Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Blei du slu i sløyden?”. Hamar Dagblad, 11.08.2011, s. 17.  [>pdf av denne artikkelen].

Sommar og sombrero
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Sommaren er ikkje så mykje å skryte av i år, som ord er sommar kanskje heller ikkje så veldig spennande. Tyskarane seier ”sommer”, mens engelskmennene seier ”summer”. Det gammalnorske ordet var ”sumar”. Vokalane u og o er ikkje særleg interessante. Det er ikkje berre variasjon samanlikna med andre språk, men også innanfor norsk språk, t.d. gulv/golv, bu/bo, tru/tro m.fl. Det som er meir interessant, er kanskje at sumar var eit nøytrumsord i gammalnorsk. Med det var opphavleg også vår og haust, mens alle årstidene i dag er hankjønnsord.

Men kva er eigentleg tydinga til ordet sommar? Ifølgje Falk og Torp si etymologiske ordbok tydde t.d. sanskrit ”sámá” halvår, årstid eller år. No kan ein jo seie at sommaren som årstid har byrja å likne veldig på våren eller hausten, i alle fall i år. Men opphavleg viste vel tydinga år til at ein telte år etter kor mange somrar som gjekk. I germansk tradisjon var det derimot vanlegare å rekne etter vintrar. Tydinga halvår viser til at ein før ofte rekna to årstider, dvs. sommar og vinter. Falk og Torp nemner elles at grunntydinga til ordet sommar kanskje kunne vere ”den lyse tida”, men at dette likevel ikkje er sannsynleg sidan den indogermanske rota i ordet truleg kjem av sem/semi, som tyder ”halv”. Ein står altså igjen med halvår.

Når ein ser på vêret ute, kan ein jo lure på om neste årstid kanskje faktisk er vinteren. Eitt eller anna er det no som skyggar for sola i alle fall; kanskje det er ein sombrero? Sombra er skygge på spansk. Eller så er det kanskje ein parasoll? Den skal jo ”parere” sola. Det er sikkert ein eller annan der ute som grillar i hagen trass i (u)vêret, og som har masse smør på flesk, og som derfor har sett opp ein ”solparasoll” (ja, det er faktisk dei som seier det). Den typen skal visst vere spesielt effektiv mot sol. Borte er ho i alle fall. ”Sol og regn og latter, ha ha ha…”. Men vi germanarar har jo vore ute ei vinternatt før.