Då eg skreiv om tyren i Hamar
Dagblad 24. mars, kom eg også til å tenkje på det
engelske og tyske (og danske) bull/Bulle.
Gammalnorsk hadde ordet ”boli” for tyr og okse, og
ordet står framleis som ”bol” i Alf Torp si
etymologiske ordbok, mens det ikkje lenger finst i
Bokmålsordboka og Nynorskordboka i dag. Ordet ”bol”
i hankjønn (av gammalnorsk bolr/bulr) står berre
oppført med tydingane kropp utan lemmer, trestamme
utan greiner eller som ”bolung”, dvs. bolen på ein
genser. Men bull og Bulle er levande ord i engelsk
og tysk. I tysk skil ein mellom Bulle som avlsokse
og Ochse, som faktisk er kastrert og dermed ikkje
eignar seg mykje til avl.
Det tyske ordet Bulle liknar jo
litt på norsk bulle og bolle, og det er ikkje så
rart. Det er nemleg ein samanheng mellom alle desse
orda. Ein bulle blir brukt om eit skriftleg påbod
frå paven (jf. også bulleteng, offisiell melding),
men tyder eigentleg blære eller boble og referer til
seglet ein sette på meldinga. Ein bolle (gammalnorsk
bolli) er ei skål, og den er rund. Rund er også
ballen, likeins bollen som vi et som bakverk.
Orda ball, bolle, bulle m.fl.
går alle tilbake til ei indogermansk ordrot *bhel-
med tydinga å blåse eller svelle opp, eller å vere
oppblåsen (dvs. ofte rund). I slekt med dette er
sjølvsagt også ordet belg, som i blåsebelg,
belgfrukt, pose/sekk eller buk m.fl. Engelsk har
ordet belly for buk/mage. Tysk har elles Bällchen
for små ballar, mens engelsk har bollocks for
testiklar. Det er ikkje vanskeleg å sjå likskapen
med gresk phallos, som òg er med i dette biletet,
men som gav namn til ein annan svulmande kroppsdel.
Ein trur generelt at det er ut ifrå den tydinga
tyren fekk namnet boli eller Bulle/bull, dvs.
avlsokse.
Eg håpar ikkje denne korte
språkreisa har ført til at nokon har mista lysta på
ferske bollar, eller at ein ikkje tør å sparke i
fotballen lenger. Eg spela berre som vanleg litt
ball med ord.