Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Ekteskapet - ekte og skapt”. Hamar Dagblad, 19.05.2011, s. 17.  [>pdf av denne artikkelen].

Ekteskapet - ekte og skapt
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Dagens ord er ”ekteskap”. Kollega Tormod hadde – i etterkant av eit visst medieprofilert bryllaup, som nok han var meir interessert i enn eg – lurt litt på dette ordet og prøvde seg med å gå vegen via latin og ”akt” (handling). Personleg stilte eg meg litt tvilande til forklaringsforsøket sidan det tyske ordet er ”Ehe”, og slike institusjonelle omgrep gjerne har komme til Noreg via Tyskland og Danmark. I gammalnorsk tid blei ein jo ”gjeven bort” som kvinne (jf. gift), og som mann ville ein ”kvæne” eller ”kvænast”, dvs. få seg ei kvinne. Ein hadde også ordet ”kvænfang” for ekteskapet. Og sjølv om ein sikkert kan tolke eit slikt ord i verste meining, kan ein jo velje å fokusere på at ei god kvinne er vanskeleg å ”fange” eller få, og at ein då gjerne er desto meir nøgd når ein først har lykkast. Så kan ein jo i tillegg bruke ordet ”karfang” når ein heller vil fange seg ein mann. Kanskje vi treng eit nytt ordtak med det same: ”ordet fangar”.

No har det jo blitt meir og meir vanleg at ”fangsten” slepp unna igjen etter ei viss tid. Ingenting varer evig, men ”evig” er faktisk eit ord ein kan relatere direkte til ”ekteskap”. Det tyske ordet ”Ehe” blei brukt frå ca. 800 og framover og kjem av ei eldre form ”ewe” eller ”ewa”, som tydde sedvane eller rett. Ei kortform var ordet ”e”, og i ein gammalnorsk hadde ein også ”æ”, som rett og slett tydde ”alltid”, jf. ”i all æve”. Det gammalnorske ”ævi” tydde tid, tidsalder eller levetid.

Dagens tyding til det tyske ordet ”Ehe” utvikla seg ifølgje Kluge si etymologiske ordbok på 800-talet, truleg med påverknad frå engelsk. Den indogermanske grunnforma ”*ajeu-” blei i latin til ”ius”, som vi jo også bruker i dag som ”jus” eller ”juss” i norsk for rettsvitskap. Opphavleg var tydinga knytt meir til ”sedvane”. Ofte vil jo det ein alltid har gjort, utvikle seg til å bli oppfatta som rett eller riktig i eit samfunn og dermed danne såkalla presedens, dvs. vårt grunnlag for å vurdere liknande situasjonar. ”Presedens” tyder ”det som går føre”, mens grunntydinga til det indogermanske ”*ajeu-” har å gjere med å lenke eller binde saman. Det er herifrå vi får ord som ”evig” og ”æve” – og via omvegar altså også ”ekteskap”.

Ekteskapet var opphavleg meint å vare evig. Når ein så samlar tydingane alltid, sedvane eller tradisjon og rett eller lov i eit ”skap”, har ein eit godt grunnlag for ein ”evigskapskontrakt”, som jo ekteskapet skulle vere.

Mange tradisjonar, dvs. ulike former for ritual, har ein tendens til å miste innhaldet over tid. No når vi er inne i tida for konfirmasjonar – og for så vidt også ekteskap, ser ein jo at det er tradisjonen, det ein alltid har gjort, som er viktigast, og ikkje nødvendigvis den opphavlege grunnen til ein bestemt tradisjon. I samband med dette kan det kanskje vere grunn til å fokusere på forleddet ”ekte” i ekteskap, som kjem av tysk ”echt” med tydinga ”rett” eller ”lovmessig”. På norsk kan vi seie at vi ”ektar” nokon når vi giftar oss. I mange tilfelle er jo ekteskapet først og fremst ei formell stadfesting av ein sosial kontrakt mellom to menneske som ønskjer å vere saman for evig og alltid. Men den moderne tydinga av adjektivet ”ekte” i både tysk og norsk er jf. Nynorskordboka først og fremst uforfalska, rein, skir, ublanda, opphavleg, ikkje etterlikna. Dette kan vere noko å tenkje på.

I nyare tid har også ekteskapet skifta karakter. Ein giftar seg som regel ikkje lenger av økonomiske eller samfunnsmessige grunnar, men av ”ekte” kjærleik. ”Som regel” er då uttrykk for ein ny sedvane og kan dermed seiast å vere like ”ekte” som den gamle. Før ein vel å gifte seg med nokon, kan det kanskje vere ein idé å diskutere seg fram til kva for ei tyding av ”ekte” ein vil leggje til grunn for ekteskapet. Kanskje det hadde vore like greitt å bruke kvænskap og karskap og fokusere på den kvinna eller karen ein er glad i. Så kan ein overlate rettsspråket og ordkløyveriet til juristar og språkforskarar, mens ein sjølv kan nyte og skape ekte kjærleik. Men gløym då ikkje ordet ”leik” i kjærleik.