Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Vespaen stikk ikkje". Hamar Dagblad, 15.09.2011, s. 12. [>pdf av denne artikkelen]
Vespaen stikk ikkje
 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Har du høyrt ein Vespa, den populære tohjulingen, komme summande imot deg? Lyden kan kanskje oppfattast som illevarslande, men Vespaen stikk heldigvis ikkje. Det er nok helst berre lyden som gav inspirasjon til namnet på Vespaen.

Vespa er det italienske namnet for veps. På tysk er det Wespe, på engelsk er det wasp. Men på norsk er det først og fremst veps. Her ser det altså ut til at s og p har bytt plass i norsk. Dette fenomenet kallar vi metatese (lydomstilling), og det er ikkje utvanleg at lydar byter plass i ord som vi også har i nabospråk. Tenk t.d. på gammalnorsk hross (hest) og tysk Ross, som er horse på engelsk, bokmål kors, som er kross på nynorsk eller cross på engelsk og Kreuz på tysk, eller også norsk briste/breste, som er burst på engelsk og bersten på tysk. Det er derimot ikkje alltid så lett å vite kva språk som har endra seg. Med vespa i svensk, Wespe i tysk og wasp i engelsk skulle ein tru at det er den norske forma veps som har endra seg frå den opphavlege forma. Men det ser faktisk ut til at det er i dei andre språka lydomstillinga har skjedd. Dtv si etymologiske ordbok for tysk reknar med at det er påverknaden frå latin vespa som har ført til at fleire av dei germanske språka endra lydrekkjefølgja.

I eldre tysk og engelsk fanst gjerne formene med ps/sp og fs/sf ved sida av kvarande i tidlegare tider. Overgangen frå p til f var svært vanleg i germansk, samanlikn t.d. italiensk pesce mot norsk/tysk/engelsk fisk/Fisch/fish. Falk & Torp reknar i si etymologiske ordbok med at dei germanske formene som ligg til grunn for ordet veps, er *wabisa- og *wafsa-. Den indogermanske rota reknar ein med er *vebh, som vi finn i norsk veve eller tysk weben. Namnet på vepsen viser altså til måten den lagar (vever) bolet sitt på.

Danskane skriv hveps med hv. Dette må vere ein analogi, dvs. at ein byrja å skrive veps med hv fordi liknande ord som t.d. hva, hvor, hvem blir skrivne med hv. Denne analogien, altså kopieringa av eit fenomen, skjedde ikkje berre i skrift i norsk. I mange dialektar seier ein t.d. kveps, og nynorsk har også forma kvefs som ei offisiell skriftform. Andre dialektar har kveks og kvaks (eventuelt med –e), som er forvanskingar av det same ordet. Men svært mange norske dialektar har altså ei form med kv.

No veit vi korleis vepsen/kvefsen kom til sitt namn. Men slår ein opp på vespa i ei svensk ordbok, finn ein ordet geting, og på norsk har vi også ordet geithams (dansk gedehams). På gammalnorsk var det tilsvarande ordet geitungr. Her trur Falk og Torp at ein har gjeve vepsen namn etter følehorna som kan likne på geita sine horn. Tilsvarande har ein tysk Hornisse og engelsk hornet. Ellias Wessén forbind ordet geting i si etymologiske ordbok for svensk med ei opphavleg tyding “spiss”, og meiner då at getingen (eller geithamsen) er “djuret med den lilla gadden”, dvs. spissen eller brodden. Denne forklaringa er nok litt søkt, men den fungerer godt som folkeetymologi.

I år har det regna så mykje at ein ikkje har sett mykje til verken veps eller Vespa. Det freista nok ikkje så mykje å stikke ut(e) denne sommaren.