Vinter, dekk!
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
Då var tida kommen. Vinteren bankar på døra og vil
inn; ikkje at vi har noko val – vi kan jo ikkje
berre la vere å opne. Vinteren kjem, og han kjem inn
og blir gjerne ei god stund før han finn det for
godt å dra igjen. Han er på ein liten snarvisitt
mange stader allereie no. Meteorologane varsla jo
dette besøket i god tid. Likevel var det mange som
blei ”overraska” – igjen. Vi vil liksom ikkje tru
det – eller godta det. Men det er Kong Vinter som
bestemmer, ikkje vi.
”Det finnes ikkje dårlig vær, bare dårlige klær”, som det heiter så
fint på sidemålet.
På tysk blir den tilsvarande setninga: ”Es gibt kein schlechtes
Wetter, nur schlechte Kleidung”.
På gammalnorsk heitte vinteren faktisk „vetr“, som med hjelpevokal
blir uttalt som „vetter“. Med litt folkevett kunne ein fort lage seg
sitt eige ordtak for årstida og seie: „Det finst ikkje dårleg
vetter, berre dårlege dekk“.
No leikar eg meg litt med språk og ord igjen og sit her plutseleg
med tre vettuge ord: ”Wetter”, ”vetr” og ”vett”. Men desse orda har
faktisk ingenting med kvarandre å gjere. Det tyske ordet ”Wetter” er
sjølvsagt det same som vær på bokmål og vêr på nynorsk. Aksenten
over e-en i nynorsk tyder at ordet hadde ein stungen d (ð) i
gammalnorsk, dvs. ”veðr”. Det same ordet – og faktisk uttalt med
stungen d – har vi engelsk ”weather”. Tydinga hadde opphavleg først
og fremst med vind og luft å gjere. Derfor seier ein òg ”til vêrs”
eller ”å vêre” for å snuse eller å trekkje inn luft.
Vinteren er prega av kald luft, men det er ikkje dét som har gjeve
han namnet. Vinteren heiter ”Winter” på tysk og ”winter” på
engelsk. Men korfor heitte han ”vetr” på gammalnorsk? Jo, det var
ingenting anna enn ein ”vanleg” assimilasjon. Det var mange
lydsamband som blei tilpassa kvarandre i gammalnorsk. Kombinasjonen
nt gjekk som regel over til tt, som t.d. i ”vante”, som i
gammalnorsk var ”vQttr” (av germansk wantu-). Ordforma ”vante” blei
seinare lånt inn igjen, og i dag skil vi mellom vantar og vottar,
sjølv om dette altså i utgangspunktet er det same ordet. Likskapen
mellom gammalnorsk ”vetr” og tysk ”Wetter” er altså meir eller
mindre tilfeldig.
Korleis er det så med vettane? Dei hugsar vi no blant anna frå
vinter-OL på Lillehammer. Men vettane har heller ikkje nødvendigvis
noko med vinter å gjere. Deira tilsvarande form i tysk er ”Wicht”,
som ikkje er noko anna enn eit lite vesen. Den gammalnorske forma
var ”véttr”, dvs. nesten det same som ”vetr” (vinter), men med lang
e, som er ein viktig forskjell. Det er gjerne knytt noko
overnaturleg til vettane. I tysk kan ein bruke Wicht om små
personar, t.d. om barn i barnehagen, eller også om hagenissar. Elles
har ein også ordet ”Bösewicht”, som er ein vond person. Det som få
veit, er at ordet ”nicht” (ikkje) opphavleg var ”neowiht”, dvs.
ingen person, ingen, eller rett og slett ingenting.
Var dette vettug, da? Vett har definitivt ingenting med vinter eller
vêr å gjere. Mange korte e-ar i moderne norsk var opphavleg korte
i-ar i gammalnorsk. Ved sidan av ”vettug” har vi derfor også forma
”vitug”, og ved sidan av ”vett” har vi også ”vit”. Ved overgangen
til moderne norsk blei mange korte i-ar senka til e, men var
framleis korte, mens ein også kunne forlenge i-en. Tysk og engelsk
har ”Schiff” og ”ship” med kort i, mens vi har ”skip” med lang i.
Vil du vite meir? Her har nynorsk forresten også ”vete” som
sideform, med lang e. Mens ein på nordlandske dialektar ville kunne
seie ”vette”.
Vinteren blir nok lang i år òg. Kor bra at ein kan leike seg med ord
imens. I desse særskrivingstidene vil ein nok kunne snuble over ord
som ”vinter dekk”, og det vil jo kunne lesast som eit ønske eller ei
befaling: Vinter, dekk! Og det kan hende at han faktisk lystrar. Han
kjem i alle fall til å leggje seg – og han kjem til å liggje til vi
enno ein gong får vetren å sjå for våren å røma. |