Språk, kultur og kunnskap
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
Einar Kr. Steffenak spør 20. juli i Hamar
Arbeiderblad om valfridom er forakt for kunnskap.
Det er det sjølvsagt ikkje – men å velje bort noko
kan vere forakt for kunnskap. Eg blei ærleg talt
litt forundra over Steffenak sin kommentar til Ole
Peder Kjeldstadli sitt innlegg i HA 18. juli.
Steffenak er jo trass alt den som har profilert seg
som ”historikaren” i HA. Men no er det jo slik med
historie at ein gjerne kan sjå hendingar ifrå ulike
perspektiv og komme fram til ulike konklusjonar, alt
etter kva for ein fagleg eller personleg bakgrunn
ein har.
Det er nok riktig at språkdebatten ikkje er kva den ein gong var,
slik Steffenak skriv. Men om språkdebatten er død, og om den meir
eller mindre døydde med Øverland, kan nok diskuterast. Innhaldet i
språkdebatten har endra seg, og det er andre parti som er opptekne
av ”språkdebatten” i dag. Dei politiske partia som prøver å markere
seg i ”språkdebatten”, er nok helst dei som vil leggje død heile
debatten ved sakte men sikkert å la nynorsken forsvinne som
offisielt skriftspråk i Noreg. Argumentasjonen er at ein ikkje har
behov for to offisielle skriftspråk, og at 90 % av dei vaksne
likevel bruker bokmål. Dette er for så vidt greie og innlysande
argument, som ein godt kan vere einig i dersom ein ikkje ser på
språk som noko anna enn eit praktisk kommunikasjonsmiddel.
Spørsmålet er berre kva for konsekvensar denne argumentasjonen kan
ha på sikt.
Steffenak og mange andre meiner at ein ikkje treng to
skriftvariantar av det same språket i Noreg, men fleire som snakkar
fremmendspråk. Dette argumentet blir som regel presentert som om det
var ein motsetnad mellom det å kunne både bokmål og nynorsk og det å
kunne fleire fremmendspråk. Men meir alvorleg er den kortslutninga
at Aasen, dvs. nynorsk, betyr lite fordi arbeidsmarknaden blir
internasjonalisert. Den mest logiske slutninga ville jo vere at vi
alle saman gjekk over til å snakke og skrive engelsk. Ser ein
situasjonen ut ifrå dette perspektivet, blir det fort uaktuelt å gje
opp sitt eige språk – fordi ein ikkje er villig til å gje opp sin
eigen kultur. Heller ikkje EU har som mål at ein skal ha eitt
”morsmål” i EU-landa på sikt. Ein omsett flittig alle dokumenta til
alle EU-språka, og ein har som mål at alle skal meistre minst to
fremmendspråk, nettopp fordi ein er oppteken av mangfaldet og retten
til individet i det europeiske fellesskapet.
Dei som motarbeider nynorsken sin posisjon i skolen og samfunnet
elles, motarbeider i praksis ein del av norsk kultur og historie.
Dei viser forakt for kunnskapen som er knytt til nettopp den delen
av norsk kultur og historie. Dei viser til valfridom, og trur at det
dei ikkje interesserer seg for, vil kunne overleve av seg sjølv. Som
om vi ville ha hatt samisk språk i Noreg i dag dersom ingen hadde
teke noko ansvar. Det er eit faktum at mange elevar ikkje likar
nynorsk og at dei ikkje frivillig les nynorske tekstar. Det er òg
eit faktum at mange ikkje les det eg skriv i avisa, først og fremst
fordi eg skriv på nynorsk. På den måten viser ein forakt ikkje berre
for kunnskap, men òg for andre sine meiningar og uttrykksformer.
Sjølvsagt er det frivillig å både skrive og lese bokmål og nynorsk
og eldre ”norske” tekstar på dansk. Men dess færre som meiner dei
har eit greitt forhold til nynorsk, dess vanskelegare blir det for
nynorskkulturen å overleve. Det er sant at det er mange som sluttar
å bruke nynorsk etter fullførd skolegang, men det er ikkje
nødvendigvis fordi dei ikkje likar nynorsk. Det er berre så utruleg
slitsamt å vere nynorskbrukar og bli stigmatisert eller i beste fall
ikkje lesen. Nynorskmotstandarane vil då berre svare at ein har valt
det sjølv. Ein kan jo gå over til å bruke bokmål i staden.
Ei anna mogleg løysing ville vere å flytte til Vestlandet. Kanskje
ein burde danne ein eigen nynorsk stat i Noreg? Det som forundrar
meg når historikarar som Steffenak uttaler seg om at vi ikkje treng
to norske skriftspråk, er at dei ikkje ser parallellar til t.d. dei
gamle sovjetstatane. Kva skal no dei med eigne nasjonalspråk når
språka deira frå før er rimeleg like russisk? Korfor skal ein ha
slovakisk når det i praksis ikkje er så veldig stor avstand til
tsjekkisk?
Vi har ei litt spesiell språkhistorie i Noreg, og ein kan godt ha
mange meiningar om at ting burde ha gått annleis på eitt eller
fleire punkt i historia. Men vi er uansett i den situasjonen at vi
har to offisielle norske skriftspråk i dag, og då bør ein i alle
fall bruke nokre år i skolen på å setje seg litt inn i begge.
Korleis skal Noreg fungere som fredsmeklar ute i verda når ein i
praksis er villig til å diskriminere mange av sine eigne her heime?
Vi skal lære fremmendspråk, og vi skal lære om fremmende kulturar i
skolen, men vi må òg lære om vårt eige språk og vår eigen kultur for
å kunne lære å respektere andre. |