Lost in translation i Japan
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
Ein og annan lesar hugsar kanskje filmen ”Lost in
translation” som føregår i Japan. I sommar var eg i
Osaka i Japan der eg heldt eit føredrag om
gammalnorsk på ein internasjonal konferanse om
historisk språkvitskap, dvs. ein konferanse om ulike
fenomen i gamle språk.
Det var over tre hundre språkforskarar frå heile verda som var samla
på denne konferansen, og konferansespråket var engelsk. Det gjekk
altså veldig greitt å kommunisere på sjølve konferansen, og det var
også greitt å følgje med på dei fleste føredraga, trass i ulike tema
og ulike teoretiske perspektiv. Men korleis var verda utanfor
konferanselokala?
Verda utanfor var prega av summing frå eksotiske insekt som sat i
trea rundt omkring og laga så mykje lyd at ein blei heilt ør i
hovudet. Men eksotisk var også alle skriftteikna på skilt og annan
informasjon. Det hjelpte ikkje med kunnskapar om fleire europeiske
språk. Det hjelpte heller ikkje at eg kunne eitt og anna ord frå
karatetreningane. Japanarane bruker ikkje det latinske alfabetet.
Dei har eit alfabet sett saman av japanske og kinesiske teikn, og
det er heilt umogleg å resonnere seg fram til verken lydar eller
tydingar med utgangspunkt i vår vestlege språk- og skriftbakgrunn.
Eg hadde med telefonen min, som eg på førehand hadde lasta ned
fleire norsk-japansk-ordbøker og språklæringsprogram på. Men det var
det i praksis heller ikkje så mykje nytte i. Japanarane på
restaurantane vi var på, prata dårleg engelsk eller ikkje engelsk i
det heile. Vi bestilte stort sett mat ved å peike på bileta på
menyen. Éin gong prøvde eg å bestille to øl ved å seie “ni biru”.
Servitøren skjønte ikkje kva eg sa, mens to damer ved nabobordet
braut ut i latter og nekta å fortelje meg kva eg eventuelt hadde
sagt eller gjort feil. Slike opplevingar er nesten traumatiske for
ein språkforskar. Her var eg skikkeleg “lost in translation”.
Det finst visst tre skriftsystem eller alfabet som er i bruk:
Katakana,
Hiragana
og
Kanji.
Det er svært mange kinesiske teikn som er i bruk, og det er eit
finurleg system for kva slags teikn ein bruker til fremmendord og
lydmålande ord, og kva ein bruker til meir generelle ord. Til saman
finst det mange tusen teikn, men ifølgje Wikipedia er det ca. 1945
teikn som er definerte som spesielt viktige for bruk i moderne
japansk. Trass i så mange skriftteikn er det likevel ikkje utan
vidare mogleg å skrive namnet mitt, Jens, på japansk. Ein kan altså
verkeleg vere “lost in translation”.
Det er visst ca. 130 millionar menneske som pratar japansk og som
lærer å bruke skriftsystema. Her i Europa meiner vi gjerne at Japan
er eitt av dei mest velfungerande og teknisk avanserte samfunn i
verda. Dersom ein går ut ifrå at språket er eit viktig grunnlag for
utviklinga av eit samfunn, må ein gå ut ifrå at dei mange tusen
skriftteikna og ulike systema ikkje utgjer noko spesielt stort
problem for japanarane. I den konteksten er det litt merkeleg å
tenkje på at det finst dei i Noreg som meiner at dei to
skriftnormalane våre, bokmål og nynorsk, som begge byggjer på ein
variant av det latinske alfabetet med berre 29 bokstavar og som har
ein svært lik grammatikk, er problematiske for skoleelevane, og at
dei hindrar læring og utvikling av tankeevna hos våre håpefulle. Det
ser ut til at ein kan vere like mykje låst i trænsleisjon her heime
òg. |