Høgre og nynorsk
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
Det har ikkje vore noka hemmelegheit akkurat at
Høgre (og FrP) er imot sidemålet i skolen. Med
”sidemålet” meinte og meiner ein helst nynorsk,
sjølv om det finst ein god del nynorskbrukarar også
innanfor desse partia. No søndag 8. mai skulle visst
vere den store frigjeringsdagen frå sidemålet, for
då bestemte Høgre seg for å vedta at det skulle vere
frivillig for elevar i ungdomsskolen å lære seg
nynorsk.
Det er jo visse parti som har det med å gå for lettvinte løysingar
og det som ”folk flest” ser ut til å ønskje seg på eitt bestemt
tidspunkt utan at ein tenkjer særleg mykje over konsekvensane. Når
det gjeld språksituasjonen i Noreg, har dei raud-grøne jobba ut ifrå
eit langsiktig strategidokument utarbeidd av Språkrådet i 2005,
”Norsk i hundre”, eit dokument på heile 192 sider. Som eit resultat
av dette fekk ein Stortingsmelding 35, 2007-2008, ”Mål og meining.
Ein heilskapleg norsk språkpolitikk” på 266 sider, der norsk
språkpolitikk er grundig diskutert.
No
er det ikkje slike dokument ”folk flest” har for vane å lese og
setje seg inn i. Men når politikarar skal gjere vedtak for
språksituasjonen i Noreg, bør ein kunne vente at dei set seg godt
nok inn i feltet, i staden for berre å høyre på kva visse
interessegrupper eller folk flest meiner. På den andre sida er det
jo ”folk flest” som er viktige for politikarane. Det er jo dei som
stemmer på partia. Som regel er det altså lettare å finne ei eller
anna sak som verkar grei, og som har støtte blant veljarane, og
stemme over den for så å sjå korleis det går. Sidan mykje av
politikken i Noreg blir utarbeidd med hovudbase i Oslo, blir det
lett å gløyme at det finst folk utanfor bygrensa, og at landet er
både langt og variert på alle måtar, ikkje minst språkleg og
kulturelt.
Dei ulike partia har nok generelt vore litt varsame med språksaka
sidan det trass alt er fleire hundre tusen nynorskbrukarar i landet,
sjølv om det er ein viss konsentrasjon på Vestlandet. Desto meir
alvorleg er det då at Høgre no vel å framstå som eit reint austnorsk
byparti, som meir eller mindre offisielt tek avstand frå det
språklege og kulturelle mangfaldet i Noreg. Når partileiar Erna
Solberg stemde imot vedtaket mot obligatorisk nynorsk i
ungdomsskolen, kan dette anten tyde at ho faktisk er ein svært klok
og fornuftig politikar som ser konsekvensane av eit slikt vedtak,
eller så har ho gode rettleiarar, og alt er berre skodespel for å
ikkje miste dei veljarane som faktisk meiner at nynorsk er ein
viktig del av norsk kultur og historie.
Det blir nok sagt og tenkt
mykje om dette vedtaket til Høgre. Eit positivt innslag i dette
biletet er då at Romsdals Budstikke skreiv på leiarplass 9. mai:
”Vi tror det er godt for det norske samfunn at
vedtaket fra Høyre ikke får gjennomslag. Vi er derfor enig med
partileder Erna Solbergs stemmegivning. Gjennom språket, både bokmål
og nynorsk, tar vi vare på vår arv. Vårt tredelte språk, bokmål,
nynorsk og samisk, er en del av vår identitet som nasjon. Vi gjør
ikke deler av et fag frivillig fordi et flertall av elever ønsker
det. Det ville åpne for en underlig skolereform. Romsdals Budstikke
har i sine spalter begge målformer, og vet at det er en viktig del
av vår identitet som talerør for hele distriktet.”
Det er berre å håpe at
fleire tonar flagg no i mai for å ta vare på Noreg som eit
inkluderande samfunn med rom og toleranse for både dialektmangfald
og fleire offisielle skriftvariantar. |