Thor - God of thunder
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
Han Tor, han har vore i vinden
igjen ei stund no. Amerikanarane fekk det for seg at
dei skulle lage ein film om den norrøne guden Þórr,
som bl.a. også har fått sin eigen dag i veka, Tor
sin dag, torsdag. Tor fekk sin plass i veka dagen
etter sin fars dag, odinsdagen. Det er kanskje litt
stas med dei norrøne gudane blant vekedagane. Ved
sida av Tor og Odin fekk også Ty (tysdag) og
Frøy/Frigg (fredag) ein dag kalla opp etter seg.
Måndagen ærar månen, mens søndagen (sundagen) er
tileigna sola. Laurdagen var som kjent laugedagen,
dvs. badedagen. Systemet med gudenamn er derimot
ikkje så spesielt som ein skulle tru. Romarane
tileigna torsdagen guden Jupiter, mens Odin sin dag
opphavleg var Merkur sin dag. I sagalitteraturen
finn ein òg referansar til at vikingane såg på
Jupiter og Tor som den same guden. Også Jupiter
hadde ansvaret for himmelen og vêret.
Det er
spennande med mytologi, og kanskje spesielt med norrøn gudelære. Men
personleg er eg enda meir interessert i språk enn i mytologi.
Grunnen til at eg skriv om Tor i dag, er ikkje hans plass i
kalenderen vår, men det at toreguden Tor har ei språkleg sideform
med d og n i andre språk, bl.a. også bokmål, der ein seier “torden”
istf. “tore”. På engelsk er Tor ansvarleg for “thunder”, mens ein i
tysk har “Donner”. Torsdagen heiter på tysk “Donnerstag”, dvs.
toredagen, mens engelsk har “thursday”, som meir liknar på
tussedagen, dersom ein tenkjer språkleg utvikling. Men her har nok
helst den lange o-en i norrønt blitt tolka som ein u, som jo er den
kontinentale uttalen av norsk o.
Men kva
er så grunnen til at vi har to ulike former av tore/torden i norsk
og andre germanske språk? Den første staden der eg leitar etter
moglege forklaringar, er som regel Falk og Torp si etymologiske
ordbok for norsk (og dansk). Der kan ein lese at gammalnorsk hadde
forma þórr, med tydinga tore (bm. torden), mens dei andre germanske
språka hadde former med n og d, t.d. angelsaksisk þunor, som blei
til engelsk thunder, mens mellomnedertysk hadde doner og dunner, der
nederlandsk hadde donder med d. Mens ein i norsk hadde verbet
“tore”, hadde angelsaksisk þunrian, mellomnedertysk donern og
dondern. Den fellesgermanske forma var *þonarrón. Det er altså forma
med n som er den eldste forma; d-en kom nok inn som ein
separasjonslyd i nokre germanske dialektar etter kvart. Dette
fenomenet finst også i moderne norsk, der enkelte dialektar kan ha
hadn istf. han(n). Elles bruker også dansk ofte ein d der vi i norsk
berre har n(n), t.d. mand (mann), kunde (kunne).
Guden
Tor ser ut til å ha fått namnet sitt etter sjølve vêrfenomenet tore
(torden). Det latinske ordet tonare, som vi også har i norsk som
“tone”, tyder jo først og fremst å lage lyd. I gammalnorsk er det
tilsvarande ordet “dynja”, og vi har også “toredyn”, dvs. toredrønn,
som lydleg sett kan utvikle seg til “torden”. Italienarane kallar då
også toreguden “dio del tuono” og ikkje Jupiter.
Den
nynorske forma “tore” eller “tora”, som også finst i svenske
dialektar, meiner ein viser til Tors hustru. Bl.a. finn ein også
ordet “husprei” av gammalnorsk “húsfreyja” som dialektnamn på tora.
Rd-formene “tord” og “torda” (helst uttalt med tjukk l) skal vere
sekundære former, dvs. former som utvikla seg seinare.
Elles
kan Falk og Torp fortelje at vikingane ikkje nødvendigvis brukte
ordet “tor(e)” på sjølve vêrfenomenet, men at dei snakka om “reið”,
som har å gjere med å ri, eller som viser til vogn. Dette kan
sjølvsagt tyde at ein tenkte seg at Tor reid over himmelen med vogna
med dei to bukkane. I samband med dette brukte ein også reiðar-
eller reiðiduna (bokstaveleg “ridedrønn”), og her kjenner vi igjen
“duna” som forma med n og utan d. Ei anna sak er at ein hadde ordet
Þundr, som var eitt av dei mange namna til Tors far, Odin.
I dtv si
etymologiske ordbok for tysk kan ein lese at den eldre forma for
Þórr var Þunarr. Dersom ein no trekkjer inn utviklinga i urnordisk
der a-en i endestavinga påverka u-en i rotstavinga slik at denne
blei senka til o, og at ein fekk bortfall av trykklette stavingar
som igjen kunne føre til ei lenging av rotvokalen (kort u til lang
ó), er utviklinga Þunarr til Þórr i norsk relativt rett fram. I
nynorsk har vi også ei rett-fram-fordeling der Tor er toreguden,
mens ein i bokmål har Tor vs. torden, i tysk Thor vs. Donner og i
engelsk Thor vs. thunder. Utgangspunktet for alle desse formene er
altså Þunarr. For min del er dette mykje meir spennande enn ein gud
som slengjer ein hammar og lagar masse bråk anten på himmelen eller
på eit filmlerret. |