Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Kattepus eller pusekatt". Hamar Dagblad, 06.10.2011, s. 30. [>pdf av denne artikkelen]
Kattepus eller pusekatt?
 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Har du nokon gong lurt på om det skal heite kattepus eller pusekatt? Eller bruker du begge orda om kvarandre utan forskjell? Som grammatikar veit eg at reglane for samansetjing av ord bestemmer at det er det siste ordet i samansetjinga som er grunnlaget for hovudtydinga til ordet. Ein ”avisartikkel” er altså ein artikkel og ikkje ei heil avis, og eit ”ordspel” er hovudsakleg ein type spel eller leik og ikkje eit ord. Vanlegvis vil ein ikkje kunne byte om på dei to delane i eit samansett ord utan at ordet anten endrar tydinga dramatisk, eller òg at ordet ikkje gjev noko særleg meining i det heile. Kanskje kan vi førestille oss noko under ordet ”artikkelavis”, men kva er eventuelt eit ”spelord”?

Orda ”kattepus” og ”pusekatt” skil seg ut i denne samanhengen. Slår ein opp i ordboka på ”kattepus”, får ein ”katt” eller ”kjælenamn på katt” som oppslag. Slår ein opp på ”pusekatt”, får ein ”katt” eller ”kattepus”. Dette skal i teorien ikkje kunne gå an! Men sidan dette fenomenet faktisk eksisterer, må det jo finnast eitt eller anna svar der ute ein stad.

Det første ein kan spørje seg, er om eitt av orda i samansetjinga kan ha ei vidare tyding enn det andre. Her ser vi med éin gong at ”pus” kan brukast om fleire dyr enn katt. Det kan også vise til ”harepus”; og det kan brukast som kjælenamn på kjærasten. Det er mindre vanleg å bruke ordet ”katt” som kjælenamn; verken på dyr eller menneske. Kor langt har vi komme i forsøket på å forklare fenomenet vårt då? Jo, i utgangspunktet må ordet ”kattepus” vere ei spesifisering av ordet ”pus”, sidan ”pus” åleine også kan referere til harar (og eventuelt kjærastar). Det må altså vere noko med ordet ”pus”. Og kva er det som katt og hare eventuelt har felles? Jo, dei har pels.

Ordet ”pusekatt” liknar elles veldig mykje på engelsk ”pussycat”. Det er altså rimeleg å tru at ordet er ei fornorsking av det engelske førebiletet. Men kva er då ”pus” eller ”pussy”. Dei som kan engelsk – og då gjerne engelske ord ein offisielt ikkje skal kunne – vil vite at ”pussy” kan vise til noko anna enn katt. Det er også brukt om det kvinnelege kjønnsorganet. Her òg sit vi igjen med tydinga pels (jf. også engelsk ”beaver”).

Går ein til germansk, finn ein fleire ordrøter som passar inn i biletet. Ordrota ”pus-” går inn i ord med tydinga blåse, svelle og i neste omgang pung. Gammalnorsk hadde ordet ”púss” for pung, og det finst også i nynorsk. Ein har elles rota ”pursa-” som kan bl.a. vise til bustete. Det engelske ordet ”purse” blir jo brukt om ein pung eller ei lita veske. Hos dei gamle germanarane er det ikkje utenkjeleg at desse pungane og veskene framleis hadde pelsen på.

På Online Eytmology Dictionary på Internett kan ein lese at ”pussy” i utgangspunktet er ei forminskingsform av ”puss” for katt, som  ein finn heilt tilbake til 1726, og at ordet også kunne blir brukt om kaninar. Ordet ”pussycat” har ein belagt frå 1805. Bruken av ordet ”pussy” for det kvinnelege kjønnsorganet er nyare, og ein trur faktisk at den kan ha komme via gammalnorsk, der altså ”púss” blei brukt om pung. Den andre forklaringa er kanskje meir sannsynleg, nemleg at ein tenkjer på tydingane mjuk, varm og pelskledd.

På tysk kan ein også seie ”Putzekatze”. Dette ordet vil først og fremst gje assosiasjonar til ”pusse”, og det passar jo eigentleg svært bra på katten. Det er jo dyret som kan liggje i timevis og pusse eller vaske seg. Den eigenskapen vil også skilje huskatten frå dei store kattedyra, som stort sett berre pussar potane sine og ikkje heile kroppen. ”Pussekatt” vil dermed kunne oppfylle kriteria for eit ekte samansett ord. Elles kan ein også bruke ordet ”Puschel” i samband med kjæledyr, dvs. Puschelkatze. ”Puschel” er ei sideform til ”Büschel”, som er ein liten busk og som i dette tilfellet refererer til pelsdott.

Etter dagens bruk må ein nok kunne seie at ein kattepus er eit mjukt og pelskledd dyr av katteslekta i motsetnad til ein harepus, mens ein pusekatt er ein mjuk og pelskledd katt. For dei fleste vil ”mjuk” og ”pelskledd” inngå i omgrepet ”katt”. Sånn sett gjer ordet ”pus” i begge tilfella kanskje mest at ein nærmast ”føler” den mjuke pelsen til katten. Det er altså meir koseleg og eignar seg betre som eit kjæleord.

Når både Bokmålsordboka og Nynorskordboka klassifiserer ordet ”pus” som eit lydord, vil eg personleg nok vere ueinig. Er det den lyden ein høyrer når katten vaskar seg eller når ein stryk over pelsen? Ein bruker nok gjerne ”pus, pus” når ein ropar på katten sin, men det er kanskje fordi ein i utgangspunktet kallar katten sin for pus. Derfor blir det misvisande med lydord her.

Språkleg sett er det i alle fall svært sjeldan at ei slik samansetjing faktisk kan byte rekkjefølgja av ordledda utan å endre tyding. Kattepus og pusekatt vil for dei fleste vere såkalla synonym, dvs. at dei kan brukast med den same tydinga i dei fleste samanhengane. Her spelar altså grammatikken oss eit puss.