte då vere feil eller ein gammal pris. Han hadde både pengane mine og bøkene, som det såg ut til at han hadde tenkt å behalde. Han nølte lenge med å gje meg tilbake vekslepengane mine, og spurde meg fleire gonger om eg visste kva bøkene var verdt. Eg skjønte ikkje heilt problemstillinga. Eg ville jo ikkje ha bøkene fordi dei var gamle; eg ville ha dei fordi eg var interessert i språk og språkhistorie. Så eg spurde no berre tilbake om han sjølv hadde lese bøkene. Eg fekk til slutt både bøkene og vekslepengane med meg og rømde unna åstaden i fall seljaren ombestemde seg og ville ta skatten min ifrå meg igjen. Å, som eg såg fram til å lese om gamle stadnamn og språkformer.

No er eg altså eigar av to bøker frå 1944. Årstalet er i seg sjølv litt «skummelt». Korfor var seljaren plutseleg så oppteken av desse bøkene måtte vere verdt noko? Eg er nok ikkje den einaste som er interessert i stadnamn, men det er vel ikkje nokon stor marknad for den type litteratur, vil eg tru. Så eg byrja å studere bøkene litt meir nøye. Så langt hadde eg jo berre vore interessert i innhaldet. Ole Heitmann Andersen har skrive fleire bøker og artiklar innanfor same emnet. Men det er kanskje andre som har vore viktigare forskarar enn han. Så då hjelper det ikkje at forfattaren sjølv har skrive ei helsing i boka. Men eg må innrømme at eg sperra opp auga då eg las helsinga «Fylkesmann, oberst Sundlo, Fra foratteren, 1944» og sjekka namnet Sundlo på Wikipedia. Bøkene er ikkje berre utgjevne i 1944 på Nasjonalforlaget; den tidlegare eigaren var ingen ringare enn Konrad Sundlo, offiser og politikar i Nasjonal Samling og dømd til livsvarig fengsel etter krigen. Tre av åtte dommarar ønskte visst dødsstraff for Sundlo. Ikkje veit eg om bokseljaren i Vikingskipet meinte at det var denne bakgrunnen som skulle gje bøkene ein spesiell verdi. For min eigen del blei det faktisk plutseleg veldig merkeleg og nifst å ha desse to bøkene liggjande på bordet mitt. Det eg trudde eg kjøpte, og som var «skatten» min, var gammal språk- og busetjingshistorie. Men med på lasset følgde altså ei heilt anna historie.

Det er tre sidetilvisingar som den tidlegare/første eigaren skreiv på innsida av bind 2: «Se side 106, 117, 129». Dette kunne nesten verke som Da Vinci-koden. Men på desse tre sidene finn ein berre namnet «Sundlo» understreka. Dette kan tyde på at eigaren faktisk var interessert i bøkene fordi han ønskte å finne ut meir om sitt eige slektsnamn. Eg får ta dette for det det er verdt, og konsentrere meg om utgangspunktet og grunnen til at eg kjøpte desse bøkene: interessa for stadnamn og busetjingshistorie. Den andre historia får andre ta seg av.