Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Språkkrutt og Norsk i hundre”. Hamar Dagblad, 31.03.2011, s. 32.  [>pdf av denne artikkelen].
Kommentar til Andor Normann: "'Språkfut' mot 'Kattastut'". Hamar Dagblad, 24.03.2011, s. 17. [pdf]

Språkkrutt og Norsk i hundre
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Andor Normann svarte meg svært så elegant i Hamar Dagblad 24.3. Eg er glad for at det litle ordspelet mitt (”språkstuten” vs. ”kattastuten”) blei teke med eit smil, sidan eg ikkje på nokon som helst måte har som intensjon å fornærme nokon. Så eg takkar for ein velvillig debatt så langt. Kanskje det er den same dialektale bakgrunnen vår som gjer at vi kan tillate oss å bruke slike uttrykk.

Men det mest ”elegante” med Normann sitt svar var kanskje korleis han klarte å ta det eg skreiv, til inntekt for sitt eige politiske syn. Sjølv om eg var klar over då eg skreiv den (mis-)brukte setninga: ”Men dersom noko parti skulle føreslå å foreine bokmål og nynorsk til eitt felles skriftspråk, norsk, med stor mogleg variasjon i begge retningane, skal eg vere den første til å stemme på eit slikt forslag.” at dette ville kunne mistolkast eller misbrukast, håpa eg på at ein ville setje dette i rett perspektiv, noko som Andor Normann ikkje gjorde. Men det var ein elegant vri, som sagt.

Eg støttar på ingen måte eit parti eller ein politikk som er så kultur- og individfiendtleg at det vil fjerne skriftvariantar som nettopp tek utgangspunkt i det som Normann og andre kallar for ”ekte vare” som har vakse fram ”i ulike regioner gjennom århundrene”. Det er ei stor gåte for meg korleis Normann, Ørbæk og andre kan halde fast på og i det uendelege gjenta påstandane  om at det er bokmålet som er det einaste ekte norske språket, mens nynorsk skal vere eit kunstig språk og til og med eit ”abrakadabra” ifølgje Normann. Eg lurer på om dei same dansk-norsk-protagonistane hadde vore like bastante i sine påstandar dersom det hadde vore tysk som hadde blitt administrasjonsspråket i Noreg, og ein i ettertid hadde prøvd litt etter litt å tilpasse tysk til norsk ved å endre på rettskrivinga og tillate visse ord over ein hundreårsperiode. Det hadde nok ikkje vore mykje motstand mot å bruke det munnlege språket ein faktisk prata i Noreg, og lage eit skriftspråk ut av det. Det er interessant korleis ein vel å sjå bort ifrå språkhistoriske fakta når ein vel standpunkt i språkdebatten i dag.

Når Normann og Ørbæk og andre roser visse parti for å ha teke eit standpunkt, nemleg å setje språksituasjonen på dagsorden, referer dei til populistiske standpunkt som å fjerne nynorsk, anten som sidemål i skolen, eller eventuelt heilt som offisielt skriftspråk. Normann ber Arbeidarpartiet om å ta opp språksaka på neste landsmøte. Eg kan då orientere Normann og andre om at det faktisk føreligg eit utmerka strategidokument for språksituasjonen som den raud-grøne regjeringa har arbeidd ut ifrå i mange år.

”Norsk i hundre” er eit dokument på heile 192 sider utarbeidd av Språkrådet i 2005. Som eit resultat av dette fekk ein Stortingsmelding 35, 2007-2008, ”Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk” på 266 sider. Sjølvsagt vil dette vere altfor mykje tekst å lese og fordøye for nokon som går for lettvinte løysingar og parolar som ”sel”, slik som ”billigare bensin”, ”restriktiv innvandring” eller ”valfritt sidemål”. Vi har faktisk ein politikk som set seg over slike debattar om anten bokmål eller nynorsk. ”Ja, takk, begge delar” er faktisk ein mykje betre veg å gå i denne samanhengen. 

Både bokmål og nynorsk er ”norsk”. Det er dei to offisielle skriftspråka vi har i Noreg, og begge er dermed likeverdige og like norske, og saman representerer dei mangfaldet i norsk språk og kultur. Om eg eller Andor Normann pratar nordlending her på Hedmarka, er vel heller ikkje lenger grunn nok til å nekte oss hybel eller jobb. Staten har ifølgje ”Norsk i hundre” som overordna mål ”å sikra norsk (nynorsk og bokmål) som det samfunnsberande nasjonalspråket i Noreg”. Det skal altså i utgangspunktet vere hipp som happ kva målform den enkelte av oss bruker.

Men Norsk i hundre slår òg fast: ”Det må også vera eit overordna mål å sikra både bokmål og nynorsk som fullverdige bruksspråk i samfunnet. Det inneber å leggja forholda spesielt til rette for nynorsk som mindretalsspråk. Spissformulert kan ein seia at så lenge nynorsk og bokmål ikkje er fullt likestilte, kan ikkje norsk, forstått som to likestilte målformer, seiast å vera fullt ut samfunnsberande.”

Eg meiner at utspela til Normann, Ørbæk og mange, mange andre nynorskmotstandarar i praksis motarbeider ein politikk der ein ønskjer å skape eit inkluderande samfunn basert på norsk språk og kultur. Dersom eg skulle gje eit råd til politikarane, ville det vere å lese dei 192 sidene i ”Norsk i hundre” før ein snekrar i hop eit partiprogram som ein meiner vil kunne trekkje stemmar. Å drive rikspolitikk handlar trass alt om meir enn lettvinte løysingar og billig bensin eller litt mindre skolepensum i enkeltfag. Men innimellom kan ein jo lure på om kanskje nynorsken òg skulle bli privatisert etter kvart.

Kva med Adecco? Kanskje dei burde satse på å leige ut kvalifiserte nynorsklærarar? Det kan jo hende at det er dét som ville vere den beste løysinga for å betre nynorskkompetansen og -toleransen. Ka du sei, Andor Normann? Trur du AP vil høyr på me dersom e sende dem ein kopi av detta innlegget? Vi treng vel nån tusen dialektlærara òg med det same, vesst det ska bli noka fart i dialekt som ”sidemål” i skolen? Ka du trur?