Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Demokratisk debatt i 2011”. Hamar Dagblad, 01.06.2011, s. 17.  [>pdf av denne artikkelen].
Førehandsomtale av møtet i Hamar Dagblad, 26.05.2011, s. 28. [pdf]
Invitasjon distribuert av Speakers' Corner Hamar. [pdf]

Demokratisk debatt i 2011
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Bjørn Kristen Ørbæk og Speakers’ Corner, Åpent debattforum Hamar, inviterte til eit møte om sidemålet i skolen, fredag 27. mai. Møtet blei annonsert i lokalavisene, og det blei også utdelt flygeblad på ein del skolar. Her blei det altså tilsynelatande lagt opp til ein reell offentleg debatt. For å få plass til alle som ein rekna med skulle gå mann av huse for å delta i denne debatten, hadde ein lagt arrangementet til Festiviteten. Hovudarrangøren sjølv har i mange år skrive debattinnlegg om kor mange prosent av Noregs befolkning som meinte at sidemålet i skolen var eit alvorleg problem og at politikarane måtte gjere noko med denne ”urettferdige tvangen” som så mange var utsette for.

Trass i massiv marknadsføring av dette arrangementet var det ikkje fleire enn ca. tjue personar som valde å vise seg på dette ”debattmøtet”, og møteleiaren sa fleire gonger tydeleg kor skuffa han var over dette. Så vidt eg kunne sjå, var det ikkje ein einaste elev på dette møtet. Dei som eventuelt måtte føle sidemålet i skolen som eit direkte problem, hadde tydelegvis ikkje så vondt at dei valde å gå til ”legen” for å få ein mirakelkur denne fredagen.

Dei som var direkte inviterte til dette ”opne” debattmøtet, var fire representantar som alle ville at  sidemålet skulle bli valfritt i skolen. Trekkplasteret var den ”kjende” språkprofessor Finn-Erik Vinje. Det er ikkje sikkert at ungdom i dag forbind noko med dette namnet. Det er heller ikkje sikkert at ungdom i dag forbind noko med organisasjonane Bokmålsforbundet, Riksmålsforbundet eller firmaet med det misvisande namnet ”Nynorsk språkråd”, som ein annan sidemålsmotstandar står bak.

Dersom ein reknar med møteleiaren, som var representant for Norsk språkforening, var det altså fire offisielle representantar som fekk argumentere mot sidemålet i skolen. I tillegg hadde ein invitert fylkespolitikarar for å høyre deira meining om dette temaet. Noregs mållag eller andre som har engasjert seg for ei reell likestilling av målformene, var ikkje inviterte til dette møtet. Men det var faktisk ikkje nok med det. Då leiaren for Noregs Mållag, som hadde teke turen frå Oslo for å delta på dette debattmøtet, spurde om ein kunne komme med spørsmål eller innlegg frå salen, kom det kontant tilbake frå møteleiaren at målfolket kunne få lov til å sitje i salen, men at ingen var interessert i kva dei hadde å seie, og at det ikkje blei aktuelt med spørsmål frå salen i det heile. Det var lett å sjå at dei fleste på scena og kanskje også i salen var einige i denne ”politikken”. Det var openbert heilt greitt at ein ikkje fekk høyre noko anna syn enn det som arrangøren var interessert i å få fram på dette ”debattmøtet”. Her sat det politikarar frå FrP, Høgre, KrF og Pensjonistpartiet og godtok premissane som var sette av arrangøren. Det var berre Ida Kristine Teien frå Sp og Erik Ringnes frå Venstre som tok eit standpunkt og uttrykte klart at dei var misnøgde med måten dei blei inviterte til dette møtet på, og at ikkje Mållaget fekk lagt fram sitt syn i denne debatten. Kanskje ikkje så overraskande var det også desse to partirepresentantane som snakka om mangfald og demokrati, mens dei andre var meir interessert i å harselere over nynorsken dei sjølve, ungane deira eller nokon dei kjende hadde vore ”utsette” for. Møteleiaren gjorde elles det han kunne for å vise kva han meinte om synet til dei to politikarane som ikkje ”passa inn” i ”teateroppsetjinga” hans; for dette var teater frå ende til annan.

No kan ein jo godt vere ueinig om denne saka, og det er ikkje for ingenting at vi har mange ulike parti i dette landet med til dels svært ulike og motstridane standpunkt. Vi vil gjerne ha ulike meiningar om ting alt etter kva livssituasjon vi sjølve er i, og kva vi meiner er viktig i eit samfunn. Men uansett kva for ein politisk ståstad vi måtte ha, burde vi alle vere interesserte i og vere tente med å ha opne debattar om viktige samfunnsspørsmål der alle sider blir diskuterte. Dessverre var dette debattmøtet eit døme på korleis ein ikkje bør diskutere samfunnsspørsmål i eit demokrati. Spørsmålet om sidemålet er ikkje berre eit spørsmål om ein relativt liten del av norskfaget. Spørsmålet om sidemålet burde kanskje i større grad vere eit viktig tema i samfunnsfaget. Det er skremmande at våre folkevalde politikarar som var til stades på dette møtet, ikkje nekta å vere med på dette arrangementet (Ringnes gjorde faktisk eit tappert forsøk!). Ap og SV var ikkje representerte i debattpanelet, og det var altså heller ingen elevar på møtet. Kanskje dette var ein taus protest mot slike antidemokratiske ”debattmøte”? Ein kan jo alltids drøyme…