Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Fløyte på rømmen”. Hamar Dagblad, 14.04.2011, s. 21.  [>pdf av denne artikkelen]

Fløyte på rømmen
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Når eg skriv om språklege fenomen, gjer eg ofte eit poeng av likskapen innanfor dei germanske språka. Det er gjerne først og fremst engelsk og tysk eg samanliknar med norsk, i tillegg til svensk og dansk, sidan det er desse språka dei fleste kjenner litt til.

Ein dag eg køyrde ifrå Lillehammer (Litlehamar) til Hamar saman med språkkollega Tormod, fekk eg ei innføring i gammal fløyte- og tømmerkultur. Verbet ”fløyte” heng sjølvsagt saman med at ein fekk tømmeret til å flyte nedover elva. Derifrå kom vi på substantivet ”fløyte” (bm. fløte), som er feittet som flyt oppå mjølka, og som vi gjerne piskar til krem. I denne samanhengen kan ein òg bruke verbet fløyte med tydinga ”skumme av”. Ein kan då fløyte / skumme av mjølk, rømme eller feitt. Dette var jo relativt logisk, og vi var godt nøgde med at språkverda var harmonisk.

Men – plutseleg blei det kaos i orduniverset! For engelskmennene seier jo ”cream” (jf. kremfløyte), mens tyskarane seier ”Sahne”, svenskane seier ”grädde”, islendingane seier ”rjómi”, og nederlendarane seier ”room”. Det er berre danskane som seier ”fløde”. Nei og nei, kvar blei det av det germanske fellesskapet her?

Islendingane og nederlendarane bruker ”rjómi” og ”room”. Dette ordet svarer i norsk til ”rømme” (eller ”rjome” som klammerform). I norsk bruker vi rømme først og fremst om sur, tjukk fløyte. Nokon seier då også ”surrømme”. Tyskarane har ordet ”Sauerrahm”, som på nederlandsk blir til ”zure room”. Tilsvarande kan tyskarane også seie ”saure Sahne” og engelskmennene ”sour cream”.

Det ordet som er felles i det germanske området, er altså ”rømme”, som vi har som rjómi, room og Rahm i islandsk, nederlandsk og tysk. I engelske dialektar finn ein visstnok også ”ream”, og i nokre tyske dialektar ”Raum”. Svenske dialektar har også ”rømme” og ”råm”. Etymologane, som t.d. Alf Torp, reknar med at ordet stamma frå ei opphavleg form *raugma eller *reugma. I avestisk og nypersisk svarer desse formene til tydinga ”smør”. DTV  si etymologiske ordbok tviler derimot på denne samanhengen og trur meir på eit gammalengelsk ord ”reoma”, som tydde tynn hud. Dette knyt ein då til ei ordrot *reu-, som har å gjere med tydinga rive, grave. Eventuelt kan ordet også henge saman med ei liknande indogermansk rot som tydde ”flyte”, og då er ein tilbake til ”fløyte”.

Det tyske ordet ”Sahne” er elles lånt frå gammalfransk ”saime”, som opphavleg tydde dyrefeitt. Engelsk ”cream” er òg lånt frå fransk, og er visstnok ei samanblanding av to ord med ulikt opphav, ”crama” (fløyte) på den eine sida og ”chrisma” (salve) på den andre. Det svenske ordet ”grädde” på si side ser iføgje Svenska Akadamiens ordbok ut til å hengje saman med eldre dansk ”greddel” eller ”gridle”, som tyder tynn hinne. Personleg hadde eg håpa å finne ut at ”rømme” eller ”rjome” hadde å gjere med at ein gjerne lagar ost og smør i spesielle former, ”rom”, og at eg kunne relatere ”grädde” til at ein ”greidde” fløyten av mjølka. Men her var eg nok på tynn is. Tynn hud er tydinga, og dermed gjekk heile forklaringa mi fløyten.