Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Blei du slu i sløyden?”. Hamar Dagblad, 23.06.2011, s. 20.  [>pdf av denne artikkelen].

Blei du slu i sløyden?
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Kva er no dét for ei overskrift? Vel, det er sjølvsagt ikkje noko alvorleg meint spørsmål. Det er rett og slett eit forsøk på å setje saman orda ”slu” og ”sløyd” i same setning slik at du skulle byrje å gruble litt over samanhengen.

Høyrer du til dei som har hatt sløyd på skolen, men som eigentleg aldri har forbunde noko konkret med sjølve ordet ”sløyd”? Det var jo ikkje akkurat sløying av fisk ein dreiv med i timane. Verbet ”sløye” er avleidd av substantivet ”slo”, som er innvolane i fisken. Sløying er i denne samanhengen å ta ut sloet. Så dersom ein heldt på med trearbeid i sløyden, dreidde ”sløyinga” seg kanskje om å skrape ut holrom i treverket? Hm, nei, dette er nok ikkje svaret. Ja, men kanskje det har å gjere med å slå, da? ”Slå – slo” – ein bruker da hammar på sløyden? Tja, det kunne jo vere ein idé, men så har vi jo ”slag” som substantiv i dette tilfellet. Den danske etymologiske ordboka av Niels Åge Nielsen prøver å argumentere for eit samband med germansk *sloqia- med tydinga å kunne slå eller hamre. Falk og Torp derimot avviser at det finst ein samanheng mellom slå og sløyd.

Ordet sløyd har nok i utgangspunktet ikkje noko å gjere med verken (fiske-)slo eller (hammar-)slag. Så kvar kjem det ifrå da? Den etymologiske ordboka til Falk og Torp kan fortelje oss at sjølve ordet som namn på først og fremst trevarearbeid er lånt frå svensk (slöjd). No er jo svensk og norsk meir som dialektar av kvarandre å rekne, så det må vere mogleg å finne ut av sjølve tydinga til ordet.

Det viser seg da at ”sløyd” er det same ordet som ”sløgd”, som tyder å vere sløg eller gløgg. I gammalnorsk hadde ein ”slœgð”, og det var nok meir fokus på å vere listig eller slu. Verbet var ”slœgja” med hovudtydinga liste, narre, lokke. Mange vil kanskje ha litt forskjellige oppfatningar av dei ulike orda, listig, slu, sløg, lur osv. Men dette viser berre at alle ord har potensial for å endre tydingsinnhald.

Ordet sløgd ser ut til å vere lånt inn i engelsk som ”sleight” med tydinga knep eller list, og ein har også adjektivet ”sly”. Det tyske tilsvarande ordet er ”schlau”. Ifølgje dtv si etymologiske ordbok blei ikkje ordet ”schlau” særleg vanleg i tysk skriftspråk før på 1500-talet. Men ordforma ”slu” er jo heilt tydeleg lånt inn i norsk (eller eventuelt tilbake) frå tysk. Den germanske grunnforma reknar ein med er *sluha-, som tyder listande.

Det har nok skjedd ei lita endring av tydingsinnhaldet der tydinga ”listande” etter kvart kanskje blei assosiert med å sakte, men sikkert liste seg inn på ei løysing på eitt eller anna problem, jf. også den andre tydinga til verbet ”slœgja” i gammalnorsk, trakte, streve eller trå etter noko. I den samanhengen kan det å drive eit handverk som føreset lang erfaring og øving, kanskje tyde at ein er sløg. Ordet sløgd eller i neste omgang sløyd, kan da tenkjast å bli namnet på ein kunnskap eller kunst. At ordet sløyd er reservert for handverksarbeid, eller kanskje i utgangspunktet helst arbeid med tre, kan kanskje likevel hengje saman med at ordet også liknar på ordformer som har med ”slå” å gjere. Dette seier soga ingenting om så langt eg kunne finne ut. Eg kan altså ikkje seie at eg har klart å finne fram til eit fullgodt svar. Men elles kan det jo vere litt morosamt å nemne at ein i Romsdalen brukte adjektivet ”sløy” (opphavleg lånt frå tysk med tydinga flau eller dårleg) med tydinga artig, kul eller interessant – og sløyd blei da sjølvsagt til sløyt(t), sjølv om dei fleste i Molde nok ikkje syntest at sløyd var verken kult eller artig.