Publisert som / Printed as:
”Språk og blanda kort" i
Hamar Dagblad,
14.04.2011, s. 21.
[>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til: Bjørk Kristen Ørbæk: SV og Noregs
Mållag,
Hamar Dagblad, 07.04.2011, s. 32 [pdf av
innlegget].
Også trykt som
”Språk og blanda kort" i Hamar
Arbeiderblad, 09.04.2011, s. 19.
[>pdf av denne artikkelen]
Innlegget er ein kommentar til: Bjørk Kristen Ørbæk: SV og Noregs
Mållag,
HA, 04.04.2011, s. 30 [pdf av
innlegget]. |
Språk og blanda kort
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
Beklagar, Bjørn Kristen Ørbæk, men du blanda igjen
korta då du skreiv om SV og Noregs mållag i Hamar
Arbeiderblad 4. april og Hamar Dagblad 7. april.
Sidan du sjølv driv aktivt med å prøve å påverke
politikarar og folk flest, trur du nok at slikt
arbeid er ein stor maktfaktor, og du påstår igjen at
det er Noregs mållag som har eit eller anna tak på
politikarane, i dette tilfellet i SV. Det ville vere
det same som å påstå at Norsk språkforening, som på
mange måtar er ”din” organisasjon, har eit tak på
Høgre og FrP. Eg veit ikkje om du ville vere einig i
ein slik påstand. Men ut ifrå mitt perspektiv er det
no eit godt stykke å gå ifrå at mållaget roser SV
for eit vedtak om å sikre læremiddel på bokmål og
nynorsk til same tid og same pris, og derifrå å
påstå at det er mållaget som har tvinga SV til å
tenkje demokratisk. Eller meiner du faktisk at
nynorske læremiddel burde vere dyrare og
vanskelegare tilgjengelege enn dei same læremidla på
bokmål? Eg har lurt på di oppfatning av demokrati og
likestilling før, men i så fall ville eg verkeleg
vere uroa.
Hovudpoenget ditt, slik eg tolkar utspelet ditt denne gongen, er nok
likevel at du og ”det store flertallet av det norske folk”, som du
stadig meiner du skal gøyme dine meiningar bak, ikkje trur at
opplæring i bokmål i nynorskområde gjev dårlegare integrering, slik
altså leiaren i Noregs mållag hevdar. Du og dei uspesifiserte andre
meiner tydelegvis at ein innvandrar ikkje skal kunne lære nynorsk i
det heile.
Eg vil igjen poengtere at slike pedagogiske spørsmål kanskje ikkje
burde vere opp til kva folk på gata ”meiner”. Du skriv jo sjølv med
jamne mellomrom at nynorsk er eit ”vestnorsk særspråk”. Men dersom
altså nokre av desse ”særkommunane” på Vestlandet skulle finne på å
ta imot flyktningar, så meiner du dei skal lære ”sidemålet”, dvs.
bokmål, i staden for det ”særspråket” som då faktisk blir brukt både
i all offentleg kommunikasjon i desse områda, og det skriftspråket
som stemmer best med talemålet til folk rundt dei? Du har jo prøvd å
ekskludere nynorskområda frå noregskartet før, men her lurer eg
verkeleg på kven som har mista ”realistisk sans”, som du skriv. Eit
faktum – uavhengig av kva du og det norske folk meiner – er at mange
innvandrarar på Vestlandet faktisk reagerer på at dei lærer bokmål
på norskkursa, mens all kommunikasjon utanfor skolen er på nynorsk
og vestnorsk talemål. Du prøver jo ofte å framstå som om du taler
innvandrarane si sak, men du som spør skoleelevar om hovudmål og
sidemål, kunne jo kanskje ta deg ein tur til Vestlandet og spørje
kva innvandrarane sjølve ønskjer, før du prøver å lage ein politikk
for dei. Men uansett har ikkje SV gjort noko anna enn gå inn for at
læremiddel skal vere tilgjengelege samtidig og koste like mykje
uavhengig av målform. Dette er vanleg demokratisk tenking, og
strengt teke burde det vel ikkje vere behov for nokon politiske
vedtak for å sikre vanleg likestilling heller. |