Om om
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
Om du har lyst til å lære litt meir om grammatikk,
kan du sjå om du kanskje kan lære litt meir om «om»,
altså ordet «om». Akkurat
no underviser eg i syntaks, dvs. setningsoppbygging,
og ein student lurte på om «om» var ein preposisjon
eller ein subjunksjon. Preposisjon og subjunksjon er
namn på ordklassar, og dei fleste orda våre er
medlem i anten den eine eller den andre ordklassen.
Ordet «ordklasse» er til dømes eit substantiv, mens
«lese» er eit verb, og «spennande» er eit adjektiv.
Subjunksjonar er ord som innleiar ei underordna
setning. Dei mest frekvente subjunksjonane er
kanskje «at» og «å». Eg seier «at eg likar
grammatikk», eller eg likar «å skrive om språk».
Preposisjonar er småord som som oftast har
utfyllingar i form av substantiv, t.d. «på jobb», «i
avisa», «under bordet».
Korleis er det då med ordet «om»? Om du studerer setninga som eg
skriv her og no, der eg skriv om «om», vil du kanskje leggje merke
til at eg bruker ordet «om» på to ulike måtar. Ordet «om» i byrjinga
av setninga innleiar ei undersetning «om du studerer…», mens «om
‘om’» er ein frase som vi kallar preposisjonsfrase. Her fungerer
«om» som preposisjon og tek «om» som utfylling. I staden for å bruke
«om» som utfylling kunne ein skrive «om syntaks», «om språk» eller
«om noko spennande». Då eg spurde sonen min på snart femten om kva
han meinte, om «om» var ein preposisjon eller ein subjunksjon,
svarte han kontant: «det kan vel vere begge delar?». Anten har han
hatt ein god norsklærar, eller så har han kanskje fått eitt og anna
gen etter faren, men «om» kan altså både fungere som subjunksjon
og som preposisjon. Men er det eigentleg det same ordet det er snakk
om her?
Når ein ser på nabospråka, så skil engelsk mellom «if» og «about»,
mens tysk har «wenn/falls/ob» og «um/über», alt etter samanhengen.
Gammalnorsk hadde forresten også subjunksjonen «ef», som vi kjenner
igjen frå engelsk. Her ein stad måtte ein då kunne finne grunnen til
at ordet «om» kan plasserast i to ordklassar i norsk?
Dei som hugsar litt eldre nynorsk, veit at Ivar Aasen brukte forma «um»
for preposisjonen «om». Det var den same forma ein brukte i
gammalnorsk. Ei eldre form av «um» er «umb», mens germansk hadde *umbi.
Denne forma er i slekt med ambi-, som tyder «på begge sider», og som
vi kjenner frå latinske uttrykk som t.d. «ambivalent», dvs. at ein
ikkje er heilt sikker på kva side ein heller mot.
Subjunksjonen «om» svarer derimot til «ef» i gammalnorsk, som eg
nemnde før. Ifølgje Falk og Torp si etymologiske ordbok har forma
«om» oppstått via negasjonen av ordet «ef». Ein har altså «ef» og
negasjonen «nefa», mens ein bl.a. hadde formene «nefne» og «nemne» i
angelsaksisk. Gammalnorsk hadde «nema», som tydde «viss/om ikkje»
eller «utan at» (pluss nokre fleire tydingar). Gammaldansk hadde
forma «num». Ifjølgje Falk og Torp kom «om» inn i norsk via svensk
på 1400-talet. Ein finn ei sideform «em» i Frostatingslova. Før
1400-talet var det altså «ef» som blei brukt i norsk (jf. «if» i
engelsk). Gammalnorsk «if» tydde «tvil». Så er du i tvil om «om» er
preposisjon eller subjunksjon, kan du jo prøve om du kan la tvilen
komme tiltalde til gode. Viss ikkje, skiftar du berre posisjon og
vel den andre ordklassen. |